Stillingsstopp i Sentraladministrasjonen

Det er innført full stillingsstopp i Sentraladministrasjonen. Dette er truleg det mest dramatiske i universitetsbudsjettet for 2001. Fagforeiningane ved UiO blei ikkje orientert på førehand, og dei har difor bede om eit oppklaringsmøte med universitetsdirektøren. Kollegiet vedtok budsjettet denne veka.

Fagforeiningane ved UiO skal ha eit oppklaringsmøte med universitetsdirektør Tor Saglie (biletet) i samband med innføringa av stillingsstopp i Sentraladministrasjonen.
Foto: Ståle Skogstad

I Sentraladministrasjonen er det altså innført full tilsetjingsstopp. Alle utlysingar og påbyrja tilsetjingar skal difor godkjennast av universitetsdirektøren. Bakgrunnen for dette er at ein gjennomgang av avdelingane i Sentraladministrasjonen viser at det fleire stader er avvik mellom tilgjengelege lønsmidlar og det faktiske talet på tilsette. Det vil bli sett nærare på om det er mogleg å omplassera stillingar til fakultet og institutt, står det i årsplanen frå universitetsdirektøren. Men fagforeiningane ved UiO blei ikkje varsla før dette tiltaket blei sett i verk.

- Det likar me dårleg, og både NTL, Forskarforbundet og 2 FO (tidl. LUHF) skal difor ha eit møte med universitetsdirektøren førstkomande måndag. Då ynskjer me å få vita korleis universitetsleiinga har tenkt at dei tilsette i Sentraladministrasjonen skal løysa alle oppgåvene som ligg framfor oss, seier hovudtillitsvalt Anita Solhaug i NTL. Også hovudtillitsvalt Eirik Rikardsen i Forskarforbundet er opptatt av dette.

- Stillingsstoppen må ikkje føra til at det blir enda meir å gjera på kvar einskild tilsett i Sentraladministrasjonen. Det er også kritikkverdig at fagforeiningane ikkje blei orienterte før universitetsdirektøren sette i verk stillingsstoppen, seier han.

Mindre kutt

Dei tidlegare varsla innsparingane ved Universitetet i Oslo blir truleg ikkje så alvorlege som tidlegare varsla, sidan budsjettforliket mellom Arbeidarpartiet og sentrumspartia gav UiO 84 millionar kroner ekstra. Fordelinga av desse pengane skal skje i kollegiemøtet 20. februar neste år. Universitetsdirektøren går inn for at det generelle kuttet då blir ståande, men at kuttet som er knytt til studieplasskuttet på 494 plassar for 2001 blir dempa.

Nettobudsjettering og internhusleige

Frå neste år blir det også innført nettobudsjettering og internhusleige ved Universitetet i Oslo. Prisane for dei ymse lokala skal bli 250 kroner per kvm for kjellar/lager, 800 kroner per kvm for kontor og 1240 kroner per kvm for laboratorium. Kollegiet opnar også for å tilby ledige lokale for marknadsleige til private, dersom det er ynskjeleg av faglege grunnar. Universitetsdirektøren varslar også ei vidare satsing på omstillingstiltak som prosjekta knytte til IKT-basert læring, problembasert læring, studierevisjonar og utvikling av tverrfaglege studietilbod. I årsplanen blir det også lista opp fleire mål for å oppnå betre vilkår for forskarane ved UiO og for å heva kvaliteten på forskinga.

Klarsignal for mentorprogrammet

Av likestillingstiltak er det no klart at mentorprogrammet for kvinnelege stipendiatar og postdoktorstipendiatar blir starta opp i 2001. Det er sett av 50 000 kroner årleg i driftsmidlar til dette programmet. Pengar til løn kjem utanom.

I framlegget til universitetsbudsjett er det også lagt inn ein ekstrapott frå KUF på 142,1 millionar kroner. Dette er pengar som skal gå til innbetaling i Statens Pensjonskasse som ein direkte fylgje av at det blir innført nettobudsjettering ved UiO frå nyttår. Det samla universitetsbudsjettet for 2001 er på 2 196 746 000
(2,196 milliardar) kroner og blir fordelt slik mellom einingane:

Samla framlegg
Fakulteta
Det teologiske fak. 20 051 000
Det juridiske fak. 109 950 000
Det medisinske fak. 291 157 000
Det historisk-filosofiske fak. 295 156 000
Det mat.-naturvitsk. fak. 450 563 000
Det odontologiske fak. 117 117 000
Det samfunnsvitsk. fak. 166 712 000
Det utdanningsvitsk. fak. 107 843 000
Sum fakulteta 1 558 549 000

Universitetsmusea

Dei kulturhistoriske musea 31 123 000
Dei naturhistoriske musea 53 351 000
Sum universitetsmusea 84 474 000

Sum sentra 23 951 000

Universitetsbiblioteket 135 678 000
Teknisk avdeling 111 178 000
USIT 78 780 000
Sentraladministrasjonen 73 026 000
Fellesstiltak 87 179 000
Studentsamskipnaden i Oslo 18 345 000
Studentparlamentet 853 000
Sum støttefunksj. 505 039 000
Reserve 24 733 000

Fagmiljø 1 666 974 000
Støttefunksjonar 529 772 000

Sum totalt(nettoløyving 2 196 746 000

Emneord: Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 14. des. 2000 13:38 - Sist endra 10. des. 2008 15:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere