Ibsensenteret er flytta inn i Observatoriet

Senter for Ibsen-studiar er no flytta inn i Observatoriebygningen. Tysdag 21. november blei Observatoriebygningen høgtideleg opna igjen av rektor Kaare R. Norum og nestleiar i Anders Jahres humanitære stiftelse, biskop Sigurd Osberg.

- Det er klart det er ein stor dag for Ibsensenteret å ha flytta inn i Observatoriet, seier senterleiar Astrid Sæther.
Foto: Ståle Skogstad

Det var ein glad senterleiar Astrid Sæther, Uniforum trefte like før den offisielle markeringa av at Senter for Ibsen-studiar er flytta inn i den nyrestaurerte Observatoriebygningen.

- Det er klart dette er ein stor dag for oss, seier både ho og professor Vigdis Ystad, som leiar det store nasjonale forskingsprosjektet Henrik Ibsens skrifter. Det er desse to kvinnene som stod i fremste rekkje i arbeidet med å få flytta Ibsensenteret inn i Observatoriebygningen. Dei klarte også å få vekt interessa til styret for Anders Jahres humanitære stiftelse. For det var pengegåva på til saman 10 millionar kroner frå Jahrestiftelsen, som gjorde det mogleg å setja i gang med restaurereringsarbeidet av Observatoriebygningen, som er Noregs eldste universitetsbygning.

Første forskingsbygning

Den er også den første bygningen i Noreg som er bygd for forsking. Observatoriebygningen blei teikna av arkitekt Christian Heinrich Grosch i empirestil og stod ferdig i 1833. Då flytta den norske astronomen og geofysikaren Christoffer Hansteen inn med heile familien sin. Han var også redaktør for den norske almanakken som Universitetet i Oslo framleis har ansvaret for å gi ut kvart år. Hansteen var også faren til kvinnesakskvinna Aasta Hansteen, som er modell for Lona Hessel i Ibsens drama "Samfunnets støtter."

- Det er svært bra at tradisjonen med djerve og sterke kvinner blir fylgt opp i dette huset av senterleiar Astrid Sæther og prosjektleiar for Henrik Ibsens skrifter, Vigdis Ystad. Samtidig vil eg rosa Observatoriets venner og fagmiljøet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet for det dei har gjort for at bygningen og historia til bygningen skulle bli tatt vare på, sa rektor Kaare R. Norum i opningstalen sin. Han takka også Jahrestiftelsen for pengegåva som førte til at det gjekk fortgang i arbeidet med å få etablert Ibsensenteret i Observatoriebygningen.

Framsynt skipsreiar
Nestleiar i styret for Jahrestiftelsen, biskop Sigurd Osberg trekte fram namnet til skipsreiar Anders Jahre frå Sandefjord som var så framsynt at han etablerte ei stifting for fremjing av medisinsk forsking og ei humanitær stifting til støtte av større kulturprosjekt.

- Dei 8 millionar kronene styret løyvde i utgangspunktet er blitt til 10 millionar kroner etter at det kom ein del utgifter me ikkje hadde kalkulert med på førehand. No håpar me at det ikkje kjem fleire kostnadsoverslag, understreka han. - Det uroa oss i styret ein del i byrjinga at det såg ut som om Jahrestiftelsen hadde løyvd pengar til nok eit museum i hovudstaden. Det me ynskte var nemleg å gi Ibsensenteret ei trygg framtid. Og det håpar me at dei vil få dei neste 10 åra i denne bygningen, sa Osberg.

Råte i golvet

Årsaka til at restaureringa av bygningen kosta to millionar kroner meir enn rekna ut, var at det blei funne råte i golvplankane.
- Det førte til at me måtte skifta ut heile golvet og isolera det, fortel arkitekt Gunhild Volden i Arkitektene Thorenfeldt til Uniforum.

- Dei opprinnelege fargane i huset fann me fram til i samarbeid med Norsk institutt for kulturminneforsking(NIKU). Difor kunne me også opna på nytt dei opprinnelege dørane i bygningen. Dermed er 1. og 2. etasje restaurerte med same planløysing som då bygningen var ny. Det einaste som er nytt i bygningen er at det er bygd eit toalettanlegg og eit elektrisitetsrom i kjellaren, seier Volden, som har sett stor pris på samarbeidet med Riksantikvaren.
- Det har vore svært lærerikt, synest ho.

Bygningen skal også gi rom for museale formål knytt til Observatoriebygningens historie. Den var observatorium fram til 1934, då bygningen først husa Norsk polarinstitutt og seinare Norsk musikksamling ved Universitetsbiblioteket i Oslo.

Ibsensenteret som no er flytta inn i størstedelen av bygningen, blei oppretta i 1992. Det er organisert under Det historisk-filosofiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Oppgåva til senteret er å leggja forholda til rette for forsking og kunnskapsformidling om Henrik Ibsen og forfatterskapen hans. Det store nasjonale forskingsprosjektet "Henrik Ibsens skrifter", som tar sikte å laga og gi ut ei ny historisk-kritisk og kommentert utgåve av alle Henrik Ibsens skrifter, både trykte og utrykte, er også knytt til senteret.

Emneord: Observatoriet Av Martin Toft
Publisert 21. nov. 2000 18:02 - Sist endra 10. des. 2008 15:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere