Etterspurt yrke, ingen jobbtilbod

Abdel Burkan er NTNU-godkjent sivilingeniør. Trass i ingeniørmangel i Noreg går han likevel arbeidsledig. - Eg føler meg diskriminert på arbeidsmarknaden både på grunn av at eg er utlending, har rart namn og rar utsjånad, seier Burkan.

Sivilingeniør Abdel Burkan får ingen tilbod om ingeniørjobb i Norge, trass i ingeniørmangel.
Foto: Ståle Skogstad

For palestinaren Abdel Burkan frå Jerusalem har vegen til Noreg vore lang, men kronglete blei den ikkje før han kom hit i 1994. Først utdanna han seg som prosess- og kjemiingeniør ved Sivilingeniørutdanninga i Tuzla i Bosnia-Herzegovina før eventyrlysta brakte han til San Francisco i USA der kjærleiken til ei norsk kvinne førte han til Noreg.

Men å ha eit etterspurt yrke, vil ikkje seia det same som at norske arbeidsgjevarar tilset ein person med eit utanlandsk namn og som i utsjånad skiljer seg ut frå etniske nordmenn. Då hjelper det heller ikkje at denne personen kan både arabisk, serbokroatisk, engelsk og norsk.

350 jobbsøknader

- Sidan 1994 har eg sendt inn over 350 søknader på ingeniørstillingar. Det første eg gjorde då eg kom hit, var å få vitnemåla mine godkjent. To dagar seinare såg eg at Dyno Industrier lyste ut ein ledig jobb som prosessingeniør, og eg ringte med ein gong dit for å høyra om eg kunne få ein samtale med ein av sjefane der om den aktuelle stillinga. Det blei eg nekta, og eg blei heller ikkje kalla inn til intervju, sjølv om administrasjonsspråket i selskapet er engelsk, minnest han.

Til slutt fekk han jobb som sekretær i Helsevernetaten i Oslo kommune. Seinare blei han kalla inn til intervju i samband med ein korttidsjobb i Norsk Hydro. Den jobben fekk han, og han kunne sikkert også ha halde fram i den jobben om han ikkje hadde fått tilbod frå Flyktningerådet om å vera observatør i Hebron i Det palestinske sjølvstyreområdet. Der var han fram til nyttårsskiftet i år.

Ingen jobbintervju

- Det var eit oppdrag som eg hadde spesiell bakgrunn for å kunna gå inn i. Så då sjansen baud seg, kunne eg sjølvsagt ikkje seia nei til det tilbodet. Røynsla mi har i alle fall vist meg at kvar gong eg har vore inne til intervju, får eg jobben. Problemet for meg det siste året er at eg aldri har blitt kalla inn til jobbintervju, fortel han. I dag har han praksisplass som webdesignar ved Senter for studiar av teknologi, innovasjon og kultur i Forskingsparken i Gaustadbekkdalen. Ein jobb som eigentleg ikkje har noko å gjera med utdanninga hans som prosess- og kjemiingeniør.

- Eg tok likevel imot denne jobben, då eg fekk tilbod om den på grunn av ei spesiell oppleving eg hadde med sonen min. Ein dag spurte han meg nemleg kva eg var for noko, og eg svarte som sant var at eg var sivilingeniør. Så spurte han meg kva jobb eg hadde, og det spørsmålet kunne eg ikkje svara på for då hadde eg ingen jobb. Då byrja tårene å pipla fram hos meg, og eg bestemte meg for å ta imot tilbodet om praksisplass frå Arbeidskontoret med ein gong eg fekk det. Difor sit eg her på TIK og utviklar webdesign, sjølv om eg ikkje er nøgd med denne situasjonen.

Forbigått

- Eg kjenner meg rett og slett forbigått av arbeidsgjevarane som no ynskjer å importera ingeniørar frå andre land, trass i at det er mange utanlandske ingeniørar i Noreg som framleis ikkje har fått jobb. Dei vil jo også ha folk som kan fleire språk, og også det kravet fyller eg sidan eg både snakkar arabisk, serbokroatisk, engelsk og norsk, konstaterer Burkan. Han viser til at dette er eit krav som ikkje gjeld engelsktalande ingeniørar.

- Dei treng ikkje ein gong læra seg norsk for å bli tilsette i Norsk Hydro. Difor reknar eg dette som funksjonell diskriminering. Mitt inntrykk er at dei ikkje ynskjer å tilsetja meg sidan eg skiljer meg ut både når det gjeld namn, utsjånad, språk og opphavsland.

Arroganse

I dag fungerer direktør Tian Sørhaug ved Senter for studiar av teknologi, innovasjon og kultur som sjefen til Abdel Burkan. Han har tidlegare jobba som forskar ved Arbeidsforskingsinstituttet. Han trur grunnen til at Burkan ikkje får jobb er eit utslag av arroganse frå arbeidsgjevarane si side.

- Dei ser framleis på norsk sivilingeniørutdanning som betre enn utanlandsk utdanning trass i alle dei gode vitnemåla og attestane til dei utanlandske ingeniørane, meiner Sørhaug, som også trur det er ein annan viktig grunn.

- Mange av arbeidsgjevarane er svært opptekne av dei uformelle sosiale relasjonane og seljarrolla sivilingeniørane ofte har i selskapet sitt. Dess meir "framandkulturell" ein arbeidssøkjar er, dess vanskelegare trur arbeidsgjevarane det vil vera for vedkomande å gå inn i denne rolla, seier Sørhaug. Han peikar på at dette også er tilfellet innanfor dei selskapa som reknar seg som mest internasjonale, nemleg dot.com-selskapa, også kjende som Internettselskapa.

- Desse selskapa skal liksom vera hippe og tolerante, men likevel ynskjer dei at folk skal fungera perfekt saman frå første arbeidsdag. Sørhaug er likevel optimistisk på dei utanlandske arbeidstakarane sine vegner.
- Denne nasjonale arrogansen og halvt umedvitne funksjonelle diskrimineringa trur eg vil forsvinna etter kvart som det kjem fleire og fleire nordmenn med utanlandsk utdanning. Det norske utdanningssystemet åleine vil heller ikkje vera i stand til å tilby dei nok ingeniørar, spår Sørhaug.

Den veka Uniforum intervjua Abdel Burkan og Tian Sørhaug var det registrert 411 ledige ingeniørjobbar i Noreg hos Arbeidsmarknadsetaten. Av desse var 105 sivilingeniørjobbar.

Emneord: Arbeidsmarkedet Av Martin Toft
Publisert 1. nov. 2000 11:22 - Sist endra 10. des. 2008 14:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere