UiO vil ha rektorperiode på fire år

Universitetet i Oslo vil framleis ha demokratiske rektorval og ynskjer å utvida rektorperioden til fire år. Det går fram av høyringsfråsegna om innstillinga til Mjøsutvalet om høgare utdanning og forsking i Noreg. Kollegiet handsama fråsegna tysdag 3. oktober, og gjekk inn for å endra ein del av innhaldet i framlegget før fråsegna blir sendt til KUF.

Står det gamle og tradisjonelle universitetet for fall eller vil alt bli som før også etter at innstillinga frå Mjøsutvalet er blitt handsama i Stortinget?
Foto: Ståle Skogstad

UiO ynskjer å organisera universitet og høgskular som forvaltingsorgan med særskilte fullmakter heller enn å lata dei bli eigne særlovselskap slik fleirtalet i Mjøsutvalet går inn for. Framlegget om å gi utdanningsinstitusjonane meir autonomi, støttar UiO, men meiner at det vil bli lettare å få gjennomført dette som forvaltingsorgan enn som eit statleg særlovselskap. Dette synest UiO minner meir om ei tilnærming til ein privatrettsleg organisasjonsform.

Universitetet i Oslo fryktar dessutan at dette framlegget kan få uynskte konsekvensar når det gjeld lovgjeving om statsstøtte, fri konkurranse, skattleggjing av forskingsverksemd, ytringsfridomen til forskarane, oppseiingsvernet til dei tilsette og pensjonsrettar. I tillegg understrekar fråsegna frå universitetet at det ser ein statleg organisasjonsform som ei naudsynt overbygging for å ta vare på universitetet sin funksjon som forvaltar av kunnskap i ein stor breidde av fag.

Særskilte fullmakter

Det sluttar seg samtidig til framlegget frå mindretalet til Mjøsutvalet om behovet for å utforma fullmakter på ein del område som til dømes:

- utvikling og oppretting av eigne utdanningstilbod
- utforming av studie-, evaluerings- og eksamens-ordningar
- fastsetjing av intern organisering,
- tilpassing av tilsetjings- og personalreglement etter institusjonen sitt behov
- oppbygging av fond, deltaking og oppretting av randsoneselskap og overføring av utbytte frå randsone til institusjon utan at dette påverkar finansieringsramma for andre inngåtte kontraktar

UiO foreslår dessutan å supplera denne lista med to ekstra punkt:
- sikring av interessene til institusjonen i patentlovgjevinga
- forhold knytt til drift og forvalting av bygningar og eigedom

Framleis demokratiske rektorval

Dessutan vil UiO at rektor framleis skal vera demokratisk valt blant dei vitskapleg tilsette og vera leiar for Det akademiske kollegium. Dessutan vil UiO utvida valperioden for både rektor og kollegierepresentantar frå tre til fire år. Men universitetet ser likevel at utveljinga av rektorkandidatar kan gjerast på ein annan måte enn i dag der kandidatane i praksis lanserer seg sjølve. Difor går UiO inn for å etablera ein eigen valkomité som kan få fram kandidatar med dei rette kvalifikasjonane.

I høyringsfråsegna går det også fram at UiO ynskjer ei tettare kopling mellom den sentrale leiinga og grunnmiljøa enn den som eksisterer i dag. Ei løysing kan vera at styret (Kollegiet) blir utvida med fleire vitskapleg tilsette, som til dømes dekanane, eller ved å styrkja den faglege staben til rektor gjennom etablering av fleire prorektorar i stillingar der dei blir oppnemnde av rektor. I slike posisjonar kan også dekanane vera aktuelle, blir det understreka.

Rektor skal framleis vera leiar for styret, medan universitetsdirektøren skal ha ansvaret for å førebu saker i nært samarbeid med rektor. Det øvste styringsorganet til universitetet må ha høg legitimitet, noko som gjer det naudsynt å ha eit fleirtal av vitskapleg personale. Difor går Kollegiet imot eksternt styrefleirtal ved høgskulane og universiteta.

Ny finansieringsmodell

UiO sluttar seg til framlegget om ein meir differensiert finansieringsmodell med eit klart skilje mellom løyvingar til utdannings- og forskingsformål. Universitetet i Oslo seier samtidig eit klart nei til framlegget om at kvar student skal bringa med seg ein fast pengesum eller "voucher" , som vil fylgja studenten frå den eine institusjonen til den andre. Dette meiner UiO vil gjera det vanskeleg å planleggja verksemda før kvart driftsår.

Det blir vist til at ei slik løysing vil skapa uklare rammevilkår for kvar institusjon. UiO stiller seg dessutan tvilande til at studentane vil velja studiestad på grunnlag av kunnskap om studiekvalitet åleine - og korleis denne kunnskapen skal kunna vera tilgjengeleg.

Fleire universitet? Nei takk!

Når det gjeld framlegget om å utvida talet på universitet i Noreg, går UiO imot dette. Kravet er at universitetsomgrepet i norsk utdanning berre blir reservert for institusjonar som representerer mangefasettert utdanning, grunnforsking på mange ulike område og forskaropplæring/doktorgradstildeling innan ein stor breidde av fag og disiplinar. UiO ser heller ikkje behovet for oppretting av eit Senter for evaluering og akkreditering.

Ja til ny gradsstruktur

UiO sluttar seg til framlegget om ein ny gradsstruktur med ei samla studietid på fem år, noko som svarar til den strukturen som eksisterer for cand.scient.-graden i matematisk-naturvitskaplege fag. I staden for den fire år lange cand.mag.-graden skal det innførast ein bachelor-grad på 3 ½ år. Deretter skal det bli mogleg å ta eit fordjupingsstudium på 1 ½ år som skal kunna ta vare på den faglege kvaliteten til hovudfaget.

I fråsegna går det klart fram at UiO ser positivt på eit system som sikrar at det blir lettare å få til studentflyt mellom institusjonane både nasjonalt og internasjonalt. UiO vil at nedkortinga av studietid skal kompenserast med betre og meir intensiv undervisning, tettare oppfylgjing av studentane og ei løpande evaluering for å sikra kvaliteten hos dei uteksaminerte kandidatane. Hovudelementa i ex.phil. og ex.fac. bør takast vare på fordi det vil gi studentane innføring i den type kritisk tenking som skal kjenneteikna eit universitetsstudium, står det i høyringsfråsegna frå UiO.

Og dette meiner fagforeiningane ved UiO:

Norsk tenestemannslag:
- vil oppretthalda ordninga med demokratiske rektorval.
- vil ikkje ha eksternt styrefleirtal for universiteta, men opnar for at andre institusjonar kan ha det
- går imot framlegget til fleirtalet om å gjera universitet og høgskular til særlovselskap, men støttar framlegget til mindretalet om å lata institusjonane bli forvaltingsorgan med særskilte fullmakter.
- går imot stykkprisfinansiering og ein pengesum (voucher) som fylgjer kvar student
- går inn for å dela inn grunnløyvinga i ein undervisnings- og ein forskingsdel
- går imot oppretting av fleire universitet
- vil framleis ha eit sterkast mogleg hovudfag, men går ikkje imot ei nedkorting
-
Forskarforbundet:
- vil ha eit styre på sju medlemar med eit fleirtal på fire eksterne medlemar oppnemnde av KUF etter nominasjon frå UiO. I tillegg skal styret vera samansett av ein student og to tilsette.
- støttar fleirtalet i Mjøsutvalet og meiner at rektor ikkje bør vera medlem av styret
- går inn for at utdanningsinstitusjonane skal organiserast som forvaltingsorgan med spesielle fullmakter
- ynskjer ikkje ei finansiering som er for sterkt knytt opp til valet til studentane. Foreslår difor ein reserve som kan fungera som buffer mot ei mogleg utarming av fagtilbod og lærarkrefter som kan oppstå i dårlege tider
- ser fordelane ved at ny gradsstruktur og nytt utdanningsløp gir studentane høve til å koma raskare ut i arbeidslivet

2 FO (LUHF)

- vil oppretthalda ordninga med demokratiske rektor- og kollegieval. Opnar for å utvida valperioden.
- vil at universitet og høgskulane skal vera organiserte som forvaltingsorgan
- går imot oppretting av nye universitet
- vil ha ei nærare utgreiing av eit mogleg skilje mellom forskings- og undervisningsløyvingane
- stiller seg kritisk til ny gradsstruktur og nedkorting av lågare og høgare grad og viser til at i land som det er naturleg å samanlikna Noreg med, har studentane heilt andre forkunnskapar før dei startar på eit universitetsstudium

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 2. okt. 2000 17:25 - Sist endra 10. des. 2008 16:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere