Frøydis Langmark ny styreleiar i Forskingsrådet

Direktør ved Kreftregisteret Frøydis Langmark blei i statsråd 6. oktober oppnemnt som ny leiar for hovudstyret i Noregs forskingsråd.

Styret har seks kvinnelege og fem mannlege medlemar. Frøydis Langmark overtar etter administrerande direktør, Halvor Stenstadvold, som leia hovudstyret i seks år. I det nye hovudstyret er det berre dagleg leiar Anne Breiby frå Ålesund som er med frå det gamle styret. Nestleiar i LO, Gerd Liv Valla, tidlegare leiar for Naturvernforbundet, Heidi Sørensen, biologiprofessor Dag O. Hessen frå Universitetet i Oslo, prorektor Rigmor Austgulen ved NTNU i Trondheim og forskingsdirektør Ingvild Broch frå Universitetet i Tromsø er dei mest kjende av dei nye styremedlemane. I tillegg har KUF oppnemnt konsernsjef Øyvind Lund frå Drammen, geologiprofessor Roy H. Gabrielsen frå Universitetet i Bergen, seniorrådgjevar Tom Scharning frå Oslo og høgskuledosent Knut Brautaset frå Grimstad.

Emneord: Forskningspolitikk
Publisert 9. okt. 2000 09:37 - Sist endra 10. des. 2008 15:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere