UiO startar sjølvevaluering

Kollegiet har gått inn for at sjølvevalueringa blir gjennomført i samsvar med formål og ambisjonsnivå slik det er presisert i framlegg til mandat for styringsgruppa.

UiOs øvste styrande organ ber også om at det blir etablert ein prosjektorganisasjon som får ansvaret for å gjennomføra sjølvevalueringa etter det opplegget som det er kome framlegg om og i samsvar med dei rammene Kollegiet set. Rektor får av Kollegiet fullmakt til å oppnemna styringsgruppe og fagkomitear i samsvar med dei synspunkta som kom fram på kollegiemøtet. Sjølvevalueringa av Universitetet i Oslo vil ha ei styringsgruppe leia av rektor Kaare R. Norum og sett saman av universitetsdirektør Tor Saglie og fagkomitéleiarane som alle skal vera vitskapleg tilsette, av dei ein dekan og ein styrar. Dei tre fagkomiteane skal arbeida med 1) UiO som heilskapleg organisasjon, 2) UiO som studieorganisasjon og 3) UiO som forskingsorganisasjon. I tillegg skal det vera ei prosjektgruppe leia av rådgjevar Olaug Kristine Ø. Bringager. Framdriftsplanen for sjølvevalueringa blei vedtatt av Kollegiet 5. september, og målet er at den skal bli avslutta innan desember 2001. Då vil den ferdige sjølvevalueringsrapporten bli lagt fram for Kollegiet for godkjenning.

Publisert 7. sep. 2000 16:09 - Sist endra 10. des. 2008 16:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere