- Avtalen gjer at det tyske industrikonsernet kan bruka
forskingssressursane ved UiO aktivt i staden for å byggja opp
ein eigen forskingsavdeling. Det sa ein av initiativtakarane
til samarbeidsavtalen, styrar ved Institutt for geologi,
professor Anders Elverhøi då avtalen endeleg var i boks. Også
rektor Kaare R. Norum var nøgd med at RWE hadde festa seg ved
det geologiske forskingsmiljøet ved UiO.
- Dette viser at UiO er eit universitet som tar konsekvensen
av at det er ein del av samfunnet. Grunnforskingsmiljøet og
industrien kan på denne måten ha gjensidig nytte av
kvarandre, sa Norum.
Ingen solefaseindustri
Formålet med avtalen er å styrkja samarbeidet mellom UiO og
petroleumsindustrien for å utvikla og betra kompetansen for
begge partar, spesielt retta mot forsking og utdanning innan
geologiske fagområde. Avtalen kan få mykje å seia for å gi
UiO og Oslo ein større plass i offshoresektoren.
Administrerande direktør for RWE-DEA Norge AS, Hugo Sandal,
understreka at oljeindustrien langt frå er ein
solefaseindustri.
- Kva andre næringar sysselset mellom 70 000 og 80 000
personar og skal investera 1000 milliardar kroner i løpet av
dei neste ti åra? spurte han retorisk.
- Nei, det er ingen næringsgrein som kan erstatta
oljeindustrien, meinte Sandal.
150 000 tilsette
Det tyske industrikonsernet RWE-DEA tél over 150 000 tilsette
og er det nest største gasselskapet i Tyskland. Delar av
selskapet er aktive innan kjemisk industri og petroleum.
Avtalen har sprunge ut av eit seminar i vår som blei
arrangert av Institutt for geologi. Denne avtalen er i tråd
med UiOs langtidsplan der målet blant anna er å auka
kontakten med næringslivet og bidra til den økonomiske
verdiskapinga i Noreg.
RWE-DEA Norge AS har som målsetjing å utvikla eigen og meir
langsiktig kunnskap og dermed leggja grunnlaget for framtidig
utdanning. Det er denne målsetjinga RWE-DEA ynskjer å
realisera i samarbeid med Universitetet i Oslo. Det er
allereie sett i gang fleire konkrete prosjekt, og partane
diskuterer no fleire nye framlegg til prosjekt.
Elverhøi understrekar at offshore-sektoren framleis vil ha
svært mykje å seia for norsk økonomi.
- Eg trur ikkje at det er i tråd med røyndomen når miljø
innan petroleumssektoren, både blant styresmaktene og ein del
forskingsmiljø nedtonar behovet for nyskaping.
Offshorebransjen er framleis svært levedyktig og Noreg vil i
lang tid framover vera ein oljenasjon, meiner han. Han ser
klart at RWE-DEA gjennom den store kompetansen sin innan
fleire område på norsk sokkel også vil gi instituttet viktige
faglege impulsar.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere