Kongen opna Rikshospitalet

Kong Harald opna det nye Rikshospitalet på Gaustad ved å sleppa ut fem brevduer som skulle flyga tilbake til dei fem helseregionane dei tilhøyrde. Samtidig kom nyhendet om at sluttfinansieringa av sjukehuset blir 700 millionar kroner meir enn tidlegare rekna med.

Desse dansarane heldt oppvisning under opninga av det nye Rikshospitalet.
Foto: Martin Toft

- Rikshospitalet har i alle åra det har eksistert, vore sin eigen pasient som nesten har blitt frisk, men aldri heilt. Med dette sitatet frå Torolf Elsters bok Rikets hospital, opna kong Harald det nye Rikshospitalet på Gaustad 22. september, før han sleppte ut fem duer som skulle flyga tilbake til kvar av dei fem helseregionane dei tilhøyrde.

Både helseminister Tore Tønne, rektor Kaare R. Norum og administrerande direktør Åge Danielsen ved Rikshospitalet kom inn på dei økonomiske problema og diskusjonen om det skulle byggjast eit heilt nytt sjukehus eller om det gamle Rikshospitalet skulle utvidast enda meir. Alle var einige om at det var ei lykkeleg løysing som blei valt, då Stortinget i 1992 vedtok å byggja sjukehuset på Gaustad i tilknyting til dei prekliniske institutta til Universitetet i Oslo. Ingen av talarane lét seg heller merka noko særleg av nyhendet om at Statsbygg hadde rekna ut at det ville kosta nye 700 millionar kroner å ferdigstilla Rikshospitalet.

Dermed vil den endelege byggjesummen koma opp i sju milliardar kroner. Då Stortinget vedtok å byggja nytt Rikshospital blei det kalkulert med ein byggjesum på 2,8 milliardar kroner.

Emneord: Rikshospitalet Av Martin Toft
Publisert 26. sep. 2000 15:37 - Sist endra 10. des. 2008 15:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere