Både rektor Kaare R. Norum og visepresident og
miljøvernminister Massoumeh Ebtekar kom med ynskje om
utveksling av både forskarar og studentar, ikkje minst innan
geologiske fag. Men også språkstudentar bør få høve til å ta
eit lengre opphald i Iran for å få pleia kunnskapane sine i
persisk/farsi, meinte visepresidenten. Ho viste dessutan stor
interesse for å koma fram til moglege løysingar på
ureiningsproblema i oljeindustrien, gjerne i samarbeid med
norske selskap.
- I eit oljerikt område i den sørlege delen av Iran, er
brenninga av boreslam blitt eit ureiningsproblem for byen som
ligg like ved oljefeltet. Dette ynskjer me å gjera noko med,
og difor vil me gjerne gjera oss nytte av norsk kompetanse på
dette området, sa ho.
Akademisk dialog
Den politiske utviklinga i Iran var ho også oppteken
av.
- Fram til no er det stort sett politikarane i Vesten og Iran
som har vore i kontakt med kvarandre for å få skapt eit betre
politisk klima. No er det på tide at akademikarar både i Iran
og i Vesten også kjem på bana og byrjar å pleia kontakt med
kvarandre. Det er naudsynt med ein akademisk dialog mellom
den vestlege og den islamske kulturen, presiserte ho. Sidan
ingen andre av dei som var til stades stilte henne spørsmålet
om korleis kvinnene i Iran har det i dag, både stilte ho
spørsmålet og gav svaret sjølv.
60 prosent kvinner
- For litt over 20 år sidan var berre kvar femte
universitetsstudent kvinne. I dag er over 60 prosent av alle
universitetsstudentane kvinner. Fleire og fleire kvinner har
etter kvart fått viktige posisjonar i Iran. Difor kan me seia
at det skjedd store framsteg når det gjeld posisjonen til
kvinnene i det iranske samfunnet, understreka ho.
- I løpet av dei siste åra har det blitt grunnlagt mange nye
aviser i Iran, og det har også vore store og viktige
kulturelle og politiske reformer. Kva vil skje med den
politiske utviklinga i Iran i framtida?
- Iran vil halda fram med ei demokratisk utvikling innanfor
eit religiøst rammeverk. Difor vil det bli både ytringsfridom
og politisk fridom i landet også i framtida, lova Irans
kvinnelege visepresident.
Logg inn for å kommentere