Ikkje kopier den svenske gradsstrukturen!

- Slett ikkje alt er bra ved det norske systemet for høgre universitetsutdanning. Men det tyder ikkje at vi skal endre det for endringa eller amerikaniseringa sin eigen skuld, seier Arne Melberg, professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo.

- Det er viktig å ta vare på dei viktigaste kvalitetane i hovudfaget, meiner professor Arne Melberg.
Foto: Ståle Skogstad

Med personnummer i alle dei tre skandinaviske landa kjenner han betre enn dei fleste tilhøva i humanistisk utdanning både i heimlandet Sverige, i Danmark der han har vore gjesteforskar, og altså i Noreg, der han arbeider til dagleg.

- Svenskane gjennomførte sin «Mjøs-reform» for rundt 30 år sidan. Då krympa dei hovudfaget til ein slags amerikansk «master». Er Noreg no i ferd med å starte den klassiske øvinga «herme etter svenskane sine feil»?

- Eg er redd for det, svarar Melberg og held fram: - Uroa mi gjeld især forskarutdanninga. Her har det gått heilt gale i Sverige dei aller siste åra, etter at ein byrja krevje at doktorgradsstudentane - dei som i Sverige kallast «doktorandar» - skal ha skaffa seg doktorgradsstipend. Slik er det i Noreg og Danmark òg, men her har vi teke vare på hovudfaget, som har mykje av forskarutdanninga i seg. Denne utdanningstypen ser no ut til å vere blokkert for svensk ungdom i minst ein generasjon framover.

- Men er det ikkje nettopp dette som er problemet: At vi i Noreg har eit hovudfag som utdannar altfor mange halv-forskarar?

- Nei, seier Melberg. - For ein ganske stor del av studentmassen er eit slikt studium av særs høg verdi. I tillegg til grunnutdanninga trengst studium der ein har tid til å tenke, vere kritisk og øve seg i vitskapleg skriving på ganske høgt nivå.

Forskarutdanning ikkje berre for forskarar

Slike studium er ingen luksus, meiner Melberg. «Forskarutdanning» gir ein kompetanse som er viktig på mange samfunnsområde. Ikkje alle som har doktorgraden, skal bli forskarar. Dei trengst i mange ulike yrke og roller.

- Kan ikkje då Noreg gjere som svenskane gjorde først: Avskaffe hovudfaget og gi studiefinansiering til dei som vil gå vidare med forskarutdanning?

- I og for seg gjerne. Det er ikkje så viktig kva ein kallar utdanninga, meiner Melberg. - Berre det finst eit ganske ope studium som tek vare på dei beste kvalitetane ved hovudfaget. Vårt institutt har eit hovudfagsmiljø med slike kvalitetar. Her finst mange dyktige og ivrige studentar som samarbeider og konkurrerer på same tid. Eitt resultat blir at det blir levert mange riktig gode avhandlingar, kan Melberg fortelje.

Det er slike miljø som ikkje må få lov til å bli slått ut med Mjøs-utvalet sitt badevatn, forstår vi Melberg rett.

Forsvar hovudfaget!

Den norske studiefinansieringa er allereie så dårleg at altfor mange hovudfagsstudentar berre studerer på deltid. Det er ikkje godt for miljøet, og her bør det gjerast noko radikalt. Det er lite realistisk å tenke seg at norske styresmakter både vil betre studiefinansieringa, innføre mastergrad og sørge for finansiering av doktorgradsstudier for alle som kvalifiserer seg. Difor landar Melberg på ei «forsvar hovudfaget»-line som kanskje kan synest konservativ.

- Slett ikkje alt er bra ved det norske systemet for høgre universitetsutdanning, innrømmer han. Men det tyder ikkje at vi skal endre det for endringa eller amerikaniseringa si eiga skuld.

- Kva vil du endre på i Noreg?

- Eg ser gjerne at vi får eit system med frammøteplikt i hovudfagsstudiet i staden for det bizarre eksamenssystemet. Og så bør undervisninga bli meir forskingsbasert. «Forskingsbasert undervisning» er eitt av slagorda frå det humboldtske universitetsidealet som Danmark og Noreg framleis har med både i arbeidsinstruksane og festtalane. For det fyrste blir undervisinga altfor mykje basert på pensumlistene, meiner Melberg.
- I staden skulle dei vore basert på kva lærarane til kvar tid forska på. Slik kunne lærarane opne forskingsverkstaden sin for studentane. For det andre bør forskingsinnsatsen blir langt meir synleg. I Sverige må universitetslærarane skrive søknader og skaffe forskingspengar for å kunne forske. I Danmark og Noreg har vi ei langt betre ordning som svenskane misunner oss: Her skal universitetslærarane nytte mest halvparten av arbeidstida til forskning. Men denne fridomen må ikkje bli ei sovepute. Dels bør altså forskinga bli meir synleg gjennom undervisninga. Dels må forskingsinnsatsen bli betre dokumentert. Etter mitt syn er det greitt at nokre lærarar prioriterar undervisning og administrasjon framfor forsking. Men dersom dei gjer det, bør dei kanskje ikkje ha ein sjølvsagt rett til forskingstermin, altså såkalla «sabbatsår».

Ruinmonument over mistru til universiteta

Melberg er stort sett høflig mot landet han no arbeider i. Men i ein artikkel i Göteborgsposten 14. mars i år, Avundsamma blickar Norden runt, er han ganske hard i omtalen av den norske haldninga til kulturinstitusjonar generelt og universitet spesielt:
Den norska «modellen» är långt ifrån problemfri. I Norge finns en inrotad politisk skepsis mot stora kulturella institutioner, i synnerhet om de befinner sig i huvudstaden, vilket markant skiljer ut Norge från grannländerna. Redan en promenad i respektive huvudstad visar hur mycket mer man satsar på den offentliga konsten och arkitekturen i både Köpenhamn och Stockholm jämført med Oslo. Mitt i den norska huvudstaden ligger universitetets gamla praktbyggnader, i ett pinsamt tillstånd av accelererande förfall, något som uppenbarligen inte bekymrar den norska statsmakten [...] De stackars norska husen är på god väg att bli ruinmonument över den misstro mot både universitet och kulturella institutioner, som vi på universiteten främst märker på pengarna.
[...]
För norska staten är universitetspolitiken underordnad regionernas och arbetsmarkandens behov vilket betyder att det egentligen inte finns någon universitetspolitik alls
.

Emneord: Universitetspolitikk Av Johan L. Tønnesson
Publisert 29. sep. 2000 15:42 - Sist endra 10. des. 2008 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere