Gir IBM skulda for LØP-rot
IBM står ikkje særleg høgt i kurs blant dei som har hatt prosjektansvaret for innføringa av LØP-systemet ved dei tre største norske universiteta. Det seier både økonomidirektør Stein Helgesen og assisterande personaldirektør Jan Thorsen. Begge gir IBM skulda for oppstartingsvanskane med det nye løns- og personalsystemet PR 2000.

- Det viktigaste no er å få eit stabilt løns- og
personalsystem ved Noregs teknisk-naturvitskaplege
universitet (NTNU) i Trondheim. Me vil ikkje risikera at dei
tilsette der enda ein gong opplever å få utbetalt løna si for
seint. Det seier nyleg avgått nasjonal prosjektleiar for
innføringa av LØP-systemet, Jan Thorsen, som også er
assisterande personaldirektør ved Universitetet i Oslo.
Det er grunnen til at prosjektgruppa har foreslått å utsetja
iverksetjinga av det nye løns- og personalsystemet PR 2000
ved UiO frå 1. mai 2001 til 1. januar 2002. Difor krevde dei
tre største fagforeiningane på UiO, Norsk Tenestemannslag,
Forskarforbundet og LUHF i eit møte med Stein Helgesen og Jan
Thorsen 22. august, at alle LØP-utgiftene blei lagde på
bordet.
LØP-prosjektet er inndelt i tre delprosjekt - økonomi,
innkjøp og lønn-/personal.
- Sluttrapport for innføring av økonomisystem og teknisk
iverksetjing av innkjøpsmodul er ferdig og blei oversendt
fagforeiningane før møtet 22. august i år. Desse to prosjekta
har ein samla nasjonal ekstern kostnad på høvesvis 28
millionar og 2 millionar kroner. Av dette er UiOs del på om
lag 13 millionar og 1 million kroner. I tillegg kjem bruk av
interne timar, som kun i liten grad er registrert på
prosjekta. Samla er innføringa av løns- og personalsystemet
PR rekna å kosta dei tre universiteta i Oslo, Bergen og
Trondheim 27 millionar kroner. Av dette vil UiOs del vera på
om lag 10 millionar kroner, seier Helgesen og Thorsen.
Nytt møte med fagforeiningane
- I løpet av denne månaden skal me kalla inn til nytt møte
med fagforeiningane, og då skal me gå nærare gjennom dei tre
prosjekta både med omsyn til å gi ein oversikt over dei
interne kostnadane og med å orientere om det vidare arbeidet
med dei, lovar Helgesen og Thorsen.
Når det gjeld kritikken om manglande opplæring av dei som
skal bruka det nye administrative datasystemet, viser
Helgesen til at det har vore gjennomført omfattande opplæring
i systemet, og at det er lagt planar for repeterande og
vidare opplæring. Det blir satsa på å få i gang den vidare
opplæringa så fort som mogleg.
- Fagforeiningane hevdar at det er gjeve opplæring i eit system som ikkje blir tatt i bruk. Dette er ikkje korrekt. I oktober 1997 var det mange tilsette som fekk opplæring i det valde økonomisystemet Oracle. Sjølvsagt er det seinare kome versjonsendringar av systemet, men dette gjer ikkje den opplæring som er gitt mindre nyttig. Vår filosofi er at opplæringa må vera så nær oppstartinga av systemet som mogleg, understrekar Helgesen.
Både Jan Thorsen og Stein Helgesen vedgår at brukar-terskelen
både for det nye økonomisystemet og det nye løns- og
personalsystemet PR 2000 er mykje høgare enn dei systema dei
erstattar.
- På den andre sida gir dagens system i større grad høve til
ei god oppfylgjing av verksemda på fleire nivå i
organisasjonen. Dette fører til at fleire enn før kjem i
direkte kontakt med systemet, og at behovet for differensiert
opplæring aukar, meiner dei.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere