- Eg har slutta med allergimedisin som nasespray og
antihistaminar etter at eg gjorde dette, fortel Walter Frøyen
til Uniforum. Deretter gjorde han det same hos styrar Knut
Tveit ved Pedagogisk forskingsinsitutt som også har fått
frisk luft på kontoret sitt. Seinare gjorde Frøyen det same
hos dei to tilsette i 5. etasje som var mest plaga av det
dårlege inneklimaet. I dag har alle, bortsett frå
stipendiaten Anne- Helene Utgaard, fått redusert
allergiplagene. Ho har utvikla astma etter at ho byrja som
stipendiat ved Pedagogisk forskingsinstitutt.
Hundekjøp
- Årsaka er det dårlege inneklimaet me har hatt, og astmaen
må eg diverre stri med resten av livet. Då hjelper det ikkje
meg så mykje at det no strøymer frisk luft inn på kontoret
mitt, men det er ingen tvil om at inneklimaet er blitt mykje
betre av at Frøyen drog i snora til ventilasjonsanlegget,
seier Utgaard. Det var planen om å kjøpa hund som først fekk
Frøyen til å allergitesta seg. Han fekk vita at han var den
personen legen hadde oppdaga minst snev av allergi på av alle
han hadde undersøkt. Dermed kunna han kjøpa seg hund. Men då
han byrja som stipendiat ved Pedagogisk forskingsinstitutt,
fekk han etter kvart allergiplager som kløe i augene og tett
nase.
Støvallergi
- Dermed måtte eg ta nasespray, antihistaminar og Paracet
Forte for å halda allergiplagene i sjakk. Då trudde eg først
at eg hadde utvikla allergi mot hund, men legen fann ut at eg
hadde utvikla ein kraftig støvallergi, fortel Frøyen. Han
oppdaga også at det var mange av dei andre stipendiatane og
tilsette som også sleit med allergi- og astmaproblem. Gjennom
alle dei seks åra bygningen har vore i bruk, har
HMS-seksjonen til UiO og Teknisk avdeling kome på mange
forskjellige ekspedisjonar for å finna ut kva som var i
vegen.
- Me møtte stor forståing, men det ser ut som om dei har
gjort lite og ingenting for å finna ut kvifor lufta var så
dårleg, seier Frøyen og Tveit. - Sympati er kortvarig medisin
mot allergi.
Drog i snora
Det var heilt tilfeldig at Frøyen fann ut at inneklimaet
kunne bli betre ved å dra i snora til
ventilasjonsanlegget.
- Ja, eg gjekk inn på kontoret og såg litt nærare på
tilluftsventilen. Eg la merke til at luka til ventilen peika
oppover i staden for nedover. Dermed blei ikkje lufta pressa
ned og ut i rommet. Difor tok eg ei saks og fekk opna luka.
Det var då eg oppdaga at det låg ei snor der. Eg drog i
snora, og straks fekk eg frisk luft rett i ansiktet, fortel
Frøyen, som først tenkte ikkje å fortelja nokon om
dette.
For dumt til å vera sant
- Eg syntest rett og slett det var for dumt til å vera sant.
Men då det nokre timar etterpå var frisk luft på heile
kontoret mitt, fann eg ut at eg måtte gjera det same på dei
andre kontora. Og det same skjedde der.
Det kan både professor Britt Ulstrup Engelsen, stipendiat
Anne-Helene Utgaard og styrar Knut Tveit ved Pedagogisk
forskingsinstitutt stadfesta. Og for å visa det i praksis,
tar Walter Frøyen med Uniforum på eit tomt kontor med
stilleståande luft, opnar tilluftsventilen med ei saks, finn
ei snor, drar i den, og med ein gong strøymer det frisk luft
inn på kontoret.
Hårreisande
- Dei første klagene på inneklimaet i Helga Engs hus kom
første dag etter opninga for seks år sidan. Dekan Bjørnar
Sarnes har bede oss om å leggja ved legeerklæring når me
sender inn klagene våre og det har me gjort. Like før Frøyen
gjorde oppdaginga si, så vurderte me å ta kontakt med
verneombodet sidan fire personar hadde fått allergiplager
etter at dei hadde byrja å arbeida ved dette instituttet,
fortel Tveit.
- Det er hårreisande at ingen frå Teknisk avdeling oppdaga
kva som var årsaka til det dårlege inneklimaet før me sjølve
fann det ut, meiner Tveit og Frøyen, som gjerne vil ha ei
forklaring frå dei ansvarlege.
Overraska over sjukdom
Teknisk sjef Kirsten Lindberg hadde ikkje venta at dei tilsette i Helga Engs hus hadde blitt sjuke på grunn av inneklimaet. Ho viser til at det blei laga ein eigen rapport om temperaturar og luftmengder i kontora i 5. etasje og i andre delar av huset få år etter at huset blei opna i 1994.
- Rapporten er frå 1996 og konkluderer med at forholda er
tilfredsstillande. Det er difor svært overraskande for oss i
Teknisk avdeling at dei tilsette er på randen av
sjukdomssamanbrot i dette nye huset. Me har mange gamle hus
der me veit at forholda er direkte dårlege eller
utilfredsstillande og prøver sjølvsagt å
konsentrera oss først og fremst om desse stadane, seier
Lindberg, som ikkje er særleg glad for at dei tilsette i
Helga Engs hus har byrja å dra i snorene frå
tilluftsventilane for å få frisk luft.
Ikkje dra i snora!
- I tilknyting til kvar tilluftsventil er det eit spjeld som
det er mogleg å justera luftmengda på. Under innreguleringa
av ventilasjonsanlegget blir spjeldreguleringa utført ved å
dra i snorene som heng saman med dette spjeldet. Når
innreguleringa er ferdig, blir snorene lagde tilbake opp i
kanalen. Når kvar og ein av dei tilsette no byrjar å dra i
snorene og dermed opna spjeldet til sin ventil for fullt, då
får denne personen rett nok meir luft, men naboen eller andre
i nærleiken får mindre luft. Dersom mange gjer dette, så er
anlegget til slutt heilt ute av balanse, seier Lindberg. Ho
lovar likevel å setja i gang nye målingar i dei aktuelle
kontora.
- Deretter vil me kalla saman brukarane til eit fellesmøte
for å orientera dei om
forholda og kva dei kan gjera for å betra sin eigen
situasjon.
Logg inn for å kommentere