Besøksadresse
NEMKO-bygningenGaustadalleen 30 D
Både studentar, akademikarar og journalistar blir arresterte og sette i fengsel i El Salvador i Mellom-Amerika. Frå eksil i Spania arbeider advokaten Ivania Berenice Cruz Cruz for å gjera heile verda merksam på menneskerettsbrota president Nayib Bukeles regjering står bak.
– Me tar jamleg opp situasjonen for menneskerettane i møta våre med indiske styresmakter, og me kjem til å halda fram med det, både på politisk nivå og på embetsnivå. Det seier statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik i Utanriksdepartementet til Uniforum.
– Oppgåva vår er å forholda oss til historia UiO ikkje har grunn til å vera stolt av. Det seier Hanne Hagtvedt Vik som leier utvalet som skal sjå på korleis UiO både kan bidra til forsoning og å retta opp i urett.
– Folk i Iran har levd under eit brutalt diktatur i 47 år, og no ynskjer dei å leva eit normalt liv. Diskusjonen skal derfor ikkje handla om leiaren skal vera med eller utan krone, seier Mahmood Amiry-Moghaddan. Han er leiar for Iran Human Rights og medisinprofessor ved Universitetet i Oslo.
Den palestinske legen Khamis Elessi frå Gaza kjem med eit godt råd til norske medisinstudentar. – Når dei får erfaring i å jobba som lege under ekstreme forhold, vil dei bli endå betre legar for dei framtidige pasientane sine når dei jobbar på ein stad med masse ressursar, seier han. I går møtte han 120 studentar på Det medisinske fakultetet.
Vinnaren av UiOs menneskerettspris Brian Dooley har eit råd til nobelkomiteen. – Dersom eg hadde hatt makt til det, ville eg ha rådd til å gjera det mogleg å trekkja tilbake ein pris om vinnaren ikkje hadde levd opp til verdiane prisen står for.
Det er viktig at UiO no vedgår og tar på seg ansvaret for den uretten og trakasseringa forskarar ved institusjonen har utført i ord og handling mot samar, kvenar og skogfinnar under fornorskingstida.
Khamis Elessi har jobba som lege og professor i Gaza både før og under den siste krigen mellom Israel og Hamas. På UiO ventar det han ei stilling som medisinprofessor gjennom Scholars at Risk med støtte frå kollega Espen Bjertness og The Lancet-redaktør Richard Horton.
– Det er påfallande at me i dag har mindre undervisning om samiske tema enn me hadde då eg var student for 25-30 år sidan, seier jussprofessor Kristin Bergtora Sandvik. No arbeider ho og medieprofessor Eli Skogerbø for å gjera samar og nasjonale minoritetar synlege på UiO.
Ei ufullført doktoravhandling om sensur i USA, inspirerte Cathinka Neverdal på Universitetsbiblioteket ved UiO til å setja i gang eit prosjekt om forbodne bøker. Ho fekk med seg kollegaen Runhild Seim. No er dei prosjektleiarar for den landsdekkjande Forbodne bøker-veka.
Av dei tre akademiske hovudpilarane forsking, undervisning og formidling er det berre undervisning som framleis eksisterer ved Universitetet i Kabul. Og den undervisninga er underlagt Talibans islamske lovgjeving. Det opplyser journalisten og forskaren Hamid Obaidi som i dag bur i eksil i Tyskland.
– Trump er eit resultat av den amerikanske kulturen, historia, samfunnet og den politiske økonomien, sa kjønnsforskar Nadine Naber frå University of Illinois på UiO i dag. Ho meinte både Demokratane og Republikanarane har ansvaret for åtaka på universiteta.
Vi ønsker å opprettholde og styrke eksisterende støtteordninger ved UiO – både for truede forskere, men også studenter som er i faresonen, skriver Team Harbo i et svar til Scholars at Risk-komiteen ved UiO.
– Det finst ingen ytringsfridom eller akademisk fridom på universiteta i Nicaragua. Det fortel Mayling Cortéz Munguia frå studentorganisasjonen IPEN.
– Det er bra å ha fått ein trygg opphaldsstad. Det seier den palestinske forskaren Asmaa Abusamraa. Ho er ein av seks forfylgde forskarar som gjennom Scholars at Risk har fått vern på UiO.
Ajna Jusić, Alen Muhič og Lejla Damon har gitt barn fødde av krigsvaldtekter ansikt i Bosnia gjennom arbeidet i organisasjonen The Forgotten Children of War Association. I dag fekk dei utdelt UiOs menneskerettspris.
UiO kan få gjennomføra kontrollar hos leverandørane for å krevja meir dokumentasjon om at dei overheld dei etiske retningslinjene. Slik kan universitetet finna ut om det er grunnlag for mellom anna å kansellera innkjøpskontraktar. Det vedtok UiO-styret i dag.
Rett før sommarferien organiserte UiO eit møte for 18 universitet og fleire organisasjonar som kunne tenkja seg å delta i eit initiativ for høgare utdanning for flyktningar. No ber UiO-rektor Svein Stølen fagmiljøa om å koma med gode idear og forslag.
Menneskerettskomiteen ved Ghent University i Belgia rår til at universitetet avsluttar samarbeid med forskingsinstitusjonar i Israel som er involverte i brot på menneskerettane. Komiteen vil også stengja Israel ute frå EUs forskings- og utdanningsprogram.
Kva er prisen for å halda akademisk kontakt, og kva er prisen for å bryta kontakt med forskarar og institusjonar i land som Israel og Russland? Det spørsmålet håpar Einar Uggerud i Akademisk forum å få svar på under debattmøtet 29. april.
FN har no lansert ein manual for nye retningslinjer for politiavhøyr. Den er utvikla av forskarar ved Norsk senter for menneskerettar på UiO saman med blant andre FNs høgkommisær for menneskerettar. Brasil er eit av landa som no vil endra måten politiavhøyra går føre seg på.
Stortingsrepresentantane Ingrid Fiskaa (SV) Mahmoud Farahmand (H), Agnes Nærland Viljugrein (Ap) og Grethe Wold (SV) stilte alle opp utanfor Stortinget i ettermiddag for å protestera mot dødsdommen mot svensk-iranske Ahmadreza Djalali og mot avrettingane i Iran. Det gjorde dei saman med studentar frå UiO.
Mange av dei som vert radikaliserte til valdeleg ekstremisme meistrar ikkje skulen, har laus tilknyting til arbeidslivet, har vakse opp med ein for dårleg omsorgssituasjon og fleire er utsette for vald. Det er eitt av funna Ekstremismekommisjonen har gjort etter å ha gått gjennom 20 enkeltsaker i Noreg.
– Då rektor Anne Borg gjekk av, ville instituttet mitt ha eit eige seminar om ytringsfridom og om kor viktig det er å ytra seg. Før ho hadde dolka oss i ryggen, fekk me kritikk frå instituttet. Det sa NTNU-forskaren Jonas Kristiansen Nøland i ein debatt på UiO i går.