Får UiOs menneskerettspris: Dei har gjort krigsbarna i Bosnia sette og høyrde

Ajna Jusić, Alen Muhič og Lejla Damon har gitt barn fødde av krigsvaldtekter ansikt i Bosnia gjennom arbeidet i organisasjonen The Forgotten Children of War  Association. I dag fekk dei utdelt UiOs menneskerettspris.

PRIS: Torsdag kveld fekk krigsbarna Ajna Jusić, Alen Muhič og Lejla Damon frå Bosnia utdelt UiOs menneskerettspris i Gamle festsal i Urbygningen.

Foto: Martin Toft

I kveld blei Oslo Peace Days opna med utdelinga av UiOs menneskerettspris til Ajna Jusić, Alen Muhič og Lejla Damon i Gamle festsal i Urbygningen. 

Dei er alle fødde som resultat av krigsvaldtekter under Bosnia-krigen (1992–1995). Arbeidet deira har ført til at krigsbarna har blitt sette og høyrde, ikkje berre i Bosnia, men også i andre krigsramma delar av verda. Organisasjonen som dei arbeider for The Forgotten Children of War Association, samlar krigsbarn på tvers av etnisitetar i eit polarisert samfunn.  

Sto opp for rettane til krigsbarna som niåring

Rett før UiOs menneskerettspris skulle delast ut, fekk Uniforum ein samtale med dei i Domus Bibliotheca. Dei fortel at alt starta med Alen Muhič for 22 år sidan.  Då var han 9 år gammal og  begynte å snakka om rettane til krigsbarna til styresmaktene i Bosnia.

– Det var motet hans til å snakka om dette temaet som gjorde at samfunnet rundt han aksepterte han for det han er, eit barn som er fødd som eit resultat av seksuell vald, seier prisvinnarkollega Ajna Jusić.

–  Før han stod opp for barna, blei dei kalla for bastardar, legg ho til når ho tolkar det han seier på bosnisk til engelsk. 

– Lovene i Bosnia blei endra

Også den tredje prisvinnaren Lejla Damon hadde ein tøff kamp i Bosnia for å få anerkjent krigsbarna som offer. 

– Nyleg klarte organisasjonen vår å vinna fram med kravet vårt. Derfor blei lovene i Bosnia endra slik at krigsbarna får status som krigsoffer slik at dei kan søkja om rettar og få støtte frå staten. For meg er dette stort, fortel ho.

For henne har tildelinga av UiOs menneskerettspris til organisasjonen mykje å seia.

– Det er eit langt steg framover for å bli anerkjente som krigsbarn, og av meg sjølv som krigsbarn.  Med ein slik pris får me merksemd rundt krigsbarn ikkje berre i Bosnia, men også i andre delar av verda, seier ho til Uniforum. 

I 2018 klarte krigsbarna å få anerkjenninga si i Bosnia. Dei tre prisvinnarane er klare over at det same året fekk krigsbarn frå Den andre verdskrigen i Noreg også ei offisiell orsaking frå norske styresmakter for uretten dei hadde blitt utsette for.   

– Denne prisen er eit bevis på at me må gå vidare med arbeidet vårt, seier Lejla Damon. 

Drar til andre land med krigsbarn

Dei drar også til andre land som har vore utsette for krig, og der det finst krigsbarn som resultat av valdtekter.  For kort tid sidan var Ajna Jusić og Alen Muhič i Colombia.

– Der lærte me om problema med dei grøne barna som er fødde fattige.  Me lærer masse om barn med ulike merkelappar. Det neste landet me drar til blir truleg Ukraina, eit land der me kjenner godt til den pågåande krigen. Me har godt samband med både regjeringa og sivilsamfunnet i Ukraina, seier ho.

Men også krigsramma land  i Midtausten og i Afrika som Kongo og Uganda er land der dei vil hjelpa krigsbarna. Ajna Jusić viser til at dei har kontakt med vinnaren av Nobels fredspris Denis Mukwege i Kongo. Lejla Damon trur at det er viktig å jobba med Ukraina no.

– Det er mange krigsbarn der. Og det er viktig at det ikkje tar 30 år for dei å få i stand støtte, understrekar ho.

Sjølv arbeider ho for organisasjonen internasjonalt gjennom basen sin i Manchester i Storbritannia.  Ajna Jusić arbeider frå Bosnias hovudstad Sarajevo, medan den første som gav krigsbarna eit ansikt, Alen Muhič arbeider full tid for organisasjonen frå heimbyen Gorazde i Bosnia. 

– Eg har inga avgrensing i arbeidstida mi for organisasjonens, spøkjer han. 

– Mange av dei lever utrygt

I dag jobbar organisasjonen også for barn som er fødde som eit resultat av tvangsekteskap.

– Mange av dei lever utrygt fordi den biologiske faren som stod bak overgrepa i nokre tilfelle bur i nærleiken. Heller ikkje me kan alltid føla oss trygge. Men det er ein pris du må vera villig til å ta når du startar opp, seier Ajna Jusić.

UTDELING: Klokka 18 i kveld fekk Alen Muhič, Lejla Damon og Ajna Jusić utdelt UiOs menneskerettspris, Lisl og Leo Eitingers pris. Då deltok alle tre i eit arrangement i Gamle festsal som blei leia av NRK-journalist Leo Ajkic (lengst til høgre). (Foto: Jarli&Jordan)
 

 

 

 

 

Emneord: Menneskerettar, UiOs priser Av Martin Toft
Publisert 5. des. 2024 19:29 - Sist endra 6. des. 2024 10:47

Logg inn for å kommentere