Det er Khrono som har vore i kontakt med den palestinske professoren og legen Khamis Elessi på WhatsApp frå Gaza. Han har gjennom mange år samarbeidd med medisinsprofessor Espen Bjertness på Institutt for helse og samfunn på Det medisinske fakultetet ved UiO.
Under den siste krigen i Gaza har han jobba gratis som spesialist i nevrorehabilitering og smertemedisin, og som professor med undervisning av medisinstudentar. Sjølv har han kone og sju barn saman med seg i Gaza.
– Akkurar no opplever eg det som trygt her, men har alltid ei merkeleg kjensle av at noko ille kan skje når som helst. Det er som det er mørke skyer i horisonten. Alle ynskjer å byggja opp husa sine igjen, men dei er redde for at alt skal bli bomba på nytt, seier han til Khrono.
Ynskte å koma til Noreg
Då Uniforum snakka med Khamis Elessi i juni 2021, hadde han og dei andre innbyggjarane i Gaza nettopp opplevd krigshandlingar mellom Hamas og Israel. På ti dagar med krigshandlingar hadde 250 menneske blitt drepne i Gaza, medan det var 13 drepne i Israel.
Situasjonen hans var også den gongen alvorleg. På spørsmål via Skype om kva akademikarar ved UiO og universitet i andre land kunne gjera for å hjelpa folk i Gaza, svarte han fylgjande.
– Dei kan halda fram med å hjelpa til med å utdanna legar og sjukepleiarar i Gaza. Så langt har dei også lært opp legar og sjukepleiarar i Gaza. Det dei no kan gjera er å hjelpa meg med å koma meg ut av Gaza og kanskje tilby meg ei stilling ved Det medisinske fakultetet på Universitetet i Oslo. Det ville ha vore ei hjelp som eg aldri ville ha kunna gløyma. Slik kan dei hjelpa både familien min og meg sjølv, sa han til Uniforum den gongen for over fire år sidan.
Fire år seinare er over 68 531 menneske drepne i Gaza og rundt 1670 i Israel i den siste krigen mellom Hamas og Israel som starta 7. oktober 2023, ifylgje NRK. Mange tusen av dei drepne er barn og kvinner. I tillegg blei 251 israelerar tatt som gislar. Krigshandlingar har halde fram også etter våpenkvila mellom partane som blei inngått den 10. oktober.
• Les også: Lege Khamis Elessi: – Situasjonen i Gaza er beintøff
– Håpet var der, og så blir det knust
No er kollegaen og vennen hans Espen Bjertness i Jordan med pass til både Khamis Elessi og familien hans. Med støtte frå The Lancet-redaktør Richard Horton har han jobba for å få Elessi ut av Gaza og til Noreg gjennom Scholars at Risk-programmet.
Problemet er at han ikkje har fått endeleg klarsignal frå norske styresmakter til å få ut Elessi og familien hans.
Først fekk han beskjed om at norske styresmakter ville gi dei visum, men dagen etterpå fekk han ein heilt annan beskjed. Grunngjevinga var at norske styresmakter ikkje kunne garantera for eit visum,før dei hadde kontrollert identiteten til Elessi og familien hans. Det gjorde Espen Bjertness sint.
– Der sit han og ventar på å få komma ut. Håpet var der, og så blir det knust, seier han til Khrono.
Avisa har også vore i kontakt med Utanriksdepartementet om Khamis Elessi som ikkje kjem seg ut av Gaza. Der svarar seniorrådgjevar Mathias Rongved at utreise frå Gaza krev bistand både frå norske styresmakter og tilrettelegging frå andre, inkludert israelske.
"Vi kan dessverre ikke tilby denne typen bistand til utenlandske statsborgere som ikke er bosatte i Norge", skriv han i ein epost til Khrono.
• Les meir om situasjonen i Gaza:
– Draumen min er å jobba som kirurg på eit sjukehus i Gaza
Gaza-studentane starta medisinstudiet på UiO i dag
Erik Fosse om Gaza: – Slik som det ser ut i dag, vil helsevesenet bryta heilt saman
Lege Khamis Elessi: – Situasjonen i Gaza er beintøff
(Oppdatert 3. november kl. 12.08 med spesifisering av grunngjeving frå Den norske ambassaden)
Logg inn for å kommentere