Det var ein historisk dag då medisindekan Hanne-Cathrin Flinstad Harbo og studiedekan Morten Løberg endeleg kunne ta imot ni av dei 10 medisinstudentane frå Gaza i Grønt auditorium på Rikshospitalet. Etter at dei ti studentane tidlegare i sommar hadde fått opptak på UiO, gav Utlendingsdirektoratet berre opphaldsløyve til ein av dei.
Etter ein underskriftsaksjon for at dei ni andre også skulle få studentvisum i Noreg, overprøvde statsminister Jonas Gahr Støre og regjeringa UDI, og fredag 2. august blei det klart at alle ville få eit avgrensa studentvisum til Noreg.
• Les også: – Vi er klare til å ta imot medisinstudentene fra Gaza
Dei kom til Noreg sist onsdag, og i dag tidleg starta studiet for dei palestinske studentane på det engelskspråklege semesteret på Det medisinske fakultetet. Men før dei kunne i gå inn på den første førelesinga, blei dei møtte av medisindekan Hanne-Cathrin Flinstad Harbo, studiedekan Morten Løberg og medisinprofessor Anne Kveim Lie. Sistnemnde var initiativtakar til underskriftsaksjonen som medverka til at alle dei ti studentane og ikkje berre ein av dei, fekk studentvisum til Noreg.
Uniforum kjem tilbake med ei utvida sak om dei palestinske studentane.
Logg inn for å kommentere