Sidan krigen mellom Israel og Hamas starta den 7. oktober 2023 er 747 helsearbeidarar drepne på Gazastripa. Det har vore 492 åtak på helseinstitusjonar. 19 sjukehus har måtta stengja dørene medan 17 så vidt klarer å yta helsetenester. 2000 av dei som skulle bli framtidas legar i Gaza måtte avslutta medisinutdanninga si, og begynna å samla inn mat og drikke til familiane sine, medan nokre klarte å koma seg ut av Gaza og vidare til Egypt.
Denne veka har dei nordiske landa protestert mot Israel sidan Knesset kan koma til å vedta ei lov som vil hindra FNs hjelpeorganisasjon for palestinarar (UNRWA) å driva humanitær bistand i Gaza, Vestbreidda og iAust-Jerusalem.
I august blei det klart at 10 palestinske medisinstudentar frå Gaza kunna halda fram med utdanninga si ved Universitetet i Oslo. Rett før helga deltok tre av dei i ein panelsamtale på Det medisinske fakultetet. Dei tre var Ayman Aleirab, Farah Miqdad og Mohammed Abuselmiya. Internasjonalt ansvarleg i Norsk medisinstudentforeining, Uswa Malik frå UiO var også med, medan samtalen blei leia av medisinprofessor Anne Kveim Lie, som var sentral i arbeidet med å få dei ti studentane til Universitetet i Oslo.
– Livet var aldri normalt for oss på Gazastripa
Etterpå fekk Uniforum eit intervju med to av studentane, Farah Miqdad og Ayman Aleirab.
Farah Miqdad fortel om korleis situasjonen for henne og dei andre i Gaza blei drastisk forandra den 7. oktober i fjor.
– Eg skulle halda fram med medisinstudia på måndag, men på grunn av dei forferdelege nyhenda me vakna opp til laurdagen før, var ikkje det lenger mogleg, fortel ho til Uniforum.
Også før 7. oktober skilde livet hennar seg ut frå livet til medisinstudentar i andre land.
– Livet var aldri normalt for oss på Gazastripa. Men me gjorde likevel det beste me kunne for å ha ei tilnærma normal erfaring på medisinstudiet, fortel ho.
– Jobba for fattige og underprivilegerte
Sjølv delte ho tida si mellom medisinstudia og frivillig arbeid for studentorganisasjonen for palestinske medisinstudentar, der ho var nestleiar.
– Me hadde seminar og offentlege arrangement over heile Gaza både saman med medisinstudentar og med humanitære hjelpeorganisasjonar. Me jobba også for fattige og underprivilegerte grupper, hugsar ho.
Og så kjem ho i hug alle dei daglegdagse markeringane ho deltok på.
– Både eksamensfestar for venner, og andre venner som forlova seg eller gifta seg og andre sosiale arrangement var det masse av. Dei var så vakre og lykkelege, synest ho.
Sjølv om alt endra seg etter den 7. oktober, gjorde ho sitt beste for å halda fram med det vanlege livet.
– Eg prøvde å venda tilbake Det medisinske fakultetet og bli legestudent igjen. Det var vanskeleg å finna vegen dit, både for meg, faren min og syskena mine. Etter kvart blei huset vårt øydelagt, og me måtte evakuera lenger sørover på Gazastripa. Då måtte me evakuera til huset til besteforeldra mine, men også det huset blei seinare øydelagt. Det einaste eg kunne gjera var å fortelja om situasjonen i Gaza for alle utanfor Gaza som ville høyra korleis det stod til, seier ho.
– Dei bur i alle verdshjørne
Seinare kom ho og familien seg til Egypt.
– Eg var der på grunn av faren min, og i den tida eg var i Egypt prøvde eg å hjelpa andre av dei 100 000 palestinarane som var blitt tvungne til å flykta dit, seier ho.
I dag er familien hennar spreidd for alle vindar.
– Ja, dei bur rundt omkring i alle verdshjørne. Og det smertar hjartet mitt. Mora mi og veslesystera mi er framleis i Gaza og faren min og mine to brør er framleis i Egypt, og eg er her i Noreg. Det er lett å få kontakt med faren min og brørne mine i Egypt, medan det er mykje vanskelegare å koma i kontakt med mora mi og systera mi i Gaza, seier ho.
– Me prøver å bli studentar igjen
Etter at dei kom til Noreg i august, har livet tatt ei ny vending.
– Me prøver å bli studentar igjen. Dessverre kan me ikkje gløyma det som skjer. Og det har tatt lang tid, fram til me endeleg kunne konsentrera oss om vår studentklynge igjen. For etter at eg blei evakuert frå Gaza av medisinske grunnar, har eg og dei andre medisinstudentane i nesten ni månader ikkje hatt høve til å vera studentar. No prøver me å gjera det best mogleg som studentar så lenge me er her, og me har fortalt om det som skjer overalt og til alle så mykje som me har kunna. Og av og til blir eg ganske utsliten, utan at noko faktisk skjer for å kunna stansa dei grufulle hendingane som er blitt utførte, understrekar ho.
Neste stopp kan bli Sør-Afrika
Snart er det gått seks månader sidan dei kom til Det medisinske fakultetet på UiO, og dei skal ta eksamen i løpet av desember. Då må dei halda fram med medisinstudia ein annan stad.
– Me har blitt tilbydd å tilbringa tre semester av medisinstudiet på Universitetet i Pretoria i Sør-Afrika. No lever me i no-et, og ser framover og håpar me kan bli legar ein gong i framtida.
Og ho har ikkje gitt opp å kunna venda tilbake til Gaza.
– Draumen min er å jobba som kirurg på eit sjukehus i Gaza og bruka livet mitt der, seier ho til Uniforum.
Konflikten mellom Israel og Hamas:
• Til saman er over 42 000 menneske drepne i Gaza på over eitt år.
• 1400 israelarar er drepne sidan styrkar frå Hamas 7. oktober 2023 kryssa grensa over til Israel og gjekk til væpna aksjonar fleire stader i grenseområda.
• Over 200 personar blei tatt med til Gaza som gissel. Framleis er det over 100 igjen i Gaza.
• 747 helsearbeidarar er drepne på Gazastripa.
• det har vore 492 åtak på helseinstitusjonar.
• 19 sjukehus har måtta stengja dørene medan 17 så vidt klarer å yta helsetenester.
• 2000 av dei som skulle bli framtidas legar i Gaza måtte avslutta medisinutdanninga si.
• Ti medisinstudentar frå Gaza kunne koma til Noreg og halda fram med studia sine i august i år.
Aktuelt: Tre av dei palestinske medisinstudentane deltok nyleg i ein samtale om Gaza på UiO.
– Eg drog ofte til dei aller vakraste stadene i Gaza
Medstudenten hennar Ayman Aleirab er opptatt av å skildra kor fint og godt liv han hadde i Gaza før den 7. oktober.
– Eg drog ofte til dei aller vakraste stadene i Gaza. Me hadde fantastisk god mat, og selskapet vårt importerte faktisk også makrell frå Noreg. Då hadde eg nettopp kjøpt meg ein ny bil, og eg hadde så vidt vendt meg til å bruka den. Så eg har eigentleg ikkje ord for å kunne skildra kor godt livet var i Gaza før den 7. oktober, fortel han.
Ayman Aleirab minnest at alt endra seg i Gaza etter den datoen.
– Laurdag morgon heldt mora mi på med å førebu frukosten. Og etterpå skulle eg ein tur på universitetet. Så brått hamna me opp i ein situasjon som me ikkje heilt visste kva var. Det første me merka var at det var straumbrot, og det var heller ikkje lenger vatn i springen. Det blei vanskeleg å få tak i mat. Og det blei umogleg å få olje og bensin til bilar og lastebilar.
– Så eg gret heile tida
Foreldra og syskena hans er blitt igjen i Gaza, men han klarte å koma seg til Egypt.
– Eg ynskte å halda fram med medisinstudia mine der. Tre månader etter klarte familien min, Gud vere takk, å koma til Egypt også, seier han.
Dei tre første dagane i Egypt var dei verste han hadde opplevd.
– Då vissste eg ikkje kva eg gjorde der, og kva som skulle skje med meg eller korleis det stod til med familien min i Gaza. Så eg gret heile tida, seier han.
– Så det var tøft mentalt også?
– Ja, stadfestar han.
– Då såg eg det som eit håp
– Korleis er situasjonen for deg her i Oslo?
– Først var eg i Egypt i åtte månader utan at eg kunne gjera noko som helst. Så brått fekk eg spørsmål om kollegaene mine og eg kunne dra til Noreg. Då såg eg det som eit håp, for eg hadde ingenting å gjera på i Egypt. No kan eg halda fram med medisinutdanninga mi.
– Så du håpar å kunne bli lege ein dag?
–Ja, det gjer eg. Då vil eg bli den aller første i familien min som blir lege. Eg er stolt over å kunna visa dei at eg er student på Det medisinske fakultetet. Både faren min og mora mi drøymer ein gong å sjå meg som ferdig utdanna lege, seier han til Uniforum.
• Les meir om Gaza-studentane og UiO:
Palestinske Dema Ahmed veit ikkje kva som skjer når semesteret er over
Ingen har benyttet seg av UiOs boikottstønad
Gaza-studentane starta medisinstudiet på UiO i dag
– Vi er klare til å ta imot medisinstudentene fra Gaza
Logg inn for å kommentere