Erik Fosse om Gaza: – Slik som det ser ut i dag, vil helsevesenet bryta heilt saman

– Det blir nok ikkje mogleg for meg og Mads å koma inn i Gaza, før det blir ei våpenkvile.  Det seier medisinprofessor Erik Fosse som no er heime i Oslo igjen etter å ha venta i over to veker på å koma inn i det krigsramma området.

KLART STANDPUNKT: – Universitetet bør heile tida vurdera kontakten sin med Israel og ta eit klart standpunkt. Det er ganske viktig, synest medisinprofessor og leiar for NORWAC, Erik Fosse. Nyleg kom han  tilbake frå Egypt etter forgjeves  å ha venta i to veker på å koma inn i Gaza. 

Foto: Martin Toft

Etter at Israel sette i gang ei intens bombing av Gaza etter at Hamas hadde tatt livet av 1400 israelerar i kibbutzar og i landsbyar utanfor Gaza den 7. oktober, sette både Erik Fosse og Mads Gilbert kursen mot Egypt med mål om å koma inn i Gaza for å hjelpa til på Shifa-sjukehuset. Så langt har nærare 10 000 menneske døydd etter Israels bombeåtak og i regulære gatekampar i Gaza by.

Uniforum møter Erik Fosse på Universitetet i Oslo ei veke etter at han var komen tilbake frå opphaldet i Egypt. Både han og legekollega Mads Gilbert prøvde å koma seg inn i Gaza, men denne gongen var det ikkje mogleg å få til. Tidlegare har dei også rykka ut etter at Israel har bomba Gaza som hemn for at Hamas har sendt rakettar inn i israel.

Israel-Hamas-krigen i tal:

10 300 døde i Gaza, 4237 av dei er barn

1400 døde i Israel, også mange barn

242 gissel hos Hamas i Gaza

Mellom 800 000 og 1 milion internt fordrivne i Gaza

11 000 israelske bombeåtak mot Gaza sidan 7. oktober.

(Kjelder: BBC, CNN, NRK, Gazas helsedepartement)

Erik Fosse synest likevel svaret til Israel denne gongen er heilt annleis enn i tidlegare krigar.

– Det er mykje meir brutalt, samtidig som dei har stengt av det vesle som var igjen av straum og vatn. Det fører til kollektiv avstraffing av heile befolkninga. Det som er mest overraskande når me reiser der, er å sjå kor unge folk er. Oppunder 1 million av dei 2,3 millionar personane som bur der, er barn. Dei blir hardt ramma av mangel på mat og vatn. Vanlegvis går det 400 lastebilar ut og inn av dette fengselet kvar dag. Det er no stoppa, slår han fast. 

Heilt sidan 1983 har Erik Fosse frå UiO og Oslo universitetssykehus leia organisasjonen NORWAC (Norwegian Aid Committee). Den blei først etablert for å driva medisinsk naudhjelp blant palestinske flyktningar og er hovudsakleg  finansiert av Utanriksriksdepartementet.  Erik Fosse har fleire gonger reist inn i Gaza for å hjelpa til med medisinsk naudhjelp på Shifa-sjukehuset når området er blitt ramma av bombardement frå den israelske hæren. Denne gongen reiste han ned saman med klinikkkoverlege ved Akuttmedisinsk klinikk ved Universitetssykehuset i Nord-Norge, Mads Gilbert, men dei kom ikkje inn i Gaza.

Dette er NORWAC (Norwegian Aid Committee)

- ein medisinsk hjelpeorganisasjon etablert i 1983 av Erik Fosse og med Mats Gilbert som  styremedlem i byrjinga. Målet var å jobba for palestinske flyktningar

- i 40 år har den jobba for palestinarar i Gaza og på Vestbreidda. Den har dessutan helseprosjekt i Syria og Libanon.

- organisasjonen får hovudsakleg økonomisk støtte frå Utanriksdepartementet.

- den har tilsette i Oslo, Syria, Libanon og i dei palestinske områda.

- Erik Fosse er dagleg leiar.

(Kjelder: NORWAC og Erik Fosse)

– No kan dei sjølve laga oksygen

Før 1994 samarbeidde NORWAC med fleire palestinske organisasjonar.

– Etter at Oslo-avtalen mellom PLO og Israel blei sett i verk i 1994 fekk palestinske sjølvstyresmakter eit eige helsedepartement. NORWAC har sidan hjelpt sjølvstyremakta med å utvikla planar og å byggja opp sjukehusa på Vestbreidda og i Gaza med infrastruktur og oksygenkonsentrator. Før det, kjøpte dei alt oksygen frå Israel. No kan dei sjølve laga oksygen, slik at dei er uavhengige av Israel, fortel Erik Fosse til Uniforum.

Han er stolt over det organisasjonen han leier har klart å få til.

– Me har innført kikholkirurgi og utdanna folk innanfor kvinnehelse både i Gaza og på Vestbreidda. På Vestbreidda  har me sett i gang svære jordmorprosjekt. I stor grad handlar det me gjer om reproduktiv helse, i tillegg til at me har laga nasjonale planar for hjartekirurgi, understrekar han. 

Fekk inn utstyr til sjukehusa på Gaza

Så hugsar han tilbake til den dagen då den siste krigen mellom Israel og Hamas braut ut. Og Israel starta bombing av Gaza.

– Me hadde møte med Utariksdepartementet og blei einige om at me måtte ha inn utstyr fort og at me måtte senda ned eit team med Mads og meg. Då kjøpte me opp alt utstyr som det var mogleg å oppdriva i Gaza. Så fekk me det inn på sjukehusa. Og i tillegg klarte med å få tak i utstyr gjennom Palestinsk Raude Halvmånes sjukehus i Kairo. Utanriksdepartementet brukte alle sine diplomatiske kanalar for å prøva å få oss inn. Eg drog tilbake etter to veker, medan Mads framleis er der, og me har ikkje gitt opp å koma inn.

Han er nøgd med mediearbeidet kollegaen hans gjer frå Egypt.

– Me har kontaktar med dei som er inne, og Mads er flink med media. Sjølv om me ikkje er der, får me inn filmar og snakkar med folk der inne, og me får det ut igjen til internasjonale kanalar som Al Jazeera, CNN, BBC og norske media. Det er svært viktig, synest Fosse.

– For om det ikkje blir merksemd rundt det som skjer, vil dei drepa endå fleire, legg han til.

Skuffa over USA og Storbritannia, men nøgd med Noregs haldning

Erik Fosse er lei seg for dei reaksjonane som Israels bombing av Gaza er møtt med i Vesten.

– Eg er skuffa over haldningane til USA og Storbritannia, ja også til dei skandinaviske som let dette skje. Det er greitt at ein ikkje likar det Hamas har gjort, men no er over 10 000 drepne i Gaza.

Derimot er han godt nøgd med måten Noreg har gått fram på.

– Noreg har hatt ei heilt anna haldning, noko det har hatt veldig lenge. Noreg har sett på dei politiske leiarane i Hamas og den militære delen Qassam-brigadane som to separate organisasjonar.  Det blir som Sinn Fein og IRA i Nord-Irland. Norske diplomatar har møtt Hamas-representantar heile tida, samtidig som dei tar avstand frå Al Qassam-brigadane,  konstaterer han. 

– Han er ingen terrorist

Erik Fosse poengterer at Gaza er eit sivilt samfunn. 

– Og derfor har eg kontakt med helseministeren, som er ein god venn av meg, og han er ingen terrorist, berre ein lege som ynskjer å gjera best mogleg for pasientane sine. Han har losa dei gjennom covid-epidemien.

Han peikar på tre land i Europa som har skilt seg ut.

– Noreg, Sveits, og Russland, om me reknar det sistnemnde landet som europeisk, er dei einaste landa som har hatt ein annan politikk enn EU. Noreg har kravd at Israel skal heva blokaden av Gaza, det har ikkje EU gjort. Også då eg møtte utanriksminister Espen Barth Eide i Kairo, hadde han og Noreg ei heilt anna haldning enn Storbritannia og dei andre europeiske landa som var der.

Og i FNs generalforsamling stemte Noreg for forslaget om å stoppa angrepet. Der var Europa delt. Saman med Noreg var Irland, Portugal, Spania, Frankrike og Belgia. Og så var nesten resten av EU avhaldande, bortsett frå Austerrike og Ungarn som stemte imot saman med USA og mange små statar.

– Bør ta eit klart standpunkt

– Er det noko Universitetet i Oslo kan gjera for å peika på situasjonen i området?

– Universitetet bør heile tida vurdera kontakten sin med Israel og ta eit klart standpunkt. Det er ganske viktig. Det er også viktig at dei held kontakt med palestinske universitet, som til dømes Birzeit University i Ramallah. I Gaza er det to universitet med medisinsk fakultet, men svært få av lærarane har doktorgrad, og dermed kvalifiserer dei ikkje til nemninga universitet etter europeisk standard.

– I samarbeid med Universitetet i Oslo har me derfor late legar få ta doktorgrad her, nettopp for at desse institusjonane skal bli fullverdige universitet. Det er heilt nødvendig for at dei skal koma på eit høgt akademisk nivå, er han overtydd om.

Som leiar for NORWAC vil han ikkje blanda seg inn i kva tiltak universitetet bør bruka.

– Universitetet må sjølv velja dei verkemidla dei vil bruka, og i alle fall bruka dei miljøa ein har kontakt med for å påverka situasjonen og få i gang diskusjonen, synest han.

• Les meir om Erik Fosse: Prisvinner Erik Fosse:  En kirurg utenfor boksen

– Dei må snakka saman for at det skal bli fred

For Erik Fosse er ikkje alt håp ute for folket i dette området.

– Det bur sju millionar israelarar og sju millionar palestinarar i området. Dei må snakka saman for at det skal bli fred. Vald løyser ingen problem. Israel må ta initiativet, for det er den sterke parten, slår han fast.

– Og når drar du tilbake og inn i Gaza igjen?

– Eg tvilar på at me kjem inn igjen før det blir ei våpenkvile. Og då blir det meir snakk om gjenoppbygging av det som er igjen.

Fatah-regjering på Vestbreidda og Hamas-styre i Gaza

Erik Fosse går 17 år tilbake i historia for å finna starten på valdsspiralen mellom Israel og Hamas.

I 2006 var det val i dei palestinske områda, og då vann Hamas valet. 

– Dei var ikkje ein del av Oslo-avtalen, og derfor sa Israel at dei ikkje ville samarbeida med dei. Etter kvart stansa også USA, EU og Noreg samarbeidet med sjølvstyresmaktene. Dessutan arresterte Israel alle Hamas-leiarane på Vestbreidda, fortel han.  

Erik Fosse minner om at det enda med at Israel innsette ei Fatah-regjering på Vestbreidda, sjølv om dei hadde tapt, medan Hamas heldt fram med å leia på Gaza. Gaza blei innesperra, og Israel starta ein blokade som dei stadig har forverra år for år gjennom 17 år.

Erik Fosse peikar på at Israel har to forskjellige måtar å behandla dei to palestinske områda på.

– På Vestbreidda driv landet ein heilt klar koloniseringspolitikk. Dei har no 700 000 busetjarar  på Vestbreidda, altså nesten ein million menneske, på område som dei har besett ulovleg. Dei etablerer også såkalla tryggingssoner rundt desse områda som tar jorda til dei palestinske bøndene i nærområda, og så byggjer dei ein firefelts motorveg for å knyta busetjinga til Israel. Det er forbode for palestinarar å bruka den, så det er høge gjerde der og dei blir skotne dersom dei bevegar seg på den, seier Erik Fosse.

– Umogleg for palestinarane å bevega seg rundt på Vestbreidda

Han ser heilt klart konsekvensen av dette.

– Det blir heilt umogleg for palestinarane å bevega seg rundt på Vestbreidda. Busetjingane ligg som lappeteppe overalt. Det er ein systematisk politikk for å annektera Vestbreidda og palestinarane blir innesperra i små enklavar, konstaterer han.

På Gaza har historia vore annleis. For der la Israel ned alle dei ulovlege busetjingane i 2005.

– Der sperra dei alle palestinarane inne i staden for. Og slik gjer dei livet deira vanskelegare og vanskelegare. Hovudproblemet i Gaza er at det er ein oase, med eit ørkenlandskap rundt. Gaza by er ein av verdas eldste sivilisasjonar,  truleg mange tusen år gammal. Det er fordi det er ein oase som ligg i ørkenområdet Sinai.

– Ikkje mogleg å drikka vatnet

Han fortel at ferskvatnet som fell i fjella der Jerusalem ligg og vidare gjennom Palestina og Libanon,  renn ned i grunnen og piplar opp igjen i Gaza by. Derfor kan folk leva der. 

– Israel har bora etter vatn i grunnen like bortanfor, og derfor har vasstrykket blitt redusert. Samtidig har havvatnet sige inn, så no er grunnvatnet i Gaza by brakkvatn. I dagens situasjon er dette kjerneproblemet deira, ikkje noko av vatnet i grunnen er det mogleg å drikka,  seier han til Uniforum.

Han viser til at folk i Gaza har hatt tre timar med straum dagleg i fleire år no. Israel har gått til åtak mot dei fem gonger tidlegare i 2008. i 2009, i 2012, 2014 og i 2021.

– Fire av dei gongene har eg vore der. For oss er ikkje det viktigaste at me har vore der under desse krigane, men det me har gjort for infrastrukturen for at helsevesenet skal fungera. Det har me gjort i samarbeid med Oslo universitetssykehus og Universitetet i Oslo. Me har no bygd opp ein smerteklinikk ved Shifa-sjukehuset og i samarbeid med kvinneklinikken ved OUS har me hatt ei rekkje prosjekt innanfor kvinnehelse, fortel han.

– Det er mange kontaktpunkt mellom OUS, Universitetet i Oslo og helsevesenet i Gaza. Og mange helsearbeidarar har vore der. For me byggjer opp kompetanse, bygging av infrastruktur og opplæring i moderne metodar. Det har vore veldig viktig etter at dei blei innesperra. For etter 2007 har ikkje legane der kunna bevega seg ut. Dei får ikkje reist på konferansar og oppdatert seg, slik me gjer.

– Har bygd opp eit medisinsk bibliotek

Eit samarbeid med Norsk Bibliotekforeining har gjort ting litt lettare for legar i Gaza.   

POLITISKE LØYSINGAR: – For dette er noko som er drive fram av ein politikk over lang tid, og vil ein ha fred, så må ein finna politiske løysingar. Det har ikkje Israel vore inne på sidan Oslo-avtalen, seier Erik Fosse, medisinprofessor og leiar for NORWAC. (Foto: Martin Toft)

– Me har bygd opp eit medisinsk bibliotek på Shifa-sjukehuset som abonnerer elektronisk på masse av dei sentrale vitskaplege tidsskrifta. Slik kan me gjera ting tilgjengelege for at dei kan halda seg oppdaterte, samtidig som me har ulike program  for dei med spesialistane her på Oslo universitetssykehus, fortel han.

Samtidig har situasjonen på Gaza gått frå vondt til verre.

– Det er blitt meir og meir uleveleg der.

Før 2007 var det viktigaste økonomiske grunnlaget, at dei kunne pendla til Israel for å jobba på bygg og anlegg og på gardar. 

– Paradoksalt nok, kanskje på gardar som familien deira tidlegare eigde, og som hadde blitt stolne frå forfedrane deira.

Når han ser tilbake på situasjonen i Gaza og korleis forholda til innbyggjarane i dette området stadig har blitt verre og verre, er verken han eller andre som har jobba i området overraska over åtaket frå Hamas.

– Dimensjonen over det som skjedde var overraskande. At det skulle koma ein slik reaksjon, hadde me rekna med, for dei blir jo gløymde. Dei har også no auka trakasseringa og busetjaraktiviteten på Vestbreidda, konstaterer han.

Han trur at for palestinarar flest var det åtaket noko dei støtta. Og han peikar på at Hamas også er eit folkevald parti.

– Palestinarane ser at det ikkje finst politiske løysingar. Heile verda er unnfallen, og Israel kan gjera som det vil, samtidig som Israels regjeringar blir meir og meir ekstreme, er inntrykket hans.

– Dette er deira samfunn, framtid, draumar og historikk

Erik Fosse trur at lekkasjane som har kome ut, om kva planar den israelske regjeringa eigentleg har, stemmer.

– Eg trur at dei vil driva 2,3 millionar palestinarar ut i Sinai til ein eller annan fangeleir der. Det er rart å sjå korleis Vesten går på desse forklaringane til Israel. Dette er jo innbyggjarar som har budd der i generasjonar. Dette er deira samfunn, framtid, draumar og historikk. Så skal dei flyttast hit og dit fordi nokre kolonistar har kome dit frå Europa.

Også før motåtaket frå Israel, stod det dårleg til med det tilbodet Shifa-sjukehuset kunne gi til pasientane.

– Det er både pasientar med kreft, diabetes og med nyresvikt. Alle treng behandling, men dei manglar medisinar til desse pasientane også. Og så er det til ei kvar tid 50 000 gravide kvinner. Fleire av barna blir fødde for tidleg og må i kuvøse. Alt dette blir råka av mangelen på straum og vatn og vanlege hygieniske løysingar, trekkjer han fram.

Fosse er ikkje i tvil om kva som vil skje.

– Slik som det ser ut  i dag, vil helsevesenet bryta heilt saman. Israel held fram med bombinga, og så langt er 4000 barn drepne. 

– Det er openbert at det er ei terrorhandling å drepa masse menneske

Han undrar seg framleis over at omverda let dette skje. 

– Det som er rart er at Vesten kjøper historia om at Hamas er ein terroristorganisasjon, akkurat som om det har vore ein idyll på førehand. Det er openbert at det er ei terrorhandling å drepa masse menneske, men ein må sjå dette i kontekst. For dette er noko som er drive fram av ein politikk over lang tid, og vil ein ha fred, så må ein finna politiske løysingar. Det har ikkje Israel vore inne på sidan Oslo-avtalen.

– Men Hamas og Israel har kanskje felles interesse i at dei ikkje vil ha fred?

– Hamas ynskjer det som alle palestinarar ynskjer. Og dei vil ikkje ha ei tostatsløysing. Av dei 2,3 millionar som bur i Gaza, er 1,7 millionar flyktningar frå 1948. Dei bur i desse enorme flyktningleirane. Og dei ynskjer å reisa heim igjen. Det er trugande for Israel som ein jødisk stat. Palestinarane vil heller ha ein  felles stat for muslimar,  kristne og jødar, der alle har dei same rettane. Det var det same som PLO ynskte, før dei skreiv under på Oslo-avtalen.

 

• Les meir om situasjonen i Israel og i dei palestinske områda: 

Ni UiO-studenter i Israel - blir ikke hentet hjem nå

Israelsk professor: – Den akademiske fridomen vår er truga

Lege Khamis Elessi: – Situasjonen i Gaza er beintøff

UiO-forskar: - Hebron-observatørane har dempa spenninga mellom busetjarar og palestinarar

Krigen i Syria har påverka både folk i Midtausten og folk i Norden

Ingen akademisk boikott av Israel

Melder seg ut av NTL i protest

Med Gaza i tankane

- Fredsskapande med akademisk samarbeid

Vil ha akademisk boikott av Israel

- Fekk inn 200 skadde på ein dag

Tidligere UiO-student arrangerer fredsmarsj i Midtøsten

UiO-medisinere fortsetter samarbeidet med Palestina

Første palestinske forsker disputerte for doktorgraden

Israel tar ingen sjølvkritikk

Emneord: Midtausten, Israel, Palestina Av Martin Toft
Publisert 8. nov. 2023 12:31 - Sist endra 8. nov. 2023 14:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere