Israelsk professor: – Den akademiske fridomen vår er truga

– Også den akademiske fridomen er under press i demokratiet Israel, seier dekan Gili Drori ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet på the Hebrew University i Jerusalem.

Portrett av ei kvinne

PÅ UIO-BESØK: – I Israel er dei statlege institusjonane under eit totalangrep, inkludert akademia, seier Gili Drori som er dekan ved SV-fakultetet på the Hebrew University i Jerusalem. 

Foto: Martin Toft

I Israel protesterer fleire titusen personar mot nye lover som vil gi regjeringa makt over domstolane. Dei meiner landet er i ferd med å forlata maktfordelingsprinsippet og er i ferd med å utvikla seg i same udemokratiske retning som Polen, Ungarn og Tyrkia. Det har fått alle frå reservesoldatar og pilotar til juristar, lærarar og akademikarar ut i gatene for å demonstrera.

– No er også den akademiske fridomen i ferd med å forsvinna, fortel sosiologi- og antropologiprofessor Gili Drori som også er dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet på the Hebrew University i Jerusalem. 

Lang tradisjon for akademisk fridom

Denne veka deltar ho på eit internasjonal forskarseminar på Institutt for statsvitskap på UiO, men ho synest også det er viktig å snakka med Uniforum om den alvorlege politiske krisa i heimlandet sitt.

Først peikar ho på at akademia i Israel faktisk eksisterte før staten Israel blei grunnlagt i 1948. Ho viser til at både the Hebrew University, the Technion - Israel Institute of Technology og Weizmann Institute of Science allereie var etablerte då.

– Og noko av det første den nye staten gjorde det første tiåret, var å vedta ei lov som garanterte full akademisk fridom, fullt autonomi for høgare utdanningsinstitusjonar og eit råd for høgare utdanning, fortel ho.

– Det er eit politisk og demokratisk tilbakeslag

No er ho vitne til at denne stolte akademiske historia kan stå for fall.

– Det skjer eit totalangrep på statlege institusjonar i Israel, og sidan heile akademia i landet er offentlege institusjonar finansiert av staten, inkluderer angrepsmålet også akademia. Det er eit politisk og demokratisk tilbakeslag, konstaterer ho.

Reformer av dei grunnleggjande lovene i Israel:

- den siste regjeringa til statsminister Benjamin Netanyahu kom til makta 29. desember 2022

- den 4. januar 2023 kunngjorde regjeringa at den ville reformera Israels grunnleggjande lover (den uskrivne grunnlova), slik at Høgsterett ikkje lenger vil kunna overstyra regjeringsvedtak som dommarane synest er urimelege. Forslaget blei vedtatt av det israelske parlamentet Knesset 24. juli.

- eit anna forslag inneber at regjeringa kan utnemna dommarar til Høgsterett, gjennom oppretting av ein eigen utveljingskomité for domstolane. Uavhengige juridiske rådgjevarar i departementa skal erstattast med politisk utnemnde rådgjevarar. Statsrådane skal heller ikkje kunne ta omsyn til råd frå regjeringsadvokaten.

-reformforslaga er blitt lagde fram av justisminister Yariv Levin med støtte frå statsminister Benjamin Netanyahu og leiarane for alle partia i regjeringskoalisjonen.

-opposisjonspartia og fleirtalet av israelarane er imot.

- motstandarane av lovforslaget meiner at dette torpederer maktfordelingsprinsippet i Israel

- akademikarar,forskarar og studentar opplever at reformene også råkar den akademiske fridomen,fryktar at Israel utviklar seg i same udemokratiske retning som Ungarn, Tyrkia og Polen.

-demonstrantane seier at reformene skjer som ein fylgje av at dei ultraortodokse religiøse partia i regjeringa til Benjamin Netanyahu vil forma ein ny politikk utan maktfordelingsprinsippet.

- nokre av demonstrantane fryktar at Israel kan bli eit teokrati eller eit prestestyre.

(Kjelder: Haaretz BBC, NRK , Gili Drori, the Hebrew University i Jerusalem, Wikipedia )

Over horisonten ser ho at det nærmar seg eit endå alvorlegare forsøk på trugsmål mot akademia. 

– Det vil råka både akademias fridom til å organisera seg sjølve under ein viss kontroll, det akademiske sjølvstendet og den akademiske fridomen, altså retten og fridomen forskarar har til å velja kva dei vil forska på, fryktar ho.

Den ungarske protokollen

No ser ho for seg bruken av det ho kallar for den ungarske protokollen. Det er seks eller sju område som blir nytta som målskiver for å truga det politiske og sivile samfunnet, og akademia er absolutt eitt av dei.

– Det er det me no prøver å hindra skjer i Israel, seier ho trist. 

Den 29. desember 2022 overtok Benjamin  Netanyahu som statsminister, etter å ha danna ei regjering med nokre av dei mest ultraortodokse høgrepartia i Israel. Og seks dagar seinare, 4. januar 2023 kunngjorde regjeringa at den ville reformera grunnlova.

– Det er inga reform, derimot eit alvorleg åtak på domstolane og rettsvesenet i Israel. Det er eitt av 225 lovforslag frå denne regjeringa, og det viser kor omfattande det demokratiske tilbakeslaget kan bli, understrekar ho.

På kort tid klarte akademia å organisera ein kraftig motstand mot lovforslaga. Slagordet blei  «Utan demokrati er det ingen akademia»

 – Ganske kjapt begynte me å bera  T-skjorter med protestslagord, og me blei ei gruppe det var lett å identifisera i demonstrasjonane. Studentar og forskarar deltar saman, men også kvar for seg i protestane, fortel ho.

Universitetsleiarar protesterer

Også universitetsrektorar og andre universitetsleiarar har engasjert seg og kome med erklæringar mot desse reformforslaga frå regjeringa som er eit alvorleg trugsmål mot akademia.

– Det er like rundt hjørnet før det blir sett høgt opp på dagsordenen i Israel, trur ho.

Men det finst også eit mindretal blant akademikarane som støttar regjeringa sine forslag til lovendringar. Rundt 300 av dei har skrive under på ei støtteerklæring der dei sluttar seg til desse reformene.

– Me er i ein naudsituasjon

– Kva kan akademikarar i Noreg, Skandinavia og Norden gjera for å støtta akademikarane i Israel?

– Sjølv vil eg gå ut av komfortsona mi og ta opp situasjonen for akademia i Israel under førelesinga eg har på eit internasjonalt forskarseminar ved Universitetet i Oslo på fredag. Grunnen er at eg meiner at me no er i ein naudsituasjon. Det må akademikarar over heile verda vera klar over, seier Gili Drori.

Så listar ho opp Polen, Ungarn og Tyrkia som land der den akademiske fridomen er under åtak. Då utelet ho med vilje land som Nord-Korea, Kina og udemokratiske land i Afrika som døme.

– Dei landa eg nemner ligg nemleg i vår eigen bakgard, og me har late dei få halda på. Når det kan skje i Israel, kan det skje i andre demokratiske land også, åtvarar ho.

– Det burde uroa folk i andre land 

Gili Drori underslår heller ikkje at heimlandet hennar på mange område har eit dårleg omdømme.

– Det er sant at Israel er i ei årelang konflikt med nabolanda sine, og det er sant at det i over 40 år har okkupert palestinsk land. Det overskyggar ofte problemet med at demokratiet er i tilbakegang der no. Og det har skjedd på dei siste åtte månadane. Det burde uroa folk i andre land også, synest ho.

– De bør støtta oss og vera merksame på farene mot akademia også i andre delar av verda. Akademia i Israel blir angripen av  BDS ( den globale kampanjen for akademisk boikott av Israel/Red. merknad) og er målet for boikottar av ulike slag for det som den israelske staten står bak.

Det meiner ho kan skada den akademiske fridomen i Israel. 

– På den måten svekkjer dei dei kreftene i sivilsamfunnet som støttar opp om tankefridom og ytringsfridom. Derfor må de no hjelpa oss i denne kampen, oppfordrar ho.

• Les meir om presset mot akademisk ytringsfridom:

Tyrkia: Sjølvstyret til universiteta og pressefridomen er under sterkare press

Polske myndigheter øker presset mot akademia

Polens president nekter Michal Bilewicz å bli professor – Situasjonen er absurd

Universitetet i Ungarn som måtte dra i eksil til Wien

Overlever som uavhengige forskarar utanfor den ungarske statens grep

– Krigen understreker behovet for et uavhengig hviterussisk universitet

 

• Les meir om akademisk boikott av Israel: 

Ueinig i akademisk boikott av Israel

Ynskjer akademisk boikott av Israel

 

 

Emneord: Israel, Akademisk fridom, Menneskerettar, Interasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 31. aug. 2023 14:08 - Sist endra 5. sep. 2023 10:56

If you listen closely, you'll hear me playing the world's tiniest violin.

conorak@ntnu.no - 30. jan. 2024 19:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere