Universitetet i Ungarn som måtte dra i eksil til Wien

Det sentraleuropeiske universitet i Budapest valde å flytta til Wien. Grunnen var at den ungarske regjeringa ville nekta universitetet retten til å dela ut vitnemål til studentar i Ungarn. Uniforum har besøkt det gamle hovudkvarteret.

Ein universitetsbygning i Budapest

FLYTTA: Denne bygningen var hovudkvarteret til Det sentraleuropeiske universitetet (CEU) i Budapest.  No er universitetet flytta til Wien, men framleis held administrasjonen og eit forskingsinstitutt til i bygningen. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Budapest, Ungarn: 

I 2017 var det store demonstrasjonar i Budapest til støtte for Det sentraleuropeiske universitetet (Central European University/CEU). Då prøvde regjeringa å strupa universitetet som dei meinte var ein reiskap for den superrike amerikanske velgjeraren George Soros, som opphavleg kjem frå Ungarn. Gjennom å endra det juridiske regelverket, slik at berre universitet som var registrerte innanfor EU kunne dela ut vitnemål til studentar i Ungarn, prøvde regjeringa å pressa Det sentraleuropeiske universitetet ut av landet. For CEU var registrert i USA, men ikkje under jurisdiksjon av den føderale regjeringa. Derfor måtte delstatsregjeringa i New York forhandla med den ungarske regjeringa om situasjonen til CEU.

Det sentraleuropeiske universitetet (CEU):

1320 studentar, av dei er rundt 20 prosent frå Ungarn, resten frå over 100 ulike land.

Presenterer seg som ein forkjempar for ytringsfridomen med linkar til universitet i Russland, Kirgisistan, Georgia og Kasakhstan.

Universitetet sjølv  skriv at det er grunnlagt  for å «gjenoppliva intellektuell fridom i dei delane av Europa som har vore tyngde ned av kommunisme og fascisme.»

Grunnleggjar er ungarskfødde George Soros, som framleis delvis finansierer universitetet.

Aktuelt: Måtte flytta frå Budapest til Wien i 2018 fordi den ungarske regjeringa fråtok det retten til å dela ut vitnemål i Ungarn.

(Kjelder: CEU, Zsolt Enyedi, Éva Fodor,Uniforum og Wikipedia

 

Etter at dei hadde kome fram til eit utkast til ein avtale, nekta Ungarns regjering å skriva under på avtalen. Det førte til at universitetet ikkje lenger kunne tilby bachelor- eller masterprogram til studentar i Ungarn og heller ikkje kunne dela ut vitnemål til dei.

90 prosent av dei offentlege universiteta i Ungarn har samtidig blitt omorganiserte til stiftingar med eigne styre med medlemar som er politisk oppnemnde av regjeringa til Viktor Orban. Nokre er også blitt privatiserte, og har styre med medlemar som er lojale til regjeringa.

Trass i den store støtta frå innbyggjarane i Budapest, blei det så vanskeleg for Det sentraleuropeiske universitetet å vera der at leiinga bestemte seg for å flytta heile institusjonen til Wien. Dit pendlar no både tidlegare prorektor Zsolt Enyedi og noverande prorektor Éva Fodor ein gong i veka for å undervisa studentane sine, for dei vil halda fram med å bu fast i Budapest. I vår møtte Uniforum dei to universitetsleiarane for å høyra meir om korleis situasjonen er for dei og Det sentraleuropeiske universitetet.

Zsolt Enyedi var prorektor for CEU i dei turbulente åra mellom 2016 og 2021. Statsvitskapsprofessoren har framleis kontor i den forlatne hovudbygningen til universitetet i sentrum av Budapest, og no er han knytt til forskingssenteret CEU Democracy Institute. Bygningen tilhøyrer framleis universitetet.

 

 

 

– Det er altså mogleg å overleva på den måten

MANGE AKTIVITETAR; – Det administrative personalet vårt arbeider framleis her. Og me har også etablert forskingsinstituttet CEU Democracy Institute.. Slik prøver me å halda i gang så mange aktivitetar som mogleg,  seier tidlegare prorektor Zsolt Enyedi ved Det sentraleuropeiske universitetet (Foto: Ola Gamst Sæther)

For Zsolt Enyedi er det tøft å pendla til Wien for å kunna halda førelesingar.

– Nokre individ pendlar, eg er ein av dei, men mange andre av kollegaene mine måtte flytta på seg, selja bustaden sin i Budapest og starta eit nytt liv i Wien, fortel han.

 – Kor ofte drar du sjølv til Wien?

– Minst ein gong i veka, for eg må vera der tre dagar kvar veke sidan eg underviser.

– Korleis er det for deg å føra eit slikt pendlarliv?

– Det er ikkje særleg godt. Togturen tar tre timar kvar veg. For meg er det mogleg å jobba på toget, så lenge medpassasjerane ikkje bråkar for mykje. Problemet er at me må kryssa ei grense, og under covid-pandemien blei det ei verkeleg grense. Men det er langt verre for dei som kjører eigen bil. I tog legg ein nesten ikkje merke til det, sidan pendlinga skjer innanfor EU, seier han.

Men det er ikkje det som er verst med flyttinga til Wien.

– Det er altså mogleg å overleva på den måten. Problemet er at me hadde eit veldig bra universitet som fungerte godt her i mange år sidan det blei starta i 1991. Ja, det var det absolutt aller beste ungarske universitetet. Og no held det til i Wien.

– No opplever me det motsette

Sjølv kunne Zsolt Enyedi aldri ha tenkt seg at det kunne skje.

– Situasjonen er blitt stadig forverra dei siste 12 åra. Ungarn er i ferd med å reisa tilbake til kommunismen, tykkjer han.

Og den tida hugsar han godt.

– På 1980-talet var eg sjølv aktiv og erfarte korleis diktaturet blei meir og meir liberalt og meir avslappa og gav plass til meir mangfald, og både mediefridom og generell fridom var tillate. No opplever me det heilt motsette.

– Korleis er dagens regime samanlikna med regimet frå den tida?

– I staden for kommunisme har me ein slag høgrevridd nasjonal-konservativ ideologi, men praksisane er ganske like, konstaterer han.

Flyttinga av Det sentraleuropeiske universitetet frå Budapest til Wien har vore ei stor bør både for han og dei andre tilsette.

- Prosessen er enno ikkje avslutta, for me er framleis i ferd med å flytta aktivitetar frå den eine byen til den andre, seier han og peikar på den store bokskatten universitetet har i Budapest.

– Biblioteket me har her, er det aller beste mellom Wien og Tokyo. I den bygningen me held til i Wien, har ikkje nok plass til at me kan flytta alle desse bøkene dit, seier han.

NEST MEST INTERNASJONALE: – No vil me tilby fleire studium på både bachelor- og masternivå. Nyleg kåra ei rangering CEU som det nest mest internasjonale universitetet i universitetet i verda, seier Zsolt Enyedi. (Foto: Ola Gamst Sæther)

I Budapest står framleis den prisvinnande bygningen til Det sentraleuropeiske universitetet..

– Det administrative personalet vårt arbeider framleis her. Og me har også etablert forskingsinstituttet CEU Democracy Institute.. Slik prøver me å halda i gang så mange aktivitetar som mogleg. Men studentane held til i Wien, saman med mesteparten av dei vitskaplege tilsette. Her sprudla det tidlegare av masse liv i bygningen. No er korridorane tomme, fortel han.

Zsolt Enyedi viser til at CEU både var og er eit internasjonalt universitet.

– Tidlegare var rundt ein femtedel av studentane frå Ungarn, men no er det endå færre. Dei fleste studentane kjem frå andre land, og dei er der berre mellom to og tre år. No vil me tilby fleire studium på både bachelor- og masternivå. Nyleg kåra ei rangering CEU som det nest mest internasjonale universitetet i verda, seier han stolt.

– Me tenkjer å fylla bygningen med liv

Zsolt Enyedi trur det er lite sannsynleg at universitetet nokon gong vil venda tilbake til Budapest. Han tvilar på at tilsette som har flytta frå Budapest med familie og barn for å starta eit nytt liv i ein ny by med eit nytt språk, vil bryta opp på nytt og flytta tilbake igjen. Men dei har likevel tankar om kva dei kan bruka universitetsbygningen i Budapest til. Og då me tar kontakt med han før helga, oppdaterer han oss om at det alternative Theatre and Film University, som blei starta av oppsagte professorar og studentar ved det offisielle universitetet for teater og drama, no kan ha kursa sin i det gamle hovudkvartertet til CEU i Budapest. 

– Me tenkjer å fylla bygningen med liv. Derfor har me etablert forskingsinstituttet for demokrati, CEU: Democracy Institute. Me ynskjer også å bruka bygningen som ein fristad for andre akademikarar som er i fare til dømes frå Tyrkia, Ukraina, Russland og andre land. Dessutan planlegg me å oppretta stipend for ungarske akademikarar som vil ta ulike forskingsprogram her, fortel han.

– Flyttinga har gripe hardt inn i liva våre

No er professor i kjønnsstudiar, Éva Fodor med i leiinga for Det sentraleuropeiske universitetet. Ho er prorektor for analysar og framtidsutsikter ved Det sentraleuropeiske universitetet.

Uniforum møter henne i Budapest før ho skal pendla vidare til Wien der universitetet planlegg å byggja eit nytt campus. Ho lovar at universitetet samtidig vil gjera alt som står i deira makt for å ta best mogleg vare på det gamle campuset i Budapest. Sjølv har både ho og familien vore sterkt påverka av flyttinga av universitetet frå Budapest til Wien.

HAR AVSKAFFA SJØLVSTENDET: – Den ungarske regjeringa har også avskaffa sjølvstendet til nesten alle dei akademiske institusjonane i landet ved å endra styringsstrukturen deira, seier prorektor Éva Fodor ved Det sentraleuropeiske universitetet (CEU). (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Det har vore vanskeleg, for eg har to barn i skulealder som gjer at det er vanskeleg å flytta på seg. Derfor pendlar eg. Eigentleg er det ein ubehageleg situasjon, for tenåringsbarna mine treng meg, og det gjer også kollegaene mine i Wien. Flyttinga har på mange måtar gripe hardt inn i liva våre, sjølv om pendlinga skjer med ein tre timar lang hyggeleg togtur, fortel Éva Fodor til Uniforum.

– Ei avgrensing av den akademiske ytringsfridomen

Ho har undervist i kjønnsstudiar ved Det sentraleuropeiske universitetet og tatt doktorgrad i sosiologi ved University of California i Los Angeles. I dag kan ikkje fagfellane hennar i Ungarn etablera offisielle studiar i dette temaet.

– Sidan 2018 har det ikkje vore mogleg å etablera bachelor- eller masterprogram i kjønnsstudiar ved ungarske universitet. Det blir nok førelese om dette temaet, men under andre studieprogram. Men på CEU kunne me likevel ha slik undervisning, sidan me var registrert som eit universitet under amerikansk lovgjeving. Likevel er dette eit stort inngrep i den akademiske fridomen som institusjonane skal ha for å etablera eigne studieprogram. Den ungarske regjeringa driv på med ei klar avgrensing av den akademiske fridomen, understrekar ho.

– Korleis vil du skildra situasjonen for den  akademiske ytringsfridomen i Ungarn?

– Eg har aldri høyrt at nokon er blitt stansa gjennom det dei ytrar på førelesingar. Men eg trur det finst ein utstrekt grad av sjølvsensur for å unngå at andre melder frå om meiningane deira til styresmaktene. Den ungarske regjeringa har også avskaffa sjølvstendet til nesten alle dei akademiske institusjonane i landet ved å endra styringsstrukturen deira. Nokre blei offentlege stiftingar med eit styre med medlemar peika ut av regjeringa, medan andre universitet blei privatiserte og fekk eit styre med medlemar som også var lojale til dagens ungarske regjering. Også den som er administrativt og økonomisk ansvarleg for universiteta, blir politisk utnemnt av regjeringa.

– Så langt har Ungarns største og eldste universitet ELTE  (Eötvös Loránd University) unngått nyorganiseringa. Trur du at det er mogleg for dei å unngå den same utviklinga?

– Dei tilsette har mange forum der dette blir diskutert. Sjølv trur eg det vil vera vanskeleg for ELTE å unngå dette. Då Universitetet for teater og dramas rektor med støtte frå dei tilsette demonstrerte mot dei føreslåtte endringane av styringa av institusjonen, gav regjeringa rektor sparken og sette inn ein ny og etablerte ein ny institusjon, fortel ho.

– Det er all grunn til å tru at me blir verande i Austerrike

Éva Fodor meiner at så lenge Det sentraleuropeiske universitetet heldt til i Budapest, trekte det til seg intellektuelle frå heile verda til seminar og konferansar. No er det ikkje like attraktivt å koma til Budapest lenger.

– Heller ikkje ungararar som tar ein bachelor- eller mastergrad i Noreg eller Nederland ynskjer å koma tilbake for å jobba i Ungarn. Så det går føre seg ei slags hjerneflukt i Ungarn.

– Og korleis ser du på framtida til Det sentraleuropeiske universitet i Wien?

– Eg håpar den er lys. Wien er ein fantastisk by. Det er ein del byråkratiske vanskar, for dei austerrikske byråkratane er endå meir byråkratiske enn dei ungarske. Det kan vera vanskeleg for studentane våre å koma inn i landet. Det blir lettare å rekruttera studentar og folk til vitskaplege stillingar når me no skal byggja eit nytt campus. Dessutan krev austerrikske styresmakter at me opprettar fleire studieprogram på lågare grad, noko dei ungarske ikkje gjorde. Det er all grunn til å tru at me blir verande i Austerrike og det er det me også planlegg å gjera, konstaterer ho.

– Ikkje mykje rom for tankar om demokrati

– Den ungarske regjeringa inviterte også Fudan University i Kina til å etablera ein regjeringsfinansert filial i Ungarn. Kva tykkjer du om det?

– Regjeringa har også finansiert mange fotballstadionar. Eg synest det er endå betre at den finansierer universitet, men då bør det fortrinnsvis vera universitet som forsvarar den akademiske fridomen noko Fudan University ikkje er kjent for å gjera, sjølv om det har ein høg standard på tekniske og medisinske fag. Det er ikkje mykje rom for tankar om demokrati og å læra opp studentar til å bli gode demokratiske borgarar der, peikar ho på.

 

 UTANFOR UNGARN: – Derfor vil eg heller senda barna mine til eit universitet utanfor Ungarn, kanskje til Oslo. For eg fryktar den politiske indoktrineringa og restriksjonane på dei ikkje-tekniske og ikkje-medisinske faga, seier prorektor Éva Fodor. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Når Uniforum trekkjer fram at Universitetet i Oslo har eit lite senter for Kina-studiar, med ein tilsett finansiert av den kinesiske regjeringa, men administrativt underlagt Det humanistiske fakultetet, og kva ho tenkjer om det, vil ho helst ikkje seia noko om det.

– Det vil eg ikkje kommentera, men det er ein skilnad på eit heilt kinesisk universitet finansiert av Kinas regjering og å ha eit lite Kina-senter på eit universitet. Det er likevel alltid viktig å ha internasjonale studentar på eit universitet, meiner ho.

– Deprimerande

Éva Fodor oppfordrar også UiO til å senda studentar til Det sentraleuropeiske universitetet.

– Me er eit universitet som stadig klatrar høgare på alle rangeringar, både innanfor statsvitskap, sosiologi og politisk filosofi, så me trur CEU også vil vera attraktivt for både bacherlor- og master- studentar frå UiO. Og no har me også flytta litt nærare Oslo, smiler ho.

Men når ho skal skildra situasjonen i dagens Ungarn, blir ho straks alvorleg igjen.

– Det er spesielt deprimerande om du er ein akademikar. Fridomen og livet ditt blir meir og meir restriktivt. Og for dei på min alder, så minner det om kommunisttida då du ikkje kunne uttrykkja det som var politisk uakseptabelt i ei førelesing, du måtte alltid gjera det mellom linjene. No ser eg at  dette er på veg tilbake. Det er trist. Derfor vil eg heller senda barna mine til eit universitet utanfor Ungarn, kanskje til Oslo. For eg fryktar den politiske indoktrineringa og restriksjonane på dei ikkje-tekniske og ikkje-medisinske faga, seier ho.

"Det einaste unntaket var Soros-universitetet"

Uniforum prøvde før me drog til Ungarn  å få ein intervjuavtale med representantar for dei ungarske styresmaktene for at dei skulle få høve til å forsvara seg mot kritikken av den akademiske ytringsfridomen i landet.  Me fekk aldri noko svar.  Statsminister Viktor Orbán kommenterte på sine eigne nettsider i september 2019 avgjerda til CEU om å flytta til Wien. 

URETTFERDIG KONKURRANSEFORTRINN: Statsminister Viktor Orbán meiner at CEU hadde eit urettferdig konkurransefortrinn samanlikna med dei andre universiteta i Ungarn. (Arkivfoto: Wikimedia Commons)

"På 1990-tallet innførte Soros lojale allierte Bálint Magyar – utdanningsminister i ein regjerande koalisjon av liberale og eks-kommunistar – ein regel som gav Soros-universitetet eit urettferdig konkurransefortrinn i forhold til ungarske universitet. Me lukka dette smottholet ved å krevja at alle utanlandske universitet som er til stades i Ungarn opererer under dei samme forholda og overheld Ungarns lovgiving om høgare utdanning. Med eitt unntak oppfylte alle slike universitet desse regulatoriske vilkåra utan problem. Det einaste unntaket var Soros-universitetet. For grunnleggjaren var det større fordeler å oppnå ved å ropa ulv og organisera en internasjonal kampanje mot Ungarn enn berre å gi opp privilegia han hadde tileigna seg," gjekk det fram av kommentaren til Viktor Orbán på den offisielle nettsida til statsministeren, ifylgje Hungary Today

 

 

 

 

• Les meir om akademisk ytringsfridom i Ungarn: 

Overlever som uavhengige forskarar utanfor den ungarske statens grep

Ungarn: Kjønnsstudium blir nedlagde medan studentar kjempar for tankefridom

Toppakademikarar trur Viktor Orbán vil vinna på nytt

Over 50 000 demonstrerte til støtte for universitet i Ungarn

Universiteter sjokkerte over Ungarn

(Artikkelen er støtta av Stiftinga Fritt Ord) 

Emneord: Ungarn, Akademisk fridom, Internasjonalisering, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 15. aug. 2022 04:30 - Sist endra 18. aug. 2022 11:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere