Overlever som uavhengige forskarar utanfor den ungarske statens grep

Uavhengige forskarar i Ungarn er blitt så uavhengige at dei har takka nei til bidrag frå det statskontrollerte vitskapsakademiet. No har dei starta eigne forskaralliansar. Uniforum har møtt juristen Viktór Lörincz og sosiologen Marie Heller.

Portrett av ein mann som sit i ein sofa

PROTESTAR: – Då me fekk vita at regjeringa ville kutta ut å gi ei grunnløyving direkte til Vitskapsakademiet, og kanalisera alle pengane til finansiering av prosjekt, organiserte me masse protestar mot forslaget, fortel juniorforskar Viktór Lörincz ved det uavhengige Institutt for juridiske studiar i Budapest. 

Foto: Ola Gamst Sæther

BUDAPEST, UNGARN: 

I eit hypermoderne kontorbygg i eit tidlegare industriområde i Budapest held juniorforskar Viktór Lörincz på Institutt for juridiske studiar til. Etter at dei valde ikkje å mista det akademiske sjølvstendet sitt for å halda fram som eit senter for framifrå forsking under det ungarske vitskapsakademiets statskontrollerte venger, blei nokre av institutta dei tilhøyrde kasta ut av gamle og ærverdige lokale i sentrum av Ungarns hovudstad. Dermed måtte dei ut på husjakt og hamna i ein bygning i eit område som tidlegare var kjent for det enorme slakteriet sitt.

Viktór Lörincz er visepresident for eit uavhengig nettverk av akademikarar i Ungarn, the Hungarian Academy Staff Forum. Nettverket organiserer forskarar som tilhøyrer forskargrupper som tidlegare var knytte til the Hungarian Academy of Sciences. (Det ungarske vitskapsakademiet) Då akademiet mista sjølvstendet sitt og blei ein del av den ungarske staten, ville mange av forskarane ikkje lenger tilhøyra akademiet, og organiserte sin eigen organisasjon utanfor akademiet.

Ungarn: 

Folketal: 9,7 millionar (2020)

Hovudstad: Budapest, 1,7 millionar innbyggjarar

Flatemål: 93 000 kvadratkilometer

President: János Áder, frå partiet Fidesz

Statsminister: Viktór Orbán (sidan 2010) frå partiet Fidesz

Opposisjon: Seks parti har alliert seg i  Foreina Ungarn

Felles statsministerkandidat: Péter Marki-Zay

Aktuelt: Statsminister Viktor Orban og partiet Fidesz vann parlamentsvalet med 54 prosent av stemmene den 3. april. 

Har innført ei lov som fungerer som eit institusjonelt forbod mot å tilby master- og bacherlorgrader i kjønnsstudiar. 

Har innført ei lov som organiserer nesten alle universitet som stiftingar med styremedlemar på livstid. 

Har fått statleg kontroll over Vitskapsakademiet som tidlegare bestemte sjølv over bruken av statlege tildelingar. 

Forskarar har organisert seg i uavhengige forskingsalliansar utanfor akademiet. 

(Kjelder: Wikipedia, Viktór Lörencz, Marie Heller, the Hungarian Academy Staff Forum og the Hungarian Networks of Academics)

 

– Den illiberale politikken starta i Russland

Som jurist har Viktór Lörincz  sett spora av den illiberale politikken til statsminister Viktór Orban i mange år allereie. Han meiner at oppskrifta på denne politikken eigentleg starta i Russland, før den smitta over til andre land i denne regionen.

– Her finn du verktøyet for korleis du skal takla media, delvis frå Russland og delvis frå spinndoktorar som har gjort det same i andre land. Derfor må folk under parlamentsvalet også ta stilling til tiltak som har å gjera med homoseksualitet og om barn skal skjermast for påverknad om seksuell orientering frå organisasjonar for homofile i i skulevesenet. Den same lova blei vedtatt i Russland i 2010. Og Vladimir Putin sette også gang fleire politiske åtak på Vitskapsakademiet på same måte som det som skjedde rett etter kollapsen av Sovjetunionen. Det same hende både i Polen, i Turkmenistan og i Tsjekkia, men det var ikkje så ekstremt som i Ungarn, meiner han.

 Og i Ungarn kutta dei også ned på løyvingane til forsking.

– Som grunngjeving brukte dei at det var behov for offentlege innsparingar for å få fart på økonomien. Det same skjedde i mange andre land i vesten der regjeringane ville løyva mindre pengar til utdanning.

– 5000 forskarar organiserte seg i 20 uavhengige forskingssenter

Han peikar på at den tidlegare ministeren for teknologi og innovasjon i Ungarn, meinte at mesterparten av forskinga var grunnforsking og derfor ikkje var bruksretta.

– Derfor organiserte 5000 forskarar seg i 20 uavhengige forskingssenter. Og her som eg jobbar finst både Institutt for juridiske studiar, Institutt for politiske studiar og Institutt for sosiologiske studiar og minoritetsstudiar, fortel han.

Paradokset er at bygningen tilhøyrer Vitskapsakademiet, men staten kan ikkje ekspropriera den for å bruka den til andre ting.

– Då vil dei risikera å få ein dom mot seg i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, slik som skjedde då statsminister Viktór Orbán, nekta Det sentraleuropeiske universitetet retten til å driva eit universitet i Ungarn. Då dommen var klar, hadde universitetet allereie flytta til Wien, men om dei hadde vendt tilbake, trur eg Orbán likevel hadde klart å hindra dei å etablera seg på nytt, er Viktór Lörincz overtydd om.

Protesterte mot prosjektfinansiering

Forskarar og akademikarar i Ungarn har hatt tøffe tider under Viktór Orbáns regjeringar sidan 2010. Det er bakgrunnen for at dei etablerte eit nytt og uavhengig nettverk for akademikarar i Ungarn.

– Då me fekk vita at regjeringa ville kutta ut å gi ei grunnløyving direkte til Vitskapsakademiet, og kanalisera alle pengane til finansiering av prosjekt, organiserte me masse protestar mot forslaget. For med ei slik finansiering kunne ikkje folk vera sikre på om dei hadde ein sikker karriere i akademia. Me i the Hungarian Academy Staff Forum protesterte for me viste til at alle forskingseiningar måtte ha ei grunnløyving for å kunna overleva økonomisk. Draumen om å kunne bli ein uoppseieleg professor etter at du er blitt 45 år, er nesten uoppnåeleg, ikkje berre i Ungarn, men også i land i Vesten, peikar han på.

Prosjektfinansiering av forsking var altså mantraet som den ungarske regjeringa ville innføra etter modell frå land i Vesten.

VETO: – Og desse regjeringsutnemnde rektorane kan leggja ned veto mot å finansiera eit bestemt masterprogram eller anna prosjekt på universitetet. På den måten klarte regjeringa å skaffa seg innverknad på universiteta, fortel juniorforskar Viktor Lörencz ved Institutt for juridiske studiar i Budapest. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Ministeren for teknologi og innovasjon ville gjerne at styret for akademiet, der han sjølv også var medlem, skulle stemma for forslaget. Men dei stemte imot. Regjeringspartiet Fidecz vedtok derfor ei lov der det 200 år gamle akademiet blei skilt frå det 70 år gamle forskingsnettverket. Forskingsnettverket blei grunnlagt under kommunisttida i Ungarn, så derfor bli det ofte skulda for å vera kommunistisk. Og dei andre postkommunistiske statane i Aust-Europa har den same organiseringa, trekkjer han fram.

Lörencz samanliknar også Ungarn med Frankrike.

– I Frankrike er forskarnettverket knytt til staten og ikkje til Vitskapsakademiet. Frankrike ville ikkje støtta protestane våre for der er forskarnettverket også lagt under staten. Skilnaden er at der vil ikkje staten leggja press på forskingsnettverket. Her i Ungarn er det derimot brukt som ein metode for å få forskarane til å teia stille. Det er altså ein stor skilnad mellom å tilhøyra staten i Ungarn samanlikna med det som er tilfellet i andre land. Formålet var å skilja akademiet frå forskarnettverket sitt. Alle lovforslag som kjem opp i Ungarn, er ikkje moglege å stansa, og blir truleg til slutt vedtekne, slår han fast.

Etter hans meining står ikkje den akademiske ytringsfridomen lenger særleg sterkt i Ungarn.

– Sett frå EU si side er det nok problematisk, ikkje minst når du ser på lagnaden til det ungarske vitskapsakademiet. Den andre historia er sjølvsagt historia til Det sentraleuropeiske universitet (CEU). Dei kunne utvisa eit heilt universitet frå Ungarn av obskure grunnar. Før det var det også åtak mot kjønnsstudiar. Det var også eitt tilfelle der dei måtte skifta namnet på masterstudiet. Så saka om det sentraleuropeiske universitetet var ikkje det første overtrampet. Det var mange andre mindre saker før det, oppsummerer han.

Regjeringa utnemner universitetsrektorarane

Han viser til endringa i oppnemninga av universitetsrektorarar. Universitetslova blei i 2014 endra slik at regjeringa utnemner desse rektorane som heller ikkje er med i styret for institusjonane.

– Og desse regjeringsutnemnde rektorane kan leggja ned veto mot å finansiera eit bestemt masterprogram eller anna prosjekt på universitetet. På den måten klarte regjeringa å skaffa seg innverknad på universiteta. I tillegg klarte regjeringspartiet å skapa ein inflasjon i professortitlar ved å utnemna politikarar utan vitskapleg kompetanse til professorar, seier han og trekkjer fram eit konkret døme. 

– Ein venn av Orbán hadde berre ein mastergrad, men ville gjerne bli professor. Dermed blei han først utnemnt til æresdoktor, før han blei utnemnt til rektor ved Den ungarske idrettshøgskulen. Til slutt blei han også vald til leiar for Universitetsrådet i Ungarn der alle rektorane er representerte. Men sjølv har han altså ikkje professorkompetanse. Det er som då Caligula gjerne ville utnemna hesten sin til konsul, seier han med galgenhumor.

– Det blir også eit problem for ungarske professorar med alle vitskaplege kriterium i orden, legg han til.

Organiserte universitet som stiftingar

Men det er ikkje den einaste reforma den ungarske regjeringa har gjennomført.

– Den har også organisert nesten alle universiteta, med unntak av Ungarns eldste universitet ELTE og eit anna hovudstadsuniversitet, som stiftingar. Styremedlemane i desse stiftingane er ofte politikarar utnemnde av regjeringa, og dei sit der på livstid.

– Ein av dei som sit der er ein Kina-vennleg, tidlegare justisminister, som også har vore ambassadør i Brussel og medlem av EU-parlamentet. Om dei døyr, bestemmer dei andre styremedlemane i stiftinga kven som skal erstatta dei. Denne ordninga er det berre mogleg å endra dersom forslaget får to tredjedels fleirtal i Parlamentet. Så lenge opposisjonen ikkje klarer det, vil politikarar frå Fidecz halda fram med å sitja i desse styra, konstaterer han.

Nokre dagar etter dette intervjuet var det parlamentsval i Ungarn. Då blei det klart at regjeringspartiet Fidecz hadde vunne, og skaffa seg to tredjedels fleirtal. Dermed vil nyorganiseringa av universiteta og forskingsnettverka halda fram.

Rapporterte til EU-parlamentet om presset mot akademia

Marie Heller, er førsteamanuensis i sosiologi på Eötvös Loránd-universitetet i Budapest (ELTE). Ho sit i eit svært lokale på Donaus Buda-side som Det samfunnsvitskaplege fakultetet disponerer. Eit av områda ho forskar på er kjønn og minoritetar. Ho er også ein sentral person i det ungarske akademikarnettverket (the Hungarian Networks of Academics) og har vore medforfattar av dei to rapportane «Hungary turning its back to Europe», der den første handlar om tida frå 2010 til 2019, medan den siste tok føre seg åra frå 2020 til og med 2021. Den første rapporten blei lansert for EU-parlamentet Brussel i januar 2020, rett før starten på koronapandemien.

HASTEFORSLAG:   – Det var retta mot det ungarske vitskapsakademiet. Då forslaget blei lagt fram, fekk direktøren for akademiet 53 minutt  på seg til å reagera. Dei fekk tilsendt forslaget i lunsjtida ein fredag, fortel Marie Heller, førsteamanuensis i sosiologi ved Eötvös Loránd-universitetet i Budapest. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 

– Meininga var at det skulle bli ei kort oppsummering av korleis situasjonen var for akademia i Ungarn. Det enda opp med å bli ei bok på over hundre sider, fortel Marie Heller til Uniforum. Ho var svært nøgd med at den ikkje berre blei presentert for ungarske medlemar av EU-parlamentet, men også for medlemar frå mange av dei andre EU-landa.

– Både medlemar frå Frankrike, Polen og Romania las teksten og deltok i den etterfylgjande debatten. Samtidig blei rapporten også presentert for publikum og media i Ungarn. Dei to åra etterpå skjedde det så store endringar innanfor akademia og høgare utdanning i heimlandet vårt at me bestemte oss for å laga ein ny oppdatertert rapport om åra frå 2020 til og med 2021. Den er så fersk at eg enno ikkje har fått ei papirutgåve av den, fortel ho.

Til skilnad frå den første rapporten tok dei også med korleis regjeringa hadde handtert koronapandemien og blokaden av høgare profesjonell utdanning.  – Dessutan såg me på regjeringa si behandling av dei homofile, lesbiske, transseksuelle og andre kjønnsminoritetar.

– Ville auka makta innanfor kulturen

Etter hennar meining blei publiseringa av den nye rapporten ekstra viktig fordi statsminister Viktór Orbán sommaren 2018 drog til ungarskspråklege Transylvania i Romania for å lansera den nye politikken sin.

– Då sa han at det ikkje var nok at dei hadde makta i parlamentet og andre område. Dei måtte også styrkja makta si innanfor kulturen. Det skulle bli ein ny kulturpolitikk, fortel ho.

Marie Heller viser til at før Viktór Orbán la fram den nye kulturpolitikken hadde regjeringa forsøkt å reorganisera kulturen innanfrå.

– Dei organiserte til dømes parallelle forskingsinstitutt til dei som opphavleg tilhøyrde det ungarske vitskapsakademiet. Derfor etablerte regjeringa eit alternativt regjeringskontrollert institutt som skulle erstatta det tradisjonelle forskingsinstituttet for historie. Det står hovudsakleg til teneste for regjeringas politikk om minne frå fortida. Det handlar om den komplette feiltolkinga av den ungarske historia. Og så legg dei vekt på fullstendige uviktige krigar Ungarn kjempa for 700 år sidan, som dei rekna med at dei vann, registrerer ho tørt.

Marie Heller har ikkje noko særleg sympati med dei forskarane som arbeider på desse parallellinstitutta.

 – Dei tilhøyrer ikkje toppsjiktet blant forskaranem, og dei blir brukte for å laga propaganda for den ungarske regjeringa, slår ho fast.

– Det andre tiltaket regjeringa sette i verk var å etablera eit kontrakulturelt akademi sett saman av kulturarbeidarar som får store månadlege stipend for å fremja regjeringa sine politiske og demografiske synspunkt. Dei teatra som får pengar, må til gjengjeld setja opp teaterstykke av ultrakonservative dramatikarar om ungarske heltar, fortel ho.

– Det er forferdeleg

Etter talen til statsminister Viktór Orbán i 2018, skaut denne utviklinga endå større fart.

– Dei tok pengar frå etablerte kulturinstitusjonar og utnemnde ein mann til direktør for Litteraturmuseet. Han prøvde å kolonisera alt han kunne av kulturinstitusjonar med ein haug med pengar. Desse pengane forsvann frå andre delar av kulturlivet. Det same gjeld for museum og utstillingar. Kulturlivet er delt. Det er forferdeleg, slår ho fast.

Men regjeringa til Viktór Orbán stansa ikkje der. Marie Heller fortel at han etter kvart også kasta augo sine på universiteta, og ikkje berre på Det sentraleuropeiske universitetet (CEU) som til slutt måtte flytta til Wien.  

– Så grunnla regjeringa det nye universitetet, Universitetet for nasjonale tenester (University for national services). Regjeringa har berre tilsett sine eigne folk der. For studentane er det veldig fint å gå der, for dei slepp å betala skulepengar, samtidig som dei får solide stipend, og er sikra godt betalte departementsjobbar etterpå, slår ho fast.

– Fekk ei reaksjonstid på 53 minutt

Og så nemner ho det tredje store åtaket på dei akademiske institusjonane i Ungarn.

– Det var retta mot det ungarske vitskapsakademiet. Då forslaget blei lagt fram, fekk direktøren for akademiet 53 minutt  på seg til å reagera. Dei fekk tilsendt forslaget i lunsjtida ein fredag, fortel ho.  

Marie Heller peikar på at forslaget gjekk ut på at regjeringa skulle overta alle forskingsinstitutta deira.  

– Dei protesterte og gjorde alt dei kunne for å hindra det gjennom demonstrasjonar i gatene. Men regjeringa stod fast på forslaget og fekk det gjennomført. Dermed blei heile infrastrukturen for forsking tatt vekk frå vitskapsakademiet,  konstaterer ho.

Det aller siste åtaket på akademia var omorganiseringa av styret til økonomiuniversitetet Corvinus i Budapest for to år sidan.

– Dei skulle få masse pengar og bli organisert som ei stifting slik som i mange andre land. I USA sikrar det universiteta ei uavhengig stilling overfor styresmaktene fordi dei også får pengar frå private gjevarar, trekkjer ho fram.

– All makt blei flytta frå universitetskollegiet

Marie Heller minner om at regjeringa lova at dette skulle vera eit eingongstilfelle.

– Seinare tvang dei andre universitet inn i det same styringssystemet som det første, men dei fekk ingen pengar frå staten for gjera det. Og så blei all makt flytta frå universitetskollegiet til eit styre med medlemar utnemnde av regjeringa, og mange av dei står regjeringa nær. Det hender dei kan vera forskarar, men som oftast er dei folk som er tilsette i statsapparatet eller i næringslivet. Dessutan kan dei sitja der på livstid. Og universiteta har ingenting dei skulle sagt, når det gjeld kven som skal sitja i styret deira, forklarar ho.

Så langt er det berre fire universitet i Ungarn som ikkje er organiserte på denne måten. Eitt av dei er arbeidsgjevaren hennar ELTE, som også er Ungarns eldste og største universitet.

– Eitt av universiteta som gjekk hardast imot denne reforma var Universitetet for teater og film. Både studentane og professorane gjekk ut i gatene og protesterte og okkuperte universitetsbygningane i mange månader. Midt under pandemien blei dei fjerna av regjeringa, minnest ho.

– Styremedlemane sit på livstid

Etter å ha fått lovnad om høgare lønn, slutta professorane å protestera, men sidan universitet var statleg, meiner Marie Heller at regjeringa kunne ha gitt dei høgare lønn før demonstrasjonane starta også.

– Det som er sprøtt er altså at styremedlemane sit på livstid. Derfor kan ikkje ei mogleg ny regjering fjerna dei heller, seier ho fortvila.

Den økonomiske situasjonen til universiteta er også blitt svært forverra i høve til tidlegare.

– Tidlegare var universiteta finansierte på grunnlag av tre ting, studenttal, forsking og bygningar. Dette blei endra då Fidecz overtok regjeringsmakta. No er det einaste grunnlaget for pengetildelinga kor mange studentar universitetet har. Dermed blir universiteta berre interesserte i ha flest mogleg studentar.

– Forbaud kjønnstudiar

Det siste tiltaket regjeringa har sett i verk går direkte ut over Marie Heller sjølv og dei ho jobbar saman med på Det samfunnsvitskaplege fakultetet på ELTE.

STATLEG OKKUPASJON: – Det som har skjedd i Ungarn er ein statleg okkupasjon av akademia og kulturlivet, er konklusjonen til Marie Heller, førsteamanuensis i sosiologi ved ELTE-universitetet i Budapest. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Me hadde eit svært blomstrande kjønnsstudium. Det blei forbode. Så frå ein dag til den neste blei det ulovleg å driva med kjønnsstudiar, fortel ho.

• Les også: Ungarn: Kjønnstudium blir nedlagde, medan studentane kjempar for tankefridom

Rett nok kan dei kamuflera undervisning i kjønnsstudiar under eit anna fag, men det er likevel ikkje det same.

– Ingen kan i dag få eit diplom som seier at dei har tatt ein grad i kjønnsstudiar. Og det er heller ikkje mogleg å kalla det familiestudiar eller noko liknande, for det blir rapportert vidare til styresmaktene. Internasjonale organisasjonar for lesbiske, homofile, bifile og transkjønna (LHBT) har difor slutta å samarbeida med ungarske styresmakter. konstaterer ho.

– Det som har skjedd i Ungarn er ein statleg okkupasjon av akademia og kulturlivet, er konklusjonen til Marie Heller.  

– Me publiserer heilt ope

Sjølv er ho likevel ikkje redd for å seia kva ho meiner.

– Som medlem av det ungarske nettverket av akademikar føler eg ingen avgrensingar for å uttrykkja det eg har på hjarta. Og i nettverket publiserer me alle forskingsfunn heilt ope og med eit ope sinn . Til saman er me 600 personar i nettverket, og det blir bore oppe av nokre få enkeltpersonar. Og akkurat som meg, er dei andre også på slutten av den akademiske karrieren sin. Dei yngre medlemane er sjeldan dei som tar ordet eller vågar å visa ansikt, fortel ho trist.

– Og sjølv om me har akademisk fridom, var ikkje folk frie til å seia ifrå kva dei eigentleg meinte om nyorganiseringa av universiteta. Ein av professorane som vågde det, fekk gjennomgå av ein av universitetsrektorane, og fekk ikkje ta ordet då det blei debattert i universitetskollegiet, fortel ho.

– Ganske amputert

Marie Heller viser til at tidlegare har representantar for akademia deltatt i arbeidet med å laga ei liste over prioriterte langtidssatsingar i forsking og vore med på å gå gjennom søknadene.. Men i 2021 blei denne tradisjonen endra.

– Då endra statsråden denne lista for aller første gong. Det kom mange protestar mot det, då det blei offentleg kjent. Og dei som held fram med å forska under eitt av dei institutta som ligg under Vitskapsakademiet må få godkjent kvart enkelt prosjekt av direktøren for vitskapsakademiet. Derfor er den akademiske fridomen blitt ganske amputert, avsluttar ho.

Uniforum har også prøvd å koma i kontakt med den ungarske regjeringa for å få deira kommentar om situasjonen for den akademiske fridomen i landet. Men me fekk aldri svar på førespurnaden vår. 

 

• Les meir om Ungarn og akademisk fridom og akademisk ytringsfridom

Ungarn: Kjønnstudium blir nedlagde, medan studentane kjempar for tankefridom

LEIAR: Slå ring om den akademiske ytringsfridomen

Val i Ungarn: Toppakademikarar trur Viktor Orbán vil vinna på nytt

Europeisk universitetsleiar uroleg for brot på akademisk fridom

Ungarns statsminister gjer kuvending om kinesiske universitetsplanar

Over 50 000 demonstrerte til støtte for universitet i Ungarn

(Artikkelen er publisert med støtte frå Stiftinga Fritt Ord)

 

 

Emneord: Ungarn, Akademisk fridom, Menneskerrettar Av Martin Toft
Publisert 3. mai 2022 04:30 - Sist endra 1. juni 2022 13:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere