Europeisk universitetsleiar uroleg for brot på akademisk fridom

– Når det gjeld brot på akademisk fridom, er sjølvsagt det mest alvorlege det som skjer i Ungarn med presset mot Det europeiske universitetet og lagnaden for kjønnsstudiar. Det seier Jan Palmowski, generalsekretær i The Guild til Uniforum.

Portrett av ein mann med briller og dress

PRESS: – Faktisk så finst det tilfelle av press på det akademiske miljøet i Frankrike. Nokre franske ministrar har uttalt seg kritisk om både fag og metodologiar ved franske lærestader, seier generalsekretær Jan Palmowski i universitetsalliansen The Guild. 

Foto: Martin Toft

Akademisk ytringsfridom er i hardt vêr i Europa for tida. Det uroar Jan Palmowski som er generalsekretær i The Guild, den europeiske universitetsalliansen som også UiO er med i.

Dette er The Guild:

The Guild of European Research Intensive Universities

Danna i 2016 med 9 medlemsuniversitet, i dag har alliansen 21 medlemar

Dei første ni medlemane: Universiteta i Oslo, Bologna, Glasgow, Göttingen, Groningen, Krakow (Jagiellonian), Tübingen, Uppsala og Warwick.

I dag er også desse universiteta blitt med: Universiteta i Wien, Ljubljana, Tartu, Aarhus, Bern, Ghent, King’ s College, UCLouvain,  Babeș-Bolyai University, Université de Paris, Radboud University og Pompeu Fabra University.

Tidlegare UiO-rektor Ole Petter Ottersen var den første styreleiaren

Dagens UiO-rektor Svein Stølen er nestleiar i styret.

Styreleiar i dag: Vincent Blondel, rektor ved UCLouvain

Generalsekretær: Jan Palmowski. Kjem frå University of Warwick, England, der han er historieprofessor og tidlegare prorektor. Studerte ved University of York og University of Oxford.

The Guilds hovudkvarter: Brussel, Belgia

(Kjelder: The Guild, University of Warwick og Uniforum) 

Uniforum fekk eit ekslusivt intervju med han då han for ei tid sidan var på eit kort Noregsbesøk. I det akademiske fyrtårnet Europa står det ikkje lenger så bra til med den akademiske ytringsfridomen. Jan Palmowski trekkjer fram døme frå eit land som er kjent for sine stolte akademiske tradisjonar.

– Det er grunn til uro. Faktisk så finst det tilfelle av press på det akademiske miljøet i Frankrike. Nokre franske ministrar har uttalt seg kritisk om både fag og metodologiar ved franske lærestader. Og også i andre EU-land der du ikkje skulle tru at det fanst trugsmål mot akademisk fridom, finst det liknande tilfelle. Sjølvsagt er det mest alvorlege det som skjer i Ungarn med både presset mot Det europeiske universitetet og lagnaden for kjønnsstudiar. Dessutan er det også døme på at regjeringar har brukt den økonomiske makta si til å hindra overføringar til bestemte forskingsmiljø, berre basert på verdiar, konstaterer han. 

 • Les også:

UiO-rektor Ole Petter Ottersen leier ny universitetsallianse

– Har føreslått eit europeisk ombod for akademisk fridom

– Er det noko universitetsalliansen The Guild kan gjera for å hjelpa dei universiteta som blir utsette for dette?

– Det viktigaste me gjer, er å involvera oss sterkt i EU. Der kan me skapa merksemd rundt akademisk fridom på ulike nivå.

For oss er det viktig å understreka at alt me gjer innanfor utdanning og forsking, er grunnlagt på verdiar.  EU har i internasjonale relasjonar også lagt vekt på kor viktig den akademiske fridomen er som grunnlag for internasjonalt samarbeid og nyskaping.

The Guild har føreslått at det bør opprettast eit europeisk ombod som kan gripa inn dersom nokon trugar den akademiske fridomen. Det er også ein del samarbeid på dette området nært knytt til Europarådet.

Mange ting har skjedd som eg ikkje kunne sjå føre meg for tre eller fire år sidan. No gjer me vårt beste for å involvera oss i desse spørsmåla, fortel han.

– Alt skal vera så ope som mogleg

– I Russland, Tyrkia og i Kina lever også akademikarar og universitet under sterkt press og fare for å mista den akademiske fridomen sin. Kva kan me gjera for dei?

– EU er i ferd med å laga eit rammeverk som byggjer på at samarbeid må vera grunnlagt på verdiar. Men EU ynskjer ikkje å diktera dette og ber alle medlemslanda om å koma med eigne innspel. Forslaget vil truleg bli fremja i løpet av få år.

Når det gjeld å samarbeida med akademikarar i desse landa er dei ofte våre beste allierte. Samtidig må me stå fast på verdiane våre. Det er ikkje alltid like lett å stansa eit samarbeid kvar gong me  oppdagar eit  problem. Eigentleg har eg ikkje noko svært godt svar på det spørsmålet, bortsett frå at me heile tida må evaluera det me held på med. Og dette kan vera vanskeleg sidan me heile tida også skal fremja ei haldning om at alt skal vera så ope som mogleg. Det er det som er vårt DNA i global utveksling, understrekar han. 

Palmowski tykkjer det dei siste åra har vore mange fleire robuste spørsmål om det tvetydige i dei verdiane som openheita er basert på.

– Me skal også vera varsame for at me ikkje skal svinga for langt den andre vegen. Utdanning, forsking og innovasjon handlar også om konkurranse. Det er likevel klart at me står sterkast når me samarbeider, er han overtydd om.

– Afrikanske forskarar skal bli verdsleiande

Universitetsalliansen The Guild kunngjorde 20 februar 2020 at dei hadde underskrive ein avtale med afrikanske forskingsintensive universitet om saman å byggja opp dei afrikanske universiteta til europeisk nivå i løpet av 20 år. Palmowski meiner prosjektet er i god gjenge. 

– Her har Universitetet i Oslo med professor Peter Maassen i brodden vore i første linje. Saman har dei pressa på prosjektet i ei intellektuell retning gjennom data og akademiske prinsipp som The Guild og the African Research Universities Alliance (ARUA) er blitt einige om. For at Den afrikanske unionen sin 2063-agenda skal oppfyllast, treng me forskingsdrivne afrikanske universitet. Berre på den måten kan me utdanna den neste generasjonen afrikanarar til å bli verdsleiande i fagområde som biodiversitet, klimaendringar og teknologi, fortel han.

• Les også: Stenseth: – Forskingssatsinga i Afrika må også ha med biologisk mangfald

Og det skal dei få til ved å konsentrera seg om å byggja opp alliansar med partnarar i Afrika.

– Me ynskjer samarbeid med afrikanske universitet, men utan å stela ressursar frå Afrika. Me vil arbeida med dei og samarbeida med dei, men me vil forsikra oss om at dei har kapasitet til å arbeida saman med oss der.  Det vil vera ein fordel for begge partar. Ja, eg kan seia at dette går bra, smiler han.

Jan Palmowski ser fram til ein stor felles konferanse om samarbeidet den 22. november. 

– EU og Den afrikanske unionen (AU) er også i sluttfasen i å etablera ein felles strategi. Og me skal sørgja for at utdanning, forsking og innovasjon er ein del av det som står på agendaen, lovar han.

– Kva er det som blir hovudoppgåvene til universitetsalliansen The Guild framover?

– Hovudoppgåva vår er å bringa stemmene til universiteta våre til Brussel. Det er mykje som er viktig for oss, ikkje minst forskingsprogramma til EU, som til dømes Horisont Europa og Erasmus + og andre ting som har mykje å seia for oss, som helse. Regulering av helsedata og korleis me kan utveksla informasjon om det, er også ei viktig oppgåve. Europeisk lovgjeving og regulering av kunstig intelligens er også noko me vil engasjera oss i.  I diskusjonen rundt desse spørsmåla kan me representera dei europeiske universiteta. For oss er det viktig at alle avgjerdene som blir tatt støttar opp om utdanning, forsking og innovasjon.

UiO har spela ei viktig rolle

Jan Palmowski legg heller ikkje skjul på at Universitetet i Oslo har spela ei viktig rolle i oppbygginga av The Guild.

– Den første styreleiaren var tidlegare UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Og dagens rektor Svein Stølen er nestleiar akkurat no. Og UiO-tilsette yter svært viktige bidrag for oss, og det finst ikkje ei einaste arbeidsgruppe hos oss, der det ikkje finst folk frå UiO. Nettsida vår er grunnlagt på nettsida til Universitetet i Oslo, slår han fast.

 Jan Palmowski er også imponert over korleis UiO har fått til banebrytande forsking til nytte for heile samfunnet.  

– Der er UiO eit godt døme for mange andre universitet, tykkjer han.

Meiner universiteta må ta ei leiarrolle

I ei tid der eit land som Storbritannia har gått ut av EU, medan eit anna land, Sveits er i ferd med å mista ein samarbeidsavtale med EU, meiner han universiteta må ta ei leiarrolle.

– Universiteta har ei stor interesse i å  identifisera betre og styrkja felles verdiar som demokrati og menneskerettar, og det er også noko me deler med EU, konstaterer han. 

 

 • Les meir om UiO og The Guild i Uniforum:

Svein Stølen med i styret for universitetsnettverket The Guild

Stenseth: – Forskingssatsinga i Afrika må også ha med biologisk mangfald

UiO-rektor Ole Petter Ottersen leier ny universitetsallianse

UiO einaste norske medlem i europeisk universitetsallianse

Emneord: Internasjonalisering, Universitetssamarbeid, Akademisk fridom Av Martin Toft
Publisert 11. nov. 2021 04:30 - Sist endra 15. nov. 2021 09:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere