UiO-rektor Ole Petter Ottersen leier ny universitetsallianse

Ni europeiske universitet blei i Brussel i dag einige om å danna ei foreining for framifrå, europeiske forskingsuniversitet. Rektor Ole Petter Ottersen frå Universitetet i Oslo er styreleiar.

LEIER ALLIANSE: Universitetsrektor Ole Petter Ottersen er blitt styreleiar for den nye universitetsalliansen the Guild of European Research Intensive Universities.

Foto: Ola Sæther

Den nye universitetsalliansen (the Guild of European Research Intensive Universities) fører saman universitet frå heile Europa som har vist eit framifrå nivå i undervisning, forsking og utforming av politikk. Dei skal samarbeida for å skapa nyskapande løysingar for nokre av Europas vanskelegaste, vitskaplege og sosiale utfordringar, går det fram av ei pressemelding frå Universitetet i Oslo. 

Universiteta som er med i alliansen, er universiteta i Oslo, Bologna, Glasgow, Göttingen, Groningen, Krakow (Jagiellonian), Tübingen, Uppsala og Warwick.  Sju av dei ni universiteta er mellom dei 130 beste på verdsrankinga til Times Higher Education. Universiteta i Bologna og Krakow er dei som ligg lengst nede på den rankinga av dei ni. Truleg vil foreininga ha endå fleire medlemar når den blir formelt lansert den 21. november i Brussel. 

– Foreininga representerer ei ny tilnærming til involvering og kompetansebygging i heile Europa. Me ser fram til høvet til å samarbeida nært med EU-kommisjonen, med europeiske og nasjonale parlamentsmedlemar, byråkratar og andre som kan sikra at me får framifrå strategiske og praktiske resultat som vil vera til fordel for alle myriadane av samfunn i Europa, sa Ole Petter Ottersen då det i dag blei avgjort at foreininga formelt skal etablerast i november.

Styreleiar Ole Petter Ottersen har med seg fylgjande personar i styret: nestleiar Anton Muscatelli (Glasgow), kasserar Stanislaw Kistryn (Krakow) og generalsekretær Jan Palmowski (Warvick).

 

Emneord: Universitetspolitikk, Internasjonalisering, Universitetssamarbeid Av Martin Toft
Publisert 1. juni 2016 16:13 - Sist endra 1. juni 2016 16:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere