Stenseth i Nature: – Forskingssatsinga i Afrika må også ha med biologisk mangfald

– Forskingssatsinga til The Guild og African Research Universities Alliance må også inkludera biodiversitet, synest biologiprofessor Nils Chr. Stenseth ved UiO.  Saman med 209 andre forskarar kjem han med den oppfordringa i Nature denne veka.

Ein mann med skjegg står på kaien i Arendal

KRITISK TIL AFRIKA-SATSING: – Dei har ikkje tatt med biologisk mangfald og biodiversitet i Afrika. Det er grunnstamma i afrikansk økonomi og i afrikansk kultur, seier biologiprofessor Nils Chr. Stenseth ved UiO i sin kritikk av The Guilds Afrika-satsing. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Den europeiske alliansen for forskingsintensive universitet The Guild, der UiO er medlem, har saman med African Research Universities Alliance (ARUA) sett i gang ein stor innsats for å utvikla afrikanske toppuniversitet. Den store satsinga inkluderer offentleg helse, god styring og klima og miljø.  Formålet er at Afrika ikkje skal oppleva hjerneflukt, men at godt utdanna akademikarar skal bli verande i heimlanda sine for å byggja opp gode akademiske institusjonar.   

– Grunnstamma i afrikansk økonomi og kultur

Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth og 209 andre forskarar har denne veka publisert eit innlegg i det vitskaplege tidsskriftet Nature, der dei gir honnør til denne satsinga, men samtidig minner dei The Guild og ARUA om at dei har gløymt eit svært viktig område.

– Dei har ikkje tatt med biologisk mangfald og biodiversitet i Afrika. Det er grunnstamma i afrikansk økonomi og i afrikansk kultur. Det er knytt veldig til naturen. Det er kanskje den siste plassen i verda der eit heilt kontinent er så solid forankra i naturmangfaldet, seier Nils Chr. Stenseth til Uniforum.  

–Treng betre infrastruktur og betre utstyr

Både han og dei andre forskarane som har skrive innlegget i Nature set likevel stor pris på initiativet frå The Guild og ARUA til å satsa så store ressursar på å byggja opp gode afrikanske universitet.

 – Det er fint at den rike delen av verda går saman for å støtta opp under framifrå forsking i Afrika. Det er glimrande.  Det er mange gode afrikanske forskarar, men i det store og det heile treng dei betre infrastruktur og betre utstyr på alle område. Nokre unntak finst, men i det store og det heile slit dei afrikanske universiteta med dårleg økonomi, poengterer Nils Chr. Stenseth.

– Afrikas natur er truga

– Kva trur du er grunnen til at dei har utelate akkurat denne delen frå Afrika-satsinga si?

– Det veit eg ikkje, men det er no ein gong slik at om ein er på møte eller er turist i Afrika, så blir ein tatt med på safari. Og då er det truleg lett å tenkja at naturen berre er der og klarar seg sjølv. Derfor trengst det ikkje noka forsking for å ta vare på den. Faktum er at den er enormt truga på grunn av stor folkeauke, urbanisering og klima. Afrikas mangfald er så sterkt truga at det må mykje forsking til for å kunna ta vare på det på ein berekraftig måte, er Stenseth overtydd om.  Han trur at The Guild og ARUA vil seia at biodiversiteten er ein del av klimasatsinga.

 – Det trur eg ikkje. For då ville det ha blitt feia litt til side, for klimaproblemet er stort nok i seg sjølv, trekkjer han fram. 

– Kan byggja opp miljø rundt naturforvaltning og biologisk mangfald

– Du og 209 andre forskarar oppfordrar  denne veka i eit innlegg i Nature at The Guild og ARUA også inkluderer biodiversitet i satsinga si. Trur du at det vil ha noko effekt?

– Det er veldig vanskeleg å seia. Men eg trur faktisk det i og med at det er publisert i Nature. Derfor trur eg det har ein effekt. Me seier også at me applauderer den satsinga, men at biologisk mangfald og biodiversitet må vera med som eit viktig tillegg, slik at ein kan byggja opp miljø rundt naturforvaltning og biologisk mangfald, seier Nils Chr. Stenseth til Uniforum.

Han er svært glad for at Nature ville publisera innlegget.

– Dei har etterlyst det, så det er heilt tydeleg at det er stor interesse for dette temaet, konstaterer Stenseth.

– Handlar om å byggja robuste institusjonar

UiO-rektor Svein Stølen er  nestleiar i styret  for universitetsalliansen The Guild og er svært nøgd med Afrika-satsinga. Han meiner kritikken frå Stenseth og dei andre forskarane handlar om den tematiske innretninga medan satsinga inneber å byggja solide akademiske institusjonar i fattige land.

– Det er fint med debatt om tematisk innretning. Så må me ikkje gløyma at initiativet først og fremst handlar om å byggja robuste institusjonar for forsking og innovasjon i låginntektsland. Det er svært viktig, understrekar Svein Stølen i ein epost til Uniforum.

Han peikar på korleis koronapandemien har gjort konsekvensane av global ulikskap tydelege.  

– Utfordringanr knytte til vaksinering er likevel berre det siste av mange døme på kva effektar svak forskings- og innovasjonskapasitet har for menneske og samfunn. Kapasiteten i låginntektsland må styrkjast, og då må Europa og Noreg spela  ei tydeleg rolle, understrekar Stølen.

– Meir likeverdige partnarskap

Han peikar  også på korleis samarbeidet med ein av dei afrikanske universitetsalliansane kan hjelpa til med å oppnå dette målet.

– I partnarskap med den afrikanske universitetsalliansen African Research Universities Alliance, ARUA, arbeidar me derfor med å vri tenkinga både nasjonalt og i EU; frå bistand til meir likeverdige partnarskap - frå umiddelbare behov til det langsiktige; til å handla om å byggja robuste institusjonar for forsking og innovasjon. Tematisk innretning kjem i neste steg og er svært viktig og må diskuterast.  Det er me gjerne med på, gjer Svein Stølen heilt klart.

 

Av Martin Toft
Publisert 3. sep. 2021 11:49 - Sist endra 10. sep. 2021 10:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere