– Bygg opp forskinga i Afrika!

– For å kunna løysa både klimaendringar og stor folkeauke i Afrika er det viktig å utdanna fleire forskarar i Afrika. Det skriv biologiprofessor Nils Chr. Stenseth og fagfellen Anagaw Atickem i tidsskriftet Nature.

Nils Chr. Stenseth står framoverbøygd over eit bord i eit laboratorium på Institutt for biovitskap, UiO

FOND FOR AFRIKA: – Noreg har jo «Regnskogsfondet». Det hadde vore mogleg å få kjørt ein tilsvarande sum med pengar inn i eit fond for utdanning og oppbygging av desse institusjonane, føreslår biologiprofessor Nils Chr. Stenseth. No håpar han at institusjonar i Afrika kan få liknande tilbod som dette laboratoriet på UiO. 

Foto: Ola Sæther

Det var rett før helga artikkelen «Build science in Africa» blei publisert i det prestisjetunge tidssskriftet Nature. Forfattarane er biologiprofessor Nils Chr. Stenseth frå UiO, Anagaw Atickem frå Addis Ababa University og sju andre forskarar frå Afrika, Asia, Nord-Amerika og Europa.

Alle meiner det er viktig å ropa eit varsel for å byggja forsking i Afrika opp frå grunnen bygt på dyktige afrikanske forskarar som vender heim att frå utlandet eller forskarar som har blitt verande i Afrika og fått heile utdanninga si der.

Brukte 18 pst. av utdanningsbudsjettet på høgare utdanning

I artikkelen viser dei til at høgare utdanning og forsking ofte blei neglisjert både av dei nasjonale regjeringane i Afrika sør for Sahara og av Verdsbanken. dei siste 25 åra av det tjuande hundreåret: «Frå 1980 til 1996 så gjekk 49 prosent av det samla utdanningsbudsjettet til grunnutdanning, medan berre 18 prosent gjekk til høgare utdanning», skriv dei.  

To av forfattarane, Anagaw Atickem og Adissu Mekonnen kom frå Addis Ababa University i Etiopia til Universitetet i Oslo for å ta doktorgrad i populasjonsgenetikk i 2007 og 2012. « Då hadde me aldri nokon gong tidlegare sett foten i eit genetikklaboratorium og me hadde heller aldri før sett ei PCR-maskin. Me hadde heller aldri vore borte i ei datamaskin under statistikk-kursa våre på mastergradsnivå i Etiopia, skriv dei i artkkelen, som dei begge er  med på saman med biologiprofessor Nils Chr. Stenseth

– Viktig med lokal kompetanse i akademia

Sistnemnde klarer ikkje å understreka sterkt nok kor viktig det er for både Afrika og høginntektsland i Europa, Amerika og Asia å satsa på forsking og forskingssamarbeid med forskarar i Afrika.

– Uansett kvar du er i verda er det viktig at du har lokal kompetanse i akademia. Det må ikkje vera slik at ein har konsulentar og arbeidarar som kjem for ei kort tid og så drar bort igjen. Dei blir ingen rollemodellar bygde opp innanfrå. Det er viktig at me har gode studentar frå Afrika som er ute i verda utanfor Afrika i ein periode og så kjem tilbake for å vera med på å byggja opp igjen landet akademisk.. Det vil vera den beste garantien for å handtera dessse store utfordringane,. Det er også den beste måten å byggja opp institusjonar på, seier Nils Chr. Stenseth til Uniforum.

– Hjartet ditt skal brenna for landet ditt

Han brukar seg sjølv som døme. Innimellom drar han til Addis Ababa University for å hjelpa til med å byggja opp zoologi der.

– Men eg kjem og går, og er der ikkje fast, medan dei folka som bur der skal vera med på å byggja institusjonane, peikar han på.

– Du skal ha dobbel forankring, både til den internasjonale verda og til lokalmiljøet. Hjartet ditt skal brenna for landet ditt i tillegg til faget.  Det er den beste måten, legg han til.

– Korleis kan me hindra at det blir hjerneflukt frå Afrika til høginntektsland?

– Om ein får gode fasilitetar i Afrika, vert dei verande i Afrika. Alle har me ein spesiell førkjærleik for plassen der me har vakse opp. Er det gode forhold der, vert du der. Mellom kinesarane er det mange døme på det. Kinesarar som har vore utanlands kjem no tilbake, ja dei blir henta tilbake. Det er dei som no kan byggja opp landet frå innsida i akademia.

– Afrika kan altså læra litt av Kina på dette området?

– Ja, litt kan dei læra av Kina.  Men Kina er i ein heilt annan situasjon med ein fantastisk økonomi som gjer at dei verkeleg kan henta inn forskarane sine. Økonomien ved UiO og Tsinghua University samanlikna med  afrikanske universitet er også som natt og dag, har han observert ved sjølvsyn.

– Det er nøkkelen

Stenseth og forskarkollegaene hans trur også dei har oppskrifta på korleis det skal bli mogleg å få bygt opp forsking og høgare utdanning i Afrika.

– Eg trur det å byggja opp folk frå Afrika i heimlanda sine, læra dei opp vidare utanfor Afrika for ein periode, for så å få dei til å koma tilbake til landet sitt for å ha ein karriere i Afrika; det er nøkkelen til å byggja opp berekraftige institusjonar i Afrika, er han viss på.

– Kva kan Universitetet i Oslo og norske styresmakter gjera for å få det til?

– Det er heilt klart at bistandspolitikken må inn her. Den politikken må verdsetja langsiktig oppbygging av forskarkapasitet i landa. Eg ser ikkje mange teikn på det. No har me nokre satsingar som til dømes NORPART (Norwegian Partnership Programme for Global Academic Cooperation /red. merknad) som er ei heilt rett satsing, men det skulle ha vore meir av dei.

– Universitetet i Oslo må også ta høgd for at det jo finst mange dyktige afrikanarar som kjem hit og som  ikkje har heilt den same bakgrunnen som dei burde ha, og som våre eigne studentar har. Det må difor kalkulerast med ein ekstra kostnad for å få dei opp på det nødvendige nivået. For hovuda er minst like bra. Det hadde difor vore lurt å setja av litt ekstra assistanse for å læra dei til å koma opp på det same nivået med omsynt til forskingsteknikkar med meir, føreslår Nils Chr. Stenseth.

Etter hans meining er det dessutan behov for ei forynging av akademia i Afrika.

– Me har bruk for unge akademikarar i Afrika. Dessverre er det i dag altfor mange gamle akademikarar der, som kanskje ikkje er så aktive lenger, konstaterer han.

Føreslår fond for utdanning i Afrika

Stenseth er klar over at for eit norsk universitet er det ikkje mogleg å byggja opp eit universitet i Afrika. Derimot har han tru på at den norske regjeringa kan gjera noko.

– Noreg har jo «Regnskogsfondet». Der er det jo massevis av pengar. Det burde vore mogleg å få kjørt ein tilsvarande sum med pengar inn i eit fond for utdanning og oppbygging av desse institusjonane, føreslår han.

Ber rike i og utanfor Afrika om å bidra

Samtidig utfordrar han også afrikanarar med stor økonomisk suksesss til å bidra i dette arbeidet.

– Ja, dei må klara å overtala afrikarane som er blitt rike utanlands til å donera pengar til å byggja opp slike institusjonar. To døme er at rike etioparar kan byggja opp insttusjonar i Etiopia, medan rike sudanesarar byggjer opp i Sudan. Dei har vore ute og blitt rike, og bør gi noko tilbake til heimlandet. Dei burde tenkja:  «Eg er blitt rik og vil gi noko tilbake til menneskeslekta». Dette blir Kavli-modellen, trekkjer han fram.

Nils Chr. Stenseth peikar også på folk i den rike delen av verda som har fått eit kjærleiksforhold til Afrika. Dei gir pengar til barn og til nasjonalparkar.

– Det er bra, men me skulle også fått ein del av dei med i arbeidet med å byggja opp akademiske institusjonar i Afrika, tykkjer Nils Chr. Stenseth.

 Han håpar  artikkelen i Nature no kan medverka til at noko skjer.

– Eg trur den kan fungera som ei brekkstang. Eg har føreslått for både World Academy of Science og for National Academy of Science i USA at me byggjer opp ei dugnadsånd om kring dette.

– Har du møtt interesse frå rektoratet frå UiO?

– Ja, rektor Svein Stølen uttrykte interesse med ein gong. Han sette det i samanheng med eit nettverk av afrikanske eliteuniversitet. Flott, men dei har nok ein lang veg å gå, slår han fast.  

 

 

 

Emneord: Afrika, Interasjonalisering, Nord-Sør-samarbeid Av Martin Toft
Publisert 28. juni 2019 04:00 - Sist endra 28. juni 2019 10:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere