Tawana Kupe - frå doktorstudent ved UiO til rektor ved University of Pretoria

– Eg har gode minne frå Universitetet i Oslo. Det seier rektor Tawana Kupe ved University of Pretoria.  På 1990-talet var han doktorstudent i media. No er han tilbake for å få til eit samarbeid mellom dei to universiteta.

DOKTOR BLEI REKTOR: Tidlegare doktorstudent ved UiO,Tawana Kupe er no rektor ved University of Pretoria. Denne veka har han besøkt UiO for å avtala mogleg samarbeid mellom dei to universiteta.

Foto: Martin Toft

Tawana Kupe var doktorstudent på UiO på midten av 1990-talet og fekk med seg Vinter-OL på Lillehammer. 22 år seinare er medieforskaren blitt rektor ved University of Pretoria i Sør-Afrika.  Denne veka har han vore på Universitetet i Oslo for å ha møte med rektoratet om å få til eit utvida samarbeid mellom dei to universiteta.

Tawana Kupe:

- fødd i Zimbabwe

- tok høgare utdanning ved University of Zimbabwe

- tok ph.d. i media ved Universitetet i Oslo i 1997

- har jobba som førelesar i media ved Rhodes University

- har vore dekan ved Det humanistiske fakultetet ved University of Witwaterstrand, Sør-Afrika. Der var han også ein del av toppleiinga.

- frå januar 2019 er han tilsett i eit fem år langt åremål som den første ikkje-kvite rektor ved University of Pretoria.

(Kjelder: Wikipedia, Daily Maverick, News24)

 – Me manglar eit Institutt for medium og kommunikasjon, der eg tok doktorgraden min i 1997. Det vil eg gjerne etablera ved University of Pretoria også, seier han til Uniforum. 

Opphaldet på UiO var eit viktig steg for karrieren

Tawana Kupe kjem opphavleg frå Zimbabwe og kom til Noreg som kvotestudent.  I 1997 var han den aller første kvotestudenten som fullførte ei doktoravhandling ved Universitetet i Oslo.   Han minnest godt åra som doktorstudent ved UiO og snakkar gjerne om dei.

– Eg har svært gode minne frå den tida. Og å vera doktorstudent ved UiO var eit  viktig steg i utviklinga mot den stillinga eg sit i no, seier rektoren ved University of Pretoria  til Uniforum.  Tawana Kupe meiner at det ikkje berre var det han lærte på doktorstudiet han lærte mykje av, men også organiseringa rundt det.

University of Pretoria:

- grunnlagt i 1908 med fire professorar og 32 studentar

- i dag har det 55 000 studentar

- har ni fakultet og ein handelshøgskule

- den institusjonen som driv mest forsking i heile Sør-Afrika

(Kjelder:Wikipedia og University of Pretoria)

– Eg kom hit som ein del av samarbeidsavtalen mellom University of Zimbabwe og Universitetet i Oslo som gjekk ut på å byggja opp kompetanse i Zimbabwe gjennom felles opplæring av folk både frå Zimbabwe og Noreg. På den måten lærte med mange forskjellige ting, organisering, effektivitet, budsjettering og korleis du kan gå fram for å oppnå noko. Eg har seinare alltid hatt nytte av desse tinga, seier han.   

Var på Vinter-OL på Lillehammer

– Og av det du lærte på UiO, kva har du hatt mest bruk for seinare?

Avhandlinga mi handla om media og demokrati.  Og utanom det eg lærte gjennom den, har eg lært om mange delar av samfunnet. Du veit at når du kjem frå Afrika, slik som eg er frå Zimbabwe og Sør-Afrika der du har hatt eit britisk kolonisystem og eit apartheidsystem,  og så opplevde eg her eit verkeleg egalitært sosialdemokratisk samfunn i praksis. Då såg eg også korleis det norske levemåten blei organisert. Den største skilnaden var i helse og utdanning. Både i Sør-Afrika, i Storbritannia og i USA, må  du betala for helse og for utdanning. Det synest eg var nyttig å sjå.  Og veret var også heilt forskjellig. Eg drøymde om snø som eg berre hadde høyrt om gjennom engelske dikt og sett på fjensyn. Men eg hadde aldri sett snø med eigne auge før. Og i 1994 fekk eg høve til å dra til Vinter-OL på Lillehammer.  Det var fantastisk å vera til stades og ikkje berre sjå det på  fjernsyn, ler han.   

Tawana Kupe legg ikkje skjul på at han beundrar det norske velferdssamfunnet. 

– De har eit godt offentleg helsevesen og eit godt offentleg utdanningssystem. Om Sør-Afrika og andre land i Afrika hadde klart å få det til, ville samfunna ha vore heilt annleis, trur han.

– UiO kan læra av mangfaldet av språk og folk i Afrika

Men han ser heller ikkje bort frå at Universitetet i Oslo kan læra nyttige ting frå sine søsterinstitusjonar i Afrika og frå afrikanarane.

– Det må vera mangfaldet av folk og av språk på det same området. Ved UiO er det i hovudsak norske studentar som brukar norsk, og kanskje nokre som brukar samisk.  Og sjølvsagt også ein del studentar frå andre land, i hovudsak frå Europa eller Amerika.  Berre i Sør-Afrika er det 11 offisielle språk som er verna i Grunnlova, i Noreg har de norsk og samisk og nokre få andre språk.  I Afrika kan mangfaldet vera ti gongar eller 20 gongar større.  I Nigeria har dei 250 forskjellige dialektar. Mangfaldet er ein ting som UiO kan læra av, meiner han.

– Det andre er at du må sørgja for finansiering av nesten alt frå matforsyninga til studentane til infrastruktur fordi me ikkje får nok pengar frå staten. Så i Noreg må  de nordmenn sjå kor heldige de er, men samtidig kan de bli klare over korleis de kan bruka ressursane dykkar  meir effektivt.

– Skal prøva å etablera eit samarbeid

Denne veka er han i Noreg saman med universitetsdirektøren ved University of Pretoria. Dei har mellom anna hatt møte med rektor Svein Stølen og leiinga ved både Det samfunnsvitskaplege og Det humanistiske fakultetet.

– Me skal prøva å etablera eit samarbeid med Universitetet i Oslo. Personleg meiner eg at kunnskapen ikkje kjenner grenser. Kunnskapen er global.  Den gror best når den er i samband med annan kunnskap og dei kan ha samband med kvarandre overalt over heile verda. Derfor vil  me ha samarbeid og partnarskap mellom Universitet i Oslo og University of Pretoria med mål om å få til samarbeid  med akademikarar på felles område og med felles interesser. Forskingssamarbeid og utveksling av tilsette og studentar kan vera noko av det me set i gang. Me kan også  setja i gang felles studentkurs både i Oslo og i Pretoria. Etter å ha vore student her sjølv veit eg kor god utdanning UiO gir. University of Pretoria kunne gitt dykk noko  tilbake ved å gi dykk kunnskap om korleis de kan forstå Afrika betre, og meir om omgrepet utviklingsland, trur han.

– Og korleis var signala de fekk frå  UiO-leiinga?

– Me hadde ein svært god samtale med rektor. Og me skal halda fram med samtalane denne veka. Me har snakka med folk frå samfunnsvitskaplege fag og folk frå faga på HF-fakultetet. Me har blinka oss ut tre hovudområde, eitt av dei er mediestudiet, kulturarvstudiet, økonomi,  sosiologi og tverrfaglege studium. Me ynskjer også å etablera eit studieprogram i media, noko me enno ikkje har fått på beina, sjølv om eg har ph.d.-graden min frå media ved UiO. Eg synest me treng noko liknande. Og me håpar me skal klara å få til ei studentutveksling mellom dei to universiteta.

– Som ein nordmann skulle gjera karriere i Danmark eller i Sverige

Tawana Kupe hadde ingen problem med å skapa ein akademisk karriere i Sør-Afrika, sjølv om han kjem frå Zimbabwe.

 – Nei, det er som ein nordmann skulle gjera karriere i Danmark eller i Sverige, smiler han.  På eit område ser han at folk i Zimbabwe har ein fordel samanlikna med folk i nabolandet Sør-Afrika.

– Dei går eitt år lenger i den vidaregåande skulen. Derfor kan studentar frå Zimbabwe meir når dei begynner på universitetet enn det sør-afrikanarane kan., fortel han.

Tawana Kupe er også imponert over utviklinga ved Universitetet i  Oslo.

– Då eg gjekk her, markerte ikkje UiO seg på dei interasjonale rangeringane, som me sjølvsagt skal sjå på med ein dose sunn skepsis. No ligg det gamle instituttet mitt, Institutt for media og kommunikasjon som nummer 45 innanfor dette fagområdet. Heile universitetet er blitt mykje betre på dei over 20 år sida eg var ph.d-student her. Det er bra for det norske folket. For Noreg må vera ein nasjon med konkurransekraft både i Skandinavia, i Europa og i verda, synest han.

• Les også  intervjuet med Tawana Kupe i Uniforum i mai 1997:

Alternativ presse i Zimbabwe

 

 

 

 

 

Emneord: Zimbabwe, Sør-Afrika, Afrika, Internasjonalisering, Media Av Martin Toft
Publisert 4. okt. 2019 17:53 - Sist endra 4. okt. 2019 17:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere