Ber Norad og EU hjelpa forskarar i Afrika med å betala for vitskapleg publisering
Afrikanske forskarar har ikkje råd til å betala prisen for open tilgang. Derfor må EU og Norad bidra økonomisk til dette, meiner biologiprofessor Nils Chr. Stenseth på Universitetet i Oslo. Norad-direktøren reagerer positivt på oppfordringa.

I VÅR INTERESSE: – Det er i vår interesse i vår del av verda at me har gode afrikanske forskarar som har vakse opp i Afrika, kanskje er blitt trena opp utanfor Afrika, men at dei kjem tilbake og jobbar utifrå Afrika, seier biologiprofessor Nils Chr. Stenseth. No tar han til ord for at NORAD eller EU hjelper til med finansieringa.
Open tilgang (Open Access) for vitskaplege artiklar skrivne av afrikanske forskarar, kan kosta meir enn det smakar. Truleg vil forskaren måtte betala halve årslønna si for å få publisert ein artikkel. Det har biologiprofessor Nils Chr. Stenseth og forskarkollegaene hans Addisu Mekonnen, Colleen Downs, Edu O. Effio, Onja Razafindratsima og Colin A. Chapman rekna ut i ein artikkel som nyleg blei publisert i Nature.
– Vert sett meir på sidelinja enn før
– Kva er grunnen til at de kan slå fast dette, Nils Chr. Stenseth?
– Me har gjort ein analyse av kva det kostar å publisera med open tilgang i gode vitskaplege tidsskrift. Det er ikkje nokon revolusjonerande ting å oppdaga. Det som er viktig ,er å bli klar over dette. For det gjer at afrikansk vitskap vert sett meir på sidelinja enn den nokon gong tidlegare har vore. For skal ein driva aktiv vitskap er det viktig å vera synleg i den internasjonale forskingsverda. Ein måte å vera synleg på er å publisera i gode tidsskrift kopla då med open tilgang. Det er svært alvorleg for afrikansk vitskap.
– Har vore lettare fram til no
– Men har det vore betre fram til no enn kva det vil bli med open tilgang?
– Det har vore lettare fram til no for til no har du ikkje trengt å betala for open tilgang. No er det eit krav frå Forskingsrådet og andre om at du må publisere med open tilgang. Det er generelt sett blitt dyrare å publisera dei siste få åra enn det som har vore tidlegare. Sånn sett er det blitt forverra, synest han.
Stenseth meiner likevel at det finst mange fordelar med open tilgang av vitskaplege artiklar.
– Ja, artiklane blir mykje lettare tilgjengelege, men det har ein pris, konstaterer han.
– Europa og Nord-Amerika har mekanismar
Etter hans meining er ikkje det noko stort problem i Europa og i Nord-Amerika, men det er det derimot i Afrika.
– Her i Europa og i Nord-Amerika er ein villig til og har mekanismar for å betala for dette. Me er pålagde av universitetet vårt og andre norske institusjonar å publisere med open tilgang fordi forskinga er finansiert av pengane til norske skattebetalarar. Og då er det mekanismar for å betala det, peikar han på.
Stenseth viser til at situasjonen er lik i resten av Europa og i Nord-Amerika.
– Men i Afrika finst det ingen slike mekanismar. Du får ikkje pengar eller støtte frå institusjonen du arbeider ved i Afrika til å betala for det, trekkjer han fram.
– Den rike delen av verda må hjelpa den fattige delen
Nils Chr. Stenseth ser likevel eit håp om at det kan vera mogleg å få til ei publisering i tidskrift med open tilgang også for afrikanske forskarar utan at dei blir personleg ruinerte.
– Alternativet er å ikkje publisera i gode tidsskrift, men det som bør vera alternativet, det er at den rike delen av verda hjelper den fattigare delen av verda, det vera seg Afrika eller andre stader, og støttar opp under slik at dei kan betala for publiseringsavgifter og andre avgifter for open tilgang. Det er i vår interesse i vår del av verda at me har gode afrikanske forskarar som har vakse opp i Afrika, kanskje er blitt trena opp utanfor Afrika, men at dei kjem tilbake og jobbar utifrå Afrika. Det er i Vestens interesse at me har eit godt forskarmiljø over heile verda, deriblant Afrika, understrekar Nils Chr. Stenseth.
Etter hans meining bør Vestens institusjonar og organisasjonar hjelpa til med å finansiera dette.
– Det kan vera EU eller Norad eller tilsvarande organisasjonar i den rike delen av verda. Me bør gå inn med støtteordningar for nettopp slike ting, er han overtydd om.
– Ville gjera verda merksam på dette
– Trur du at du vil få støtte for eit slikt forslag?
– Det kan godt henda. Artikkelen vår blei publisert nettopp for å gjera verda merksam på dette, noko som den eigentleg er klar over, men som den ikkje tenkjer på. Universitetsalliansen The Guild, som Universitetet i Oslo er med i, og tilsvarande universitetsalliansar, bør nok kunna plukka opp det, meiner Stenseth.
Han viser til at The Guild er interessert i å hjelpa Afrika med å etablera gode faglege miljø, men at om ein skal få til gode faglege miljø, så er det nødvendig at forskarane publiserer i gode tidsskrift og då gjerne med open tilgang.
– The Guild har sjølvsagt ikkje pengar til å gjera slike ting, men dei kan vera ei pressgruppe overfor EU-kommisjonen til dømes eller overfor Norad og tilsvarande organisasjonar.
Nils Chr. Stenseth kjem gjerne med ein appell for afrikanske forskarar til slutt.
– Det er viktig å ta inn over seg at vanlege afrikanske forskarar ikkje har nokon moglegheit til å dekkja slike utgifter. For då må dei ha samarbeid med andre, rike institusjonar i Noreg eller i resten av den rike delen av verda. Sjølv dekkjer eg publikasjonane me har gjennom midlar som forskargruppa vår har, fortel han.
– Norad dekkjer publiseringsutgifter i sine program
Uniforum har også tatt kontakt med Norad-direktør Bård Vegar Solhjell og presentert han for utspelet til biologiprofessor Nils Chr. Stenseth på UiO. Solhjell peikar først på at Norad har fylgt nøye med på debatten om open tilgang til vitskaplege publikasjonar og har blant anna gitt innspel til Plan S der Norad har lyfta nettopp utfordringa med høge publiseringsavgifter for forskarar i låginntektsland.

Ynskjer fleire opne publiseringsplattformer i Afrika
Han oppfordrar også til at det blir etablert fleire gode og opna publiseringsplattformer i Afrika.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere