Ungarn: Kjønnsstudium blir nedlagde medan studentar kjempar for tankefridom

– Me hadde kurs i kjønnsstudiar og eit institutt for kjønnsstudiar, men dei blei alle nedlagde eller stengde. Det seier universitetslærar Móna Dánél som underviser i samtidslitteratur på Ungarns eldste og største universitet. Studentane hennar aksjonerer for lærarane.

Ei kvinne står i ein passasje i Budapest

KRISE FOR KJØNNSSTUDIAR: – Det vil bli eit verkeleg problem for meg frå hausten av fordi eg er interessert i både kjønn og i samtidslitteratur. For dei framtidige lærarane som vil og truleg må fylgja pensum, vil emna mine vera til fånyttes,, konstaterer førsteamanuensis Móna Dánél ved Eötvös Loránd–universitetet (ELTE) i Budapest. 

Foto: Ola Gamst Sæther

BUDAPEST, UNGARN:  

Midt i sentrum av Budapest ligg Ungarns eldste og største universitet Eötvös Loránd–universitetet (ELTE). Det blei grunnlagt i 1635. Ein av dei mest kjente tidlegare studentane er Ungarns nyleg attvalde statsminister Viktor Orbán frå partiet Fidesz. Langt frå alle dei som er studentar der i dag, er nøgde med politikken til regjeringa til Viktor Orbán.

Ungarn: 

Folketal: 9,7 millionar (2020)

Hovudstad: Budapest, 1,7 millionar innbyggjarar

Flatemål: 93 000 kvadratkilometer

President: János Áder, frå partiet Fidesz

Statsminister: Viktor Orbán (sidan 2010) frå partiet Fidesz

Opposisjon: Seks parti har alliert seg i  Foreina Ungarn

Felles statsministerkandidat: Péter Marki-Zay

Aktuelt: Statsminister Viktor Orban og partiet Fidesz vann parlamentsvalet med 54 prosent av stemmene den 3. april. 

Har innført ei lov som fungerer som eit institusjonelt forbod mot å tilby master- og bacherlorgrader i kjønnsstudiar.  

Det ungarske nasjonale kjernepensumet for framtidas lærarar er svært konservativt og legg strenge retningslinjer kva universitetslærarane kan undervisa i.  

Lærarane i Ungarn gjekk til streik både i januar og mars i protest mot dårleg lønn og dårlege arbeidsvilkår.

(Kjelder: Wikipedia, Móna Dánél, Sári Ungvári, Anna Kerti og Ábel Támás)  

Sidan januar i år har lærarar over heile Ungarn gått til streik i protest mot dårleg lønn og dårlege arbeidsvilkår. Lærarane har fått støtte frå lærarstudentane ved Eötvös Loránd-universitetet (ELTE) i hovudstaden. To av dei er Sári Ungvári og Anna Kerti.

– Lærarane må ha opptil 28 forskjellige klassar i løpet av ei veke. Det er svært mange, ja så mange at det er heilt umogleg å førebu seg til kvar klasse. Derfor krev fagforeininga til lærarane at kravet blir sett ned til 22 klassar i veka. For det er akkurat nok til at det vil vera mogleg å gjennomføra det, fortel Sári Ungvári.  

– Og så krev lærarane at lønna blir sett opp, for i dag får dei ikkje den lønna dei meiner dei fortener, seier Anna Kerti.

Sette i gang med aksjonar i 2016

Dei fortel at situasjonen for lærarane i Ungarn har vore problematisk heilt sidan 1990-talet. Det har endra seg mykje heile tida, men den største endringa skjedde i 2011.

– Mellom 2011 og 2014 blei det heilt slutt på fridomen lærarane og skulane til då hadde hatt til sjølve å bestemma store delar av innhaldet i undervisninga. Staten krev at lærarane underviser i altfor mange fag, fortel Sári Ungvári. Både dei og lærarane er kritiske til det ungarske nasjonale kjernepensumet for framtidas lærarar.

Og i 2016 var tolmodet til lærarane over. Då var dei gått lei av dårleg lønn og dårlege arbeidsvilkår.

– Då sette dei i gang med dei første aksjonane sine, og etter pandemien kom dei i gang med nye protestar frå 2021 og frå januar i år. I mars var det nye aksjonar. Men ingen av krava deira er blitt oppfylte av regjeringa, konstaterer Anna Kerti og Sári Ungvári.

Eit viktig poeng som begge ynskjer å framheva er det faktum at Ungarn i dag har lærarmangel.

– Det er ikkje nok lærarar i fag som biologi, kjemi og i andre naturfag. Det fører til at lærarar som underviser i ungarsk eller litteratur, også må undervisa i biologi og kjemi, fortel Anna Kerti.  

Og når dei to ser på kva fag medstudentane deira på lærarutdanninga på ELTE ynskjer å undervisa i, ser det ut til at den utviklinga vil halda fram.

– Det er berre ein av studentane som ynskjer å undervisa i matematikk, kjemi og fysikk i ungdomskulen og i den vidaregåande skulen, fortel dei.

AKSJONERER: Lærarstudentane Sári Ungvári (t.v.) og Anna Kerti aksjonerer begge til støtte for dei streikande lærarane i Ungarn.(Foto: Ola Gamst Sæther)

– Lærarar blir ikkje respekterte

For dei to er det eit teikn på at det ikkje er attraktivt nok for studentane å bli lærar.

 – Det er forståeleg at dei som har interesser for naturfag heller vil gå inn i jobbar der dei får god lønn og blir respekterte. I Ungarn blir ikkje lærarar respekterte, meiner Sári Ungvári.

– Men eit samfunn treng gode lærarar for å kunna gi  barn ei god grunnutdanning?

– Ja, men det får dei berre dersom lærarane får fridom til sjølv å sjå kva kunnskap og behov klassen treng. Det er dei som står framfor klassen, ikkje regjeringa, peikar dei på.

Sjølve kan dei ikkje gi eit fullstendig bilete av kor mange av lærarstudentane som er kvinner og kor mange som er menn.

– Me får eit visst bilete på litteratur- og ungarsk-studiet der me går. Men me veit ikkje kor mange menn og kvinner som spesialiserer seg på å undervisa i naturfag. Det er kanskje 1000 studentar i den bygningen me held til i. Men me kjenner berre eit fåtal av dei. Det kan vera grunnen til at det er så vanskeleg å få mobilisera dei til å delta i aksjonar for dei streikande lærarane, trur dei.  

– Viktig å heva stemma vår og støtta lærarane

Dei to studentane har sjølve vore sentrale i å organisera aksjonar for framtidige lærarar.

–  Me har deltatt saman med dei streikande lærarane, men me kan ikkje gå til streik sjølve sidan me er studentar. For oss er det uansett viktig å heva stemma vår, og støtta lærarane, seier Anna Kerti. Ho og medstudenten Sári Ungvári har jobba med å få ut informasjon og oppfordra medstudentar til å delta i støtteaksjonar for lærarane.

 ALTFOR MANGE FAG: – Mellom 2011 og 2014 blei det heilt slutt på fridomen lærarane og skulane til då hadde hatt til sjølve å bestemma store delar av innhaldet i undervisninga. Staten krev at lærarane underviser i altfor mange fag, fortel Sári Ungvári.(Foto: Ola Gamst Sæther)

– Det er viktig å dela og utveksla slik informasjon fordi me i Ungarn berre har nasjonal media som er styrt av regjeringa, trekkjer dei fram.

Etter deira meining rapporterer dei aldri om lærarstreiken.

– Derfor må me møta folk ansikt til ansikt, og mobilisera folk på gata. For det er berre nokre få uavhengige media som skriv om aksjonen, peikar dei på.

Sjølv om folk flest ikkje får lesa om lærarstreiken og læraraksjonen i media, får dei likevel vita om den. For dei har barn i skulen.

– Foreldra legg likevel skulda på lærarane, og dei meiner dei bør gå tilbake på jobb, seier Anna Kerti.

For Sári Ungvari kom den største overrraskinga. på heimebane.

 – Det viste seg at mine eigen velutdanna bror ikkje hadde peiling på kor låg lønn me lærarar har. Det var sjokkerande, synest ho.

For dei finst det også eit anna problem i den ungarske skulesektoren. Dei fortel om skulebygningar som ikkje blir vedlikehaldne og mangel på undervisningsverktøy.  

– Det manglar pennar, og lærarane må kjøpa dei sjølve. Og det er ikkje til å halda ut, tykkjer Anna Kerti.

Har framleis akademisk ytringsfridom

Nettopp på grunn av dårleg lønn og dårlege arbeidsvilkår er mange yrkesgrupper inne i ei negativ utvikling.

STOLTE: – På den  demonstrasjonen som me var med på å organisera, deltok også nokre av universitetslærarane våre. Men dei var heller få, men dei sa til oss at dei var stolte av oss, fortel Anna Kerti. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Fagforeiningane må no gå saman for å visa fram kor ille situasjonen har blitt både for lærarane , pedagogane, sosialarbeidarane og legane. På landsbygda er det stor mangel på legar. Yrkesgruppene våre er i ferd med å døy ut, seier Sári Ungvardi uroleg. Dei skuldar på byråkratiet for at det er blitt sånn. Men dei trur hovudgrunnen er at dei ikkje lenger har den fridomen og det sjølvstendet som dei hadde tidlegare.

Likevel meiner dei at dei som studentar framleis har akademisk ytringsfridom og fridom til å fortelja om situasjonen for både lærarar og lærarstudentar.

– På demonstrasjonen som me var med på å organisera, deltok også nokre av universitetslærarane våre. Men dei var heller få, men dei sa til oss at dei var stolte av oss, fortel Anna Kerti.

For dei to er  Eötvös Loránd-universitetet (ELTE) den siste fristaden for akademikarar og studentar som ynskjer å bruka den akademiske ytringsfridomen sin. Nesten alle dei andre offentlege universiteta i Ungarn er blitt omdanna til private stiftingar.

– Og der blir den akademiske ytringsfridomen sakte, men sikkert uthola gjennom indirekte styring av eit styre oppnemnt av regjeringa.

Det er likevel eit lyspunkt for dei to studentane. For Sári Ungvárdi peikar på at det er 6000 lærarar som må erstattast i Ungarn kvart år, samtidig som det berre er 2000 som blir ferdig utdanna.

– Det vil seia at det vil mangla 4000 nye lærarar i året. Så alle er heilt desperate etter å få tak i nye lærarar, konstaterer ho.

– Det er behov for oss. Og me er begge sikre på at me vil bli lærarar.

– La ned kjønnsstudiar

Ein av universitetslærarane til dei to studentane er førsteamanuensis Móna Dánél. Ho har tidlegare vore postdoktor i tre år på Det humanistiske fakultetet på Universitetet i Oslo. No underviser ho studentar på lærarutdanninga på Eötvös Loránd–universitetet (ELTE) i kjønnsstudiar og feminisme ved Institutt for ungarsk litteratur og kulturstudium.

– Gjennom oppveksten min i Aust-Europa og opphaldet i Noreg, er eg blitt medviten på at gode studentar må ha kunnskap om kjønnsstatus.

– Det er eit følsamt tema i Ungarn?

– Lat oss ikkje enno seia at det er forbode. Men institusjonelt er det faktisk forbode. Me hadde kurs i kjønnsstudiar og institutt for kjønnsstudiar, men dei blei alle nedlagde eller stengde. På same måten måtte også Det sentraleuropeiske universitet (CEU) stengja og forlata landet, fortel ho.

Men det er likevel mogleg å formidla kunnskap om kjønn til studentane.

– Det er nemleg ikkje forbode å snakka om det i dine eigne klassar. Eg føler eit visst press, men eg kan snakka om det eg vil snakka om i klassen min, så lenge det er innanfor ramma for studiet og går føre seg i klasserommet, fortel ho openhjartig.

TANKEKONTROLL: – Propagandaen fungerer som ein slags tankekontroll utan at det eksisterer eit klart forbod mot informasjon, Det blei eg sjokkert over. Og nokre av jentene er svært konservative, fortel Móna Dánél, førsteamanuensis på lærarutdanninga på Eötvös Loránd–universitetet (ELTE) i Budapest. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Nokre av jentene er svært konservative

Etter at ho kom tilbake til Ungarn i oktober i fjor, har ho også observert ei viss forandring hos dagens studentar samanlikna med då ho underviste ungarske studentar for fire år sidan.

– Eg kan oppdaga korleis propaganda og konservativ politikk i heile samfunnet med full kontroll av media også har ein effekt på studentane mine og synet deira på kjønn. ho.

No kjenner ho det som om det er reist ein «mur» mot all diskusjon om kjønn.

– Det var det ikkje tidlegare. Derfor må eg no alltid begynna med å riva ned denne «muren», før me kan diskutera det konkrete emnet, seier ho fortvila.

– Emna mine blir til fånyttes

På same måten som dei to lærarstudentane Sári Ungvárdi og Anna Kerti er ho sjokkert over innhaldet i det ungarske nasjonale kjernepensumet for framtidas lærarar.

– Dagens regjering endra nyleg på nytt i dette pensumet som bestemmer faga og emna me bør undervisa dei i på universitetet. Pensumet er svært konservativt. Eit døme er at det i heile dette kjernepensumet er det berre inkludert ein kvinneleg forfattar, samtidig som samtidslitteraturen er valfri. Det finst nokre emne som er valfrie, men samtidig gir pensumet pålegg om kva som er obligatorisk, seier ho.

Derfor fryktar ho at situasjonen blir endå verre ved semesterstart til hausten.

– Det vil bli eit verkeleg problem for meg frå hausten av fordi eg er interessert i både kjønn og i samtidslitteratur. For dei framtidige lærarane som vil og truleg må fylgja pensum, vil emna mine vera til fånyttes.

No samanliknar ho situasjonen i Ungarn med korleis ho opplevde å undervisa på Universitetet i Oslo.

– Då opplevde eg aldri slike tankemurar, studentane var opne for å sjå austeuropeiske filmar, sjølv om desse filmane var langt frå deira, kulturelle, sosiale og historiske kunnskap, peikar ho på.

– Ei utspekulert styringsform for universiteta

Ein av kollegaene hennar er Ábel Tamás Han er førsteamanuensis på Institutt for komparative litteratur- og kulturstudium. Der underviser han studentar som studerer ungarsk litteratur om påverknaden frå latin, antikken og oldtida i denne litteraturen.

FARLEG SITUASJON FOR UNIVERSITETA:  – Stiftingane er nemleg uavhengige av staten, men ikkje uavhengige av politikken. For dei blir leia av personar som tilhøyrer regjeringspartiet Fidesz. Dette er ein farleg situasjon for universiteta å vera i, og det gjeld for det store fleirtalet av universiteta i Ungarn, fortel førsteamanuensis Ábel Tamás ved Institutt for komparative litteratur- og kulturstudium ved Eötvös Lorand-universitetet. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 – Eg trivst i jobben som universitetslærar trass i vanskane me opplever akkurat no. Og instituttet eg arbeider ved på Eötvös Loránd-universitetet (ELTE) har høg kvalitet på alle område. Ikkje minst den tverrfaglege forskargruppa i litteratur som eg deltar i. Der er dei også opne for forskingsarbeida mine om antikken, fortel Ábel Tamás .

 Men han er også klar på at ikkje alt går på skinner, heller ikkje på det universitetet.

– Det byråkratiske systemet er arva frå sosialisttida, og derfor skjer endringar svært langsamt. Derfor tar det lang tid å skaffa seg ein ny PC, og det er også mykje byråkrati dersom ein skal ha konferanse med fagfellar frå andre land som deltar i eit felles forskingsprosjekt. Du kan koma med mange gode initiativ, men dei kan ofte bli stansa av byråkratiet, har han erfart.

Ei sak som verkeleg uroar Ábel Tamás, er det faktum at mange tidlegare offentlege universitet, ikkje lenger blir eigde av staten.

– Dei er organiserte i stiftingar av staten, men er ikkje lenger eigde av staten. Stiftingane eig universiteta, og dette er ei ganske utspekulert styringsform. Stiftingane er nemleg uavhengige av staten, men ikkje uavhengige av politikken. For dei blir leia av personar som tilhøyrer regjeringspartiet Fidesz. Dette er ein farleg situasjon for universiteta å vera i, og det gjeld for det store fleirtalet av universiteta i Ungarn, fortel han.

Spår omorganisering av Eötvös Loránd-universitetet

Så langt er altså ikkje Eötvös Loránd-universitetet (ELTE) organisert på den måten, men han trur ikkje det vil vara lenge.

– Eg er ganske sikker på at også det universitet vil bli organisert på den måten etter at parlamentsvalet er over. Me veit det ikkje, men me ser det som svært sannsynleg at det vil skje, seier han lettare oppgitt.

Abel Tamás trur nok fleirtalet av dei vitskaplege tilsette vil vera imot det.

– Også fagforeiningane til dei vitskaplege tilsette på nesten alle dei andre universiteta gjekk imot å organisera dei i stiftingar, men det hjelpte ikkje. Det skjedde mot viljen til dei vitskaplege tilsette, konstaterer han.

Sjølv deltar han i demonstrasjonar mot desse forslaga frå regjeringa, men han er ikkje med på organiseringa av dei.

– Eg har deltatt i demonstrasjonar sidan eg var barn. For det var heile tida ting som skjedde i Ungarn som me måtte protestera mot, trekkjer han fram.

For seg sjølv føler Ábel Tamás ikkje at den akademiske ytringsfridomen er blitt avgrensa.

– Nei, det står nok verre til på dei universiteta som er organiserte som stiftingar, trur han.

HYBRIDREGIME: – Derfor kan ikkje Ungarn bli eit reint diktatur, men det er allereie blitt eit slags hybridregime. Men om me forlet EU, så kan alt mogleg henda, fryktar Ábel Tamás. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Om me forlet EU, kan alt mogleg henda

Ábel Tamás fryktar heller ikkje at akademikarar får mindre fridom i den næraste tida.

– Når det gjeld akademisk fridom og akademisk ytringsfridom er den mest sentrale saka forholdet til EU. Medlemskapen i EU kan verna nokre aspekt av demokratiet i Ungarn. Om me forlet EU, vil situasjonen for den akademiske fridomen og andre personlege fridommar bli verre.

– Men det har likevel mykje meir fridom enn det russarane har?

– Ja, fordi me er med i EU. Derfor kan ikkje Ungarn bli eit reint diktatur, men det er allereie blitt eit slags hybridregime. Men om me forlet EU, så kan alt mogleg henda, fryktar han.

– På kva måte synest du akademikarar i Noreg kan støtta dykk?

– Det hadde vore fint om me kunne etablert profesjonelle nettverk. Sjølvsagt er det bra at dei set namna sine på underskriftslister med støtte til akademikarar i Ungarn, men det aller beste er å inkludera oss i europeiske forskarnettverk. Då kan ungarske forskarar visa fram referansane og namna på fagfellane sine i andre land til leiarane sine på universitetet og fortelja dei at dei ikkje kan ta seg til rette, for dei driv på med viktig internasjonal forsking. Då kan du nytta deg av den akademiske fridomen og samtidig vera uavhengig i høve til universitetsleiinga, seier Ábel Tamás som lever og andar for forsking og internasjonalt samarbeid.

– Det er viktig å få med studentane i dei internasjonale forskarnettverka også, slik at desse nettverka kan vera eit vern for oss alle om me skulle koma i fare. Og det er også viktig for den utdanninga universitetet gir, seier han.

Uniforum har også vore i  kontakt med den ungarske regjeringa for å få ein kommentar til situasjonen for den akademiske fridomen og akademiske ytringsfridomen i landet. Så langt har dei ikkje svart oss.

• Les meir om Ungarn og akademisk fridom og akademisk ytringsfridom

LEIAR: Slå ring om den akademiske ytringsfridomen

Val i Ungarn: Toppakademikarar trur Viktor Orbán vil vinna på nytt

Europeisk universitetsleiar uroleg for brot på akademisk fridom

Ungarns statsminister gjer kuvending om kinesiske universitetsplanar

Over 50 000 demonstrerte til støtte for universitet i Ungarn

(Artikkelen er publisert med støtte frå Stiftinga Fritt Ord)

 

Emneord: Ungarn, Akademisk fridom, Menneskerettar, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 12. apr. 2022 04:30 - Sist endra 1. juni 2022 13:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere