Ueinig i akademisk boikott av Israel og andre land

– Det er viktigare med dialog med andre akademikarar enn konfrontasjon, meiner filosofiprofessor Andreas Føllesdal ved UiO etter at NTL ved HiOA  i går gjekk inn for boikott av Israel.

IMOT BOIKOTT: Filosofiprofessor Andreas Føllesdal er imot akademisk boikott både av Israel og andre land. – Å gå i dialog kan nokre gonger verka mykje betre, seier han til Uniforum.

Foto: Ola Sæther

Fagforeininga NTL sitt årsmøte ved Høgskulen i Oslo og Akershus oppfordrar til full boikott av Israel, også akademisk, melder Khrono. Berre ein av dei 38 som møtte, stemte imot ei fråsegn om full boikott av Israel.

NTL ved høgskulen meiner mellom anna at det blir bygd ein systematisk apartheid-struktur på Vestbreidda, med privilegerte busetjingar med eigne vegar ut og inn av Israel. Også blokaden av Gaza er mellom argumenta for å boikotta Israel.

Framlegget om akademisk boikott blei lagt fram av førsteamanuensis Lars Gule.  Han er overraska over at forslaget fekk så stor oppslutnad.

– Det var nokre få spørsmål, men eller var det semje om at norsk fagrørsle bør engasjera seg i dette spørsmålet, seier Lars Gule til Khrono.

– Fagrørsla må visa solidaritet med arbeidskollegar i Palestina, seier Gule, som også er spent på korleis  leiinga ved høgskulen stiller seg til spørsmålet. 

Imot akademisk boikott av land

Filosofiprofessor Andreas Føllesdal ved PluriCourts –Senter for forsking om internasjonale domstolar sin legitimitet,UiO er imot akademisk boikott, anten det gjeld Israel eller andre land. 

– Eg har sjølv tatt initiativ til og deltatt i debattar om Israels politikk overfor palestinarane både i og utanfor Israel. Der treffer eg både folk som eg er svært ueinig med og som eg er svært einig med. For meg er det difor viktigare med dialog med andre akademikarar enn med konfrontasjon, synest han. 

Andreas Føllesdal viser til ei bok av den israelske forskaren Chaim Ganz, «A Just Zionism. On the Morality of the Jewish State».

 – Denne boka har eg arrangert debattar om både i Israel, USA og i Canada, mellom anna på ein konferanse i Israel arrangert av Association for Israel Studies. Om me hadde hatt ein akademisk boikott av Israel, kunne me ikkje ha samarbeidt med den organisasjonen og fått til ein debatt om sionismen i Israel. 

– Dialog kan verka mykje betre

– Eit anna døme er Austerrike frå den tida Jörg Haiders Fridomsparti var med i regjering. Nesten alle europeiske land innførde ein diplomatisk boikott av Austerrike, og mange grupper sette i verk boikott av forskjellig slag. Men det førte til at me fekk ein klar beskjed frå folk i Austerrike. «Det er vår jobb å ta tak i dette utan utanlandsk innblanding». Eg meiner at å gå i dialog nokre gonger kan verka mykje betre, understrekar han. 

Ingen kommentar frå HiOA-leiinga

NTL ved Høgskulen i Oslo og Akershus oppfordrar også moderorganisasjonen sin til å bringa inn resolusjonen om akademisk boikott av Israel inn for LO-kongressen i 2017. Leiinga ved Høgskulen i Oslo og Akershus, synest ikkje det er naturleg å kommentera denne saka. Det går fram av ein e-post som fungerande kommunikasjonsdirektør Tore Hansen har sendt til Khrono.

Spørsmålet om å innføra akademisk boikott av Israel var oppe i Universitetsstyret ved UiO, den  22. juni 2010. Det skjedde etter forslag frå styrerepresentant Helle Linné Eriksen. Den gongen blei forslaget avvist med ni mot to stemmer. Oppfordringa til Universitetsstyret om å innføra akademisk boikott av Israel, kom først frå styret frå NTL ved UiO.

Emneord: Israel, Midtøsten, Internasjonalisering, Palestina Av Martin Toft
Publisert 6. apr. 2016 12:35 - Sist endra 7. apr. 2016 00:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere