Israel tar ingen sjølvkritikk

Israel stengde dei palestinske universiteta fordi dei var ein del av infrastrukturen til dei palestinske terrorgruppene som fanst både på skular, i kyrkjer, på sjukehus og i flyktningleirar. Det skriv Israels ambassadør i Noreg, Liora Herzl, i eit svar på UiO-rektor Arild Underdals protestbrev mot stenginga av fleire palestinske universitet.

Hebron er eit av dei palestinske områda som har merka dei israelske militæraksjonane.
Foto: Kirsten Helgeland

I brevet kritiserte Arild Underdal dei israelske styresmaktene fordi dei hadde stengd fleire av dei palestinske universiteta som Universitetet i Oslo samarbeider med. Han frykta for dei langsiktige konsekvensane dette kunne få for arbeidet med oppbygging av institusjonar i Palestina., og oppmoda samtidig den israelske regjeringa om å lata desse universiteta få setja i gang med den legitime akademiske verksemda så fort som mogleg.

I svarbrevet viser Israels ambassadør til at det var under det israelske styret dei høgare palestinske utdanningsinstitusjonane blei utvikla.

"Dette var eit direkte resultat av trua vår på kor viktig det er med utdanning. Også i svært vanskelege tider då desse universiteta blei senter for vald har dei stort sett blitt haldne opne fordi me har hatt forståing for at høgare utdanning ikkje skulle rammast," skriv Israels ambassadør, Liora Herzl.

Ho viser til at formålet med dei israelske aksjonane har vore å øydeleggja terroristnettverket og ta dei ansvarlege terroristane til fange med minst mogleg skade på palestinske sivile.

"Når dette er over håpar me at palestinarane vil forstå at dette ikkje fører til noko positivt og om dei ynskjer sjølvstende, så vil dei berre oppnå det via forhandlingsbordet. Derfor vonar me at du forstår kvifor det normale dagleglivet, inkludert dagleglivet til studentane, er blitt avbrote, og me håpar at studentane også vil delta i skapinga av ein fredelegare atmosfære," skriv Herzl i brevet til Arild Underdal.

Når det gjeld stans og arrestasjonar av medisinsk personell, forsvarar Herzl dei israelske soldatane sine handlingar med at det var medisinsk personell som gav assistanse under ein del av terroristhandlingane.

"Det var til dømes ein ambulanse frå Palestinas Raude Halvmåne som frakta eit sjølvmordsbelte under pleddet som ein tre år gamal palestinsk gut sat på, hevdar Herzl i brevet til Underdal. Israels ambassadør viser dessutan til at ein kvinneleg palestinsk sjølvmordsbombar truleg blei frakta inn i Jerusalem av ein ambulanse.

"Israels aksjonar er difor det direkte resultatet av palestinske terroråtak retta mot israelske statsborgarar, som ein direkte fylgje av Arafats systematiske avvising av den amerikanske utsendingen Zinnis forslag til våpenkvile," skriv Israels ambassadør i svarbrevet til Arild Underdal.

Palestinske reaksjonar

Frå palestinsk hald er det derimot kome svært positive reaksjonar på protestbrevet UiO-rektoren sende til Israels ambassadør tidlegare denne månaden.

"Me set stor pris på den klare haldninga du har vist i forsvaret for menneskerettane ved å appellera til dei israelske styresmaktene om å stansa brota på dei fysiske og akademiske menneskerettane i denne harde stunda for det palestinske folket," skriv Omar S. Kitmitto, som er leiar for Den palestinske delegasjonen i Noreg, i eit brev til Arild Underdal.

Det er også kome inn fleire støttebrev frå palestinarar som deltar i samarbeidsprosjekta mellom Universitetet i Oslo og dei palestinske universiteta.

Emneord: Israel, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 24. apr. 2002 16:54 - Sist endra 10. des. 2008 15:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere