Ingen akademisk boikott av Israel

Universitetet i Oslo vil ikkje ha nokon akademisk boikott av Israel. Det er klart etter at Universitetsstyret med ni mot to stemmer gjekk imot styrerepresentant Helle Linné Eriksens forslag om å innføra akademisk boikott.

INGEN BOIKOTT: Universitetet i Oslo innfører ikkje akademisk boikott av Israel. Det vedtok Universitetsstyret mot to stemmer. (Arkivfoto frå Blindern)

Foto: Ola Sæther

Det var den 31. mai i år Israel borda eit tyrkisk skip som var på veg til Gaza med ei hjelpesending for å bryta den økonomiske blokaden av 1,5 millionar palestinarar. Aksjonen førte til at ni av dei som var om bord, blei drepne av dei israelske soldatane, og hendinga blei fordømd av heile verda.

Det var også bakgrunnen for at styret i Norsk tenestemannslag ved UiO den 1. juni vedtok eit forslag om å oppfordra UiO til å innføra akademisk boikott av Israel.

To gjekk inn for boikott

Universitetsleiinga avviste å leggja fram forslaget i Universitetsstyret. Derimot kom dei med eit forslag om at Universitetsstyret skal vedta å gå imot ein akademisk boikott av Israel. Universitetsstyremedlem Helle Linné Eriksen har likevel nytta seg av retten sin til å leggja fram eit eige forslag om at UiO skal innføra akademisk boikott av Israel. Forslaget kom opp i Universitetsstyret i ettermiddag, og det fekk to stemmer. I tillegg til Helle Linné Eriksen, stemte studentrepresentant Anders Venner Rindal for forslaget om å innføra akademisk boikott. Framlegget frå universitetsleiinga blei dermed vedtatt.

Viktig med kontakt med begge partar

I vedtaket  heiter det mellom anna at leiinga ved Universitetet i Oslo  ikkje går inn for akademisk boikott av Israel. Det blir peika på at open og fri meiningsutveksling er ein grunnleggjande føresetnad i akademia. Som akademikarar er det vår plikt å bidra til studiar av konflikten mellom Israel og palestinarane og til løysinga av denne konflikten, går det fram av vedtaksteksten. Det blir understreka at for å få det til, er det heilt avgjerande å ha kontaktar med begge partar i konflikten for å finna årsaker til krig og konflikt.

Det blir også vist til at synet til universitetsleiinga er at kontakt mellom akademikarar på tvers av landegrenser og konfliktlinjer kan bidra til å byggja ned grenser, skapa nærleik og forståing som er grunnleggjande føresetnader for fred. Ein akademisk boikott vil også gripa utilbørleg inn i den individuell akademiske fridomen ved UiO, går det fram av det endelege vedtaket frå Universitetsstyret.

 

Emneord: Israel, Palestina, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. juni 2010 13:29 - Sist endra 22. juni 2010 13:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere