Melder seg ut av NTL i protest

Professor i statsvitskap, Dag Harald Claes har meldt seg ut av NTL i protest mot oppfordringa til akademisk boikott av Israel. – Fråsegna frå NTL gjer israelske akademikarar kollektivt ansvarlege for Israels politikk, seier Claes til Uniforum.  

MELDER SEG UT: – Eg kan ikkje stå som medlem av ein organisasjon som tar til orde for akademisk boikott, seier professor i statsvitskap, Dag Harald Claes. Han melder seg ut av NTL etter oppfordringa om akademisk boikott av Israel.

Foto: Martin Toft

Det var den 31. mai Israel borda eit tyrkisk skip som var på veg til Gaza med ei hjelpesending for å bryta den økonomiske blokaden av 1,5 millionar palestinarar. Aksjonen førte til at ni av dei som var om bord, blei drepne av dei israelske soldatane, og hendinga blei fordømd av heile verda.

Det var også bakgrunnen for at styret i Norsk tenestemannslag ved UiO den 1. juni vedtok eit forslag om å oppfordra UiO til å innføra akademisk boikott av Israel.

– Bryt med grunnleggjande prinsipp

No har professor i statsvitskap, Dag Harald Claes sendt eit utmeldingsbrev til NTLs lokallag ved UiO etter å ha vore medlem i 22 år.

– Eg er prinsipiell motstandar av eit slikt verkemiddel, og kan ikkje stå som medlem av ein organisasjon som tar til orde for akademisk boikott. Viktigare er det at vitskap grunnleggjande sett er basert på fordomsfri og open diskusjon og debatt, utan omsyn til klasse, rase, nasjonalitet eller politisk ståstad. Akademisk boikott bryt med grunnleggjande prinsipp for akademisk liv og lære. Det kan verka som om NTL ikkje er klar over kva me driv på med ved Universitetet i Oslo, konstaterer han.

– Er du imot alle slags former for boikott av Israel?

– Effekten av kvar ei form for boikott er generelt sett tvilsam. Det har også statsvitskapleg forsking vist. Paradokset er at oppfordringa frå NTL om akademisk boikott av Israel skjer samtidig som statsråd Erik Solheim tar til orde for å oppheva den 19 år lange boikotten av Burma, slår han fast.

– Uhyrleg politisk framgangsmåte

Claes reagerer sterkt på at NTL rettar kritikken mot israelske akademikarar.

– Fråsegna inneheld eit sterkt åtak på israelske akademikarar som blir gjort kollektivt ansvarlege for Israels politikk overfor palestinarane. Dei får også ansvaret for indirekte å ha lagt grunnen for den israelske busetjingspolitikken. Dette er ein uhyrleg politisk framgangsmåte frå NTL, presiserer han, og legg til at dersom fråsegna frå NTL skulle bli gjort til eit ålment prinsipp, ville kritisk samfunnsvitskap opphøyra.

– Eg tar sterkt avstand frå Israels politikk overfor det palestinske folket, men eg tar endå sterkare avstand frå NTLs verkemiddel og argumentasjon, seier Claes.

– Truleg meir radikalt enn Hamas

Han synest også det er oppsiktsvekkjande at NTL går imot dei avtalane som FN og landa i regionen sjølve har godkjent.

– Israels grenser etter fredsslutninga i 1949 er allment aksepterte som anerkjende grenser. Det er landområda som Israel okkuperte etter Seksdagarskrigen i 1967, me andre ser på som okkuperte område. Det ser ut som om NTL berre anerkjenner Israels grenser frå 1947, sidan fråsegna tidfestar starten på Israels okkupasjon til 1948. Det er eit standpunkt som truleg også vil vera meir radikalt enn det Hamas ville ha tatt etter moglege fredssamtalar med Israel, trur Claes.

Han vil likevel ikkje oppfordra andre til å melda seg ut av NTL.

– Derimot vil eg be dei om å lesa grundig fråsegna frå styret i NTL, slik at dei sjølve kan gjera seg opp ei meining om innhaldet i den. Tidlegare har eg vore ueinig med NTL i enkeltutspel. Men denne gongen var grensa nådd, og eg følte at eg ikkje hadde noko anna val enn å melda meg ut.

– Vil du melda deg inn i ei anna fagforeining?

– Som gamal sosialdemokrat vil eg vera LO-medlem. Eg har undersøkt om eg kan vera medlem i NTL sentralt utan å vera medlem i lokallaget, men det er visst vanskeleg å få til, konstaterer Claes.

– Den einaste utmeldinga

NTL-leiar Sten Morten Henningsmoen har registrert utmeldinga frå Dag Harald Claes.

– Det er den einaste utmeldinga me har fått etter at fleirtalet i styret for NTL-UiO vedtok forslaget om å oppfordra Universitetsstyret til å innføra ein akademisk boikott av Israel.

– Korleis reagerer NTL-UiO på utmeldinga frå Claes?

– Me tar den til etterretning. Også me meiner at akademisk boikott er eit drastisk verkemiddel, men fleirtalet i styret meiner likevel at det var rett å oppfordra til akademisk boikott no.

Henningsmoen peikar på at universitetsleiinga  avviste oppfordringa frå NTL om at dei burde koma med eit forslag om akademisk boikott av Israel. Etterpå har representanten for dei teknisk-administrative tilsette i styret, Helle Linné Eriksen fremja sitt eige forslag om akademisk boikott av Israel.

Førstkomande onsdag vil me ha eit styremøte der me vil drøfta eventuell ny oppfylging etter avslaget frå universitetsleiinga og dei reaksjonane som har kome både i media og andre stader, seier Henningsmoen til Uniforum.

 I morgon, tysdag 22. juni kjem altså forslaget frå NTL om å innføra akademisk boikott av Israel opp på møtet i Universitetsstyret. Rektoratet har altså utforma sitt eige forslag til vedtak der det ber styret om å gå imot ein akademisk boikott av Israel.

 

 


 

Emneord: Universitetspolitikk, Israel, Palestina Av Martin Toft
Publisert 21. juni 2010 16:08 - Sist endra 21. juni 2010 16:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere