Lege Khamis Elessi: – Situasjonen i Gaza er beintøff

Lege Dr. Khamis Elessi driv forsking på Det islamske universitetet i Gaza saman med Universitetet i Oslo. Etter å ha halde ut ti dagar med bombing orkar han ikkje meir. – No ynskjer eg og familien min å dra herifrå, og eg håpar det kan vera mogleg å få ei forskarstilling på Universitetet i Oslo, fortel han.

Eit portrett av ein mann på Skype.

VERSTE: – Utan samanlikning var dei siste to vekene med samanstøytar mellom Israel og Hamas  dei verste eg nokon gong har opplevd. Israel var gått frå forstanden, og retta åtak mot høgblokker, sivile bygningar og sivilpersonar. Det skjedde medan folk sov, seier lege og førsteamanuensis Khamis Elessi ved Det medisinske fakultetet på Det islamske universitetet i Gaza. (Foto: Skjermdump frå Skype)

Ti dagar med krigshandlingar mellom Hamas i Gaza og Israel har sett stygge spor. I Gaza er 250 menneske drepne, medan 13 blei drepne i Israel.  Dei aller fleste døde i Gaza var kvinner og barn. I Gaza fall også bygningen som husa kontora til TV-selskapa Al Jazeera, BBC og nyhendebyrået Associated Press (AP). Israel skulda Hamas for å ha skote ut rakettar frå bygningen, men Israel har ikkje lagt fram bevis på det slik USAs utanriksminister Antony Blinken har kravd.

Den siste væpna konflikten mellom Hamas og Israel:

- 10. mai: Den siste konflikten starta opp etter at Hamas gav Israel ein frist til klokka 18.00 same dag med å trekkja tryggingsstyrkar frå området rundt Al Aqsa-moskeen i Jerusalem

- Då fristen gjekk ut, stara Hamas med å fyra av rakettar mot Jerusalem. Israel svarte med luftangrep mot mål på Gazastripa.  Slik starte ein 11 dagar konflikt der rakettar og bomber fell ned over både Gazastripa og Israel.

- Bakgrunnen for konflikten er at israelske tryggingsstyrkar tok seg inn i Al Aqsa-moskeen og nekta palestinarane å få tilgang til moskeen og gamlebyen i Israel.

- Ein tilleggsdimensjon er forsøket på utkasting av fleire palestinske familiar i bustadområdet Sheikh Jarrat i Aust-Jerusalem, slik at jødiske familiar kan flytta inn.

- 250 personar blei drepne i Gaza, medan 13 blei drepne i Israel.

- 21. mai: Hamas og Israel inngjekk våpenkvile.

(Kjelder: Aftenposten/NTB og BBC)

– Tøff og komplisert situasjon

Midt i Gaza by bur også nevrolog og førsteamanuensis Khamis Elessi på Det medisinske universitet ved Det islamske universitetet i Gaza. I mange år har han hatt eit langt samarbeid med forskarar på Institutt for helse og samfunn på Universitetet i Oslo.  No vågar han så vidt å gå ute i gatene. Då bombinga stod på, opplevde han stor redsel blant familiemedlemane sine.

– Me er alle i ein tøff og komplisert situasjon. I over 15 år har me budd i Gaza som blir rekna som verdas største fengsel. Det er stengt både frå sjø, land og lufta. Det er svært avgrensa kvar du kan dra og bevega deg. Det er vanskeleg å få tak i medisinar og reservedelar. Det skortar på alt her, fortel han til Uniforum på Skype etter våpenkvila. 

Truga av både covid-19 og israelske åtak

Men isolasjonen frå resten av verda og bombinga frå Israel er ikkje det einaste innbyggjarane i Gaza strir med.

– For litt over eitt år sidan dukka covid-19-viruset opp her. I mai i fjor hadde me kanskje berre 50 smittetilfelle. I mai i år har me registrert 100 000 personar som er smitta av koronaviruset. I mai i fjor hadde me eitt koronarelatert dødsfall, medan me i mai i år hadde 1000, seier han djupt skaka til Uniforum.  

Medan folk prøvde å gjera det dei kunne for at koronasmitten ikkje skulle spreia seg,  starta dei nye rakettåtaka mellom Hamas og Israel. Den israelske kommentatoren Gideon Levy skriv, ifylgje VG,  i avisa Haaretz at kampane starta opp fordi Israel klarte å provosera palestinarane med politiaksjonar mot folkegrupper som var samla rundt Al Aqsa-moskeen i Jerusalem, samtidig som palestinarar i Aust-Jerusalem blei kasta ut av husa dei hadde budd i sidan 1930-talet, og så flytta israelske busetjarar inn. Det meiner den israelske avisa var dropen som fekk begeret til å renna over, og som skapte sinne blant palestinarar. Hamas reagerte med å senda mange tusen rakettar mot byar i Israel.  Mesteparten av dei blei skotne ned av det israelske rakettskjoldet, men nokre landa og førte til at 12 israelarar døydde. Det gjekk verre i Gaza då dei israelske rakettane frå fly og helikopter landa der. 260 menneske blei drepne og 1300 blei skadde. Innbyggjarane i Gaza hadde heller ingen tilfluktsrom dei kunne springa til då rakettane kom, slik israelarane kunne. Også den sosiale situasjonen er ille.

75 prosent av innbyggjarane er flyktningar

– Me har ei arbeidsløyse på over 60 prosent og 75 prosent av innbyggjarane i Gaza er flyktningar som er avhengige av matvarehjelp frå FN. Trass i alt dette, kom ikkje resten av verda straks med eit ultimatum til Israel om å stansa åtaka og inngå våpenkvile. Ingen stod opp for palestinarane og kravde at dei måtte få oppfylt sine grunnleggjande menneskerettar, og få leva som menneske med like rettar som folk i Israel, i Noreg eller i USA eller andre stader i verda, seier han.

– Kan ikkje koma til Noreg

Khamis Elessi set pris på at han har gode venner i Noreg.

– Eg har venner i Noreg som inviterer meg til å koma dit for å delta i det felles forskingsprosjektet vårt mellom Universitetet i Oslo og Sunnaas sjukehus og  Det medisinske fakultetet i Gaza. I nærare 20 år har eg hatt kontakt med nordmenn. For kort tid sidan avslutta eg mitt andre møte med norske partnarar. Og så inviterer dei meg alltid til Noreg. Problemet er at eg kan ikkje koma. Det er strenge reglar på kor folk kan dra og bevega seg, forklarar han.

Det tykkjer han er svært synd, for palestinarane er dei som i gjennomsnitt har høgast utdanning av alle i den arabiske verda.

– Eg trur rundt 99,1 prosent av palestinarane har utdanning. Det er også svært mange palestinarar som har universitetsutdanning samanlikna med andre land i verda. Dei får likevel ikkje høve og fridom til å velja det dei vil gjera ut av liva sine. Me har alltid blitt undertrykte av makter utanfrå. Me har alltid blitt styrte, men me kan ikkje styra oss sjølve, dessverre, seier han trist.

I utlandet har han ein forskarkollega som lurer på kvifor dei held ut med dette livet. 

– Kvifor drar du ikkje ut, slik mange andre palestinarar har dratt til Noreg og slått seg ned der og fører lykkelege liv der? Det er vanskeleg fordi rørslefridomen er svært avgrensa, og før du reiser må du avklara om du har høve til å få ei betre framtid der, seier han. 

– Verste eg har opplevd

Sjølv om han har opplevd tøffe tider i Gaza også tidlegare år, kan dei ikkje samanliknast med det han opplevde under den siste konflikten mellom Hamas og Israel.

– Det er det verste eg har opplevd. Eg har behandla pasientar i fire ulike krigar, 2006, 2008-09, 2012 og 2014. Utan samanlikning var dei siste to vekene med samanstøytar mellom Israel og Hamas  dei verste eg nokon gong har opplevd. Israel var gått frå forstanden, og retta åtak mot høgblokker, sivile bygningar og sivilpersonar. Det skjedde medan folk sov. Mesteparten av dei som blei drepne under dei siste krigshandlingane var barn. 68 var barn og 36 var kvinner. Ein heil familie døde under eitt av åtaka. Det var rein galskap. Eg håpar at dette vil vera den endelege slutten på det.

– Det einaste du kan gjera er å be

– Korleis blei din eigen familie råka av den siste krigen?

– Den blei sjølvsagt også råka. Ingen var immune mot den krigen. Eg er lege og nevrolog. Og du har alltid ei viss grense for kor mykje du kan tola, og til slutt er det einaste du kan gjera å be. Israelarane gjekk til åtak overalt. Både eg sjølv, systera mi, broren min hasta av garde til heimen vår. I staden for dei 13 personane som vanlegvis bur der, var me brått 90 personar fordelte på sju familiar som delte huset, fortel han. Den stadige bombinga førte til at dei heile tida var ei skjelving i huset. 

– Dottera mi,  som er ein 20-år gammal IT-student, tolte det ikkje, og til slutt kollapsa ho og besvimte. Ho låg i svime i over ein time etter at me hadde brukt alle slags metodar for å vekkja henne.

 – Då ho vakna kunne ho verken gå eller bruka armane. Ho var i sjokktilstand. Det same skjedde med tre av niesene mine. Det var vanskeleg, minnest han.

Elessi fortel om vindauge som var tildekte og at det var barneskrik overalt.

– Ingen forstod kvifor me blei bomba og at nokon ville ta livet av oss. Og me kunne ikkje svara dei eller forklara dei kvifor, fortel han.  

Det var likevel ei oppfordring alle kom med til han. 

– Fortel alle vennene dine i Europa og Amerika at du vil ta oss med til Noreg. Ja, sa eg, for å roa dei ned, eg vil ta dykk med til Noreg eller Amerika. Røyndommen på bakken er frykteleg vanskeleg, konstaterer han.

– Situasjonen i Gaza er beintøff

– På kva måte kan akademikarar ved UiO og universitet andre stader i verda hjelpa dykk i Gaza?

– Dei kan halda fram med å hjelpa til med å utdanna legar og sjukepleiarar i Gaza.Så langt har dei også lært opp legar og sjukepleiarar i Gaza. Det dei no kan gjera er å hjelpa meg med å koma meg ut av Gaza og kanskje tilby meg ei stilling ved Det medisinske fakultetet på Universitetet i Oslo. Det ville ha vore ei hjelp som eg aldri ville ha kunna gløyma. Slik kan dei hjelpa både familien min og meg sjølv. For situasjonen i Gaza er beintøff, seier han.

Og han ser ikkje noko slutt på at Israel vil trakassera palestinarar.

– Det skjer i det palestinske Aust-Jerusalem, på dei heilage stadene og fleire andre stader. Det ser ikkje ut til å ta slutt. Og når palestinarane svarer, er det dei som blir skulda for å vera ekstremistar. Om Israel reagerer blir landet alltid forsvart med at det er i  sjølvforsvar, seier han oppgitt.

– Dei ber eit stort ansvar

For han er dei heilt opplagt at det internasjonale samfunnet skulle ha lagt eit hardare press på Israel tidlegare for å få stansa kamphandlingane.

– Dei starta på ein måndag, for to veker sidan, og EU hadde eit felles møte om temaet først tysdagen ei veke etterpå. Det tok dei åtte dagar før dei kunne setja seg ned og diskutera massakrane i Gaza. Derfor ber dei eit stort ansvar som vil prega både tankane deira og hjarta deira i framtida, trur han.

Har samarbeidd med palestinske forskarar i 27 år

Medisinprofessor Espen Bjertness ved Avdeling for samfunnsmedisin på Institutt for helse og samfunn, UiO kjenner den palestinske legen Khamis Elessi gjennom Lancet Palestinian Health Allianse og frå  den årlege forskingskonferansen. Dei har skrive ein forskingsartikkel saman om kvaliteten på vitskaplege publikasjonar om medisinsk og offentleg helseforsking frå palestinske institusjonar. Den blei publisert i British Medical Journal/Open. Espen Bjertness har også samarbeidd med andre palestinske forskarkollegaer i 27 år.

– Mitt samarbeid med palestinske universitet starta i 1994, etter ei delegasjonsreise, leia av dåverande UiO-rektor Lucy Smith, til alle palestinske universitet, fortel han i ein epost til Uniforum.

Portrett av ein mann
SAMARBEID: Medisinprofessor Espen Bjertness har i mange år samarbeidd med palestinske institusjonar. (Arkivfoto)

– Eg samarbeidde først med Gaza Community Mental Health Centre, og rettleia ein palestinsk PhD-student (Abdel Hamid Afana) som skildra mental helse blant palestinarar i Gaza. Blant anna fann han at vaksne som oppsøkte helsetenester underkommuniserte sine mentale helseproblem – dei omtalte det som fysisk smerte (somatisering av mental helse), og at fysisk smerte var årsaka til legebesøk,  seier han. Bjertness har også rettleia ti andre palestinske PhD-studentar frå område utanfor Gaza og med to frå Gaza, har han rettleia til saman tolv palestinarar fram til doktorgrad.

Seinare har Espen Bjertness deltatt i samarbeid med palestinske institusjonar gjennom ein internasjonal helseallianse.

– I dei siste 12 åra har mitt samarbeid med palestinske institusjonar vore gjennom Lancet-Palestinian Health Alliance. Me held  årlege 2-dagars konferansar med fokus på helse og leveforhold hos palestinarar i- og utanfor dei okkuperte palestinske territoria,  opplyser Espen Bjertness.

 

– Høyrt mange hjarteskjerande historier

Palestinske forskarar har heile tida fortalt han kor ille familiane deira har det.

– Eg har høyrt mange hjarteskjerande historier frå palestinske kollegaer i Gaza, korleis barna deira mister språk, blir innelukka i si eiga verd, begynner med sengevæting, blir aggressive eller apatiske. Ein kollega som har mareritt kvar eineste natt – drøymer om leikande barn i grøne enger, i eit blomsterhav, fulle av latter. Så snur det til blod og kaos… Same draum natt etter natt, har dei fortalt til Espen Bjertness. 

– Israel må leggjast under hardt press

Han tykkjer det er vanskeleg å førestilla seg kva folket i Gaza går gjennom under Israels disproporsjonelle  angrep,  - og dei fysiske og psykiske konsevensane overlevande må leva med i årevis.
– Drap av barn og kvinner, øydelegging av helseinstitusjonar – ein vond sirkel. Israel må leggjast under hardt press – palestinarar kjem til å halda fram motstandskampen sin. Det er lett å forstå. Det er roleg på overflata no,  men Gazas befolkning lever framleis i eit mareritt –  kva skjer i morgon – når bryt det laus igjen?, spør Bjertness.  

Trass i den vanskelege situasjonen i Gaza, håpar han at helsepersonell og akademikarar blir verande ettter å ha fått vita at Khamis Elessi vil forlata Gaza.

– Viss flinke legar og akademikarar som Khamis forlet landet, brain-drain, fører det til ein endå vanskelegare situasjon for Gazas befolkning, men eg forstår Khamis, uttrykkjer Espen Bjertness i ein epost til Uniforum. 

(Oppdatert måndag 7. juni klokka 12:46)

Emneord: Midtøsten, Midtausten, Palestina, Israel Av Martin Toft
Publisert 7. juni 2021 04:30 - Sist endra 7. juni 2021 13:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere