UiO-forskar: – Hebron-observatørane har dempa spenninga mellom busetjarar og palestinarar

– Alle er einige i at observatørkorpset i Hebron har dempa den generelle spenninga mellom busetjarane og palestinarane i Hebron. Det seier UiO-forskar Olav Gjertsen Ørum som har arbeidd som tolk for observatørkorpset som no er lagt ned.

SYND; – Det er synd at mandatet ikkje er blitt fornya, synest UiO-forskar Olav Gjertsen Ørum som var deltakar i observatørkorpset i Hebron i seks månader. 

Foto: Ola Sæther

I slutten av januar kunngjorde Israels statsminister Benjamin Netanyahu at landet ikkje lenger ville gå inn for å fornya mandatet til det internasjonale observatørkorpset i Hebron (TIPH). Dei over 20 åra det har eksistert, har det vore under norsk leiarskap med Tyrkia,Sverige, Danmark, Italia og Sveits med på laget. Første året var det 180 observatørar og då korpset blei lagt ned var talet på observatørar redusert til 64. 

Massedrap bakgrunn for opprettinga

Observatørkorpset blei først oppretta etter at ekstremisten Baruch Goldstein massakrerte 29 palestinarar i moskeen ved Abrahams grav i Hebron 25. februar 1994.  Då inngjekk Israel og palestinske sjølvstyremakter ein bilateral avtale om å få internasjonale observatørar i Hebron for å dempa spenninga mellom det palestinske fleirtalet og den vesle gruppa med busetjarar. Etter at observatørkorpset vakla litt i byrjinga. kom det inn som ein del av Osloavtalen i 1997. Då overtok også Noreg leiarskapen.  Sidan den gongen har Israel og dei palestinske sjølvstyresmaktene fornya avtalen kvar sjette månad. Men den 28. januar i år sette statsminister Benjamin Netananyahu foten ned, og gav klar beskjed om at Israel ikkje lenger ville ha internasjonale observatørar i Hebron. Dermed måtte alle som deltok i observatørkorpset pakka saman og dra tilbake til heimlanda sine.

– Har ført til mindre spenning

Olav Gjertsen Ørum forskar på arabisk språkhistorie og kultur ved Universitetet i Oslo. Han snakkar både arabisk og hebraisk og i 2014-2015 arbeidde han i seks månader som tolk for observatørkorpset i Hebron.

– Det er synd at mandatet ikkje er blitt fornya. Eg er viss på at TIPH har ført til mindre spenning mellom busetjarane og det palestinske fleirtalet, seier Olav Gjertsen Ørum til Uniforum.  Sjølv synest han det har vore både nyttig og interessant å delta i TIPH:  – Fleire av oss som har gått på Midtaustenstudia på Universitetet i Oslo, har vore deltakarar. Slik blir me kjende med eit utruleg komplekst bilete av situasjonen i Hebron. Derfor er det ein veldig god jobb for alle som har den bakgrunnen, seier han.  

– På patrulje tre gonger for dagen

Observatørkorpset hadde alltid faste rutinar.  

– Ja, me var ute på patrulje tre gonger for dagen. Det var alltid ein politi saman med ein tolk som kjørte rundt i områda i dei kvite bilane til TIPH. Patruljen var alltid uvæpna og patruljerte rundt for å observera moglege brot på menneskerettane og brot på Hebron-avtalen. Alle meldingane blir samla opp før dei blir gått gjennom og bearbeidde av juristane på TIPH-kontoret. Dei lagar rapportar som blir lagde fram for dei involverte partane: altså Israel og dei palestinske sjølvstyremaktene og dei fem landa i observatørkorpset. Men dei skal aldri offentleggjerast, fortel Gjertsen Ørum.

Nokre netter måtte dei også rykka ut.

– Då handla det i hovudsak om at meldingar frå palestinske familiar som var utsette for husransakingar frå israelske soldatar, ofte utan at kvinnene hadde fått tid til å dekkja seg til.

Liten kontakt mellom busetjarane og palestinarane

Han har observert at det er nesten ingen kontakt mellom palestinarane og busetjarane i Hebron.

– I sentrum bur det ein palestinsk familie i første etasje i eit hus, medan det bur ein busetjarfamilie i andre etasje. Dei har forskjellige utgangar på forskjellige plan, så dei møter kvarande aldri, konstaterer han.

Det er berre ein gong i veka at busetjarane går gjennom dei områda i Hebron der fleirtalet av palestinarane bur.

– Det er på sabbaten, då busetjarane besøkjer synagoga ved Abrahams grav. Då står israelske soldatar oppstilte langs heile ruta under heile sabbaten for å hindra at det blir samanstøytar mellom dei to gruppene, seier han.

OBSERVATØR: Språkforskar Olav Gjertsen Ørum var i seks månader ein del av observatørkorpset i Hebron. ( Foto: Ola Sæther)

– Kontrollerer alle palestinarar

Etter hans meining kjem den israelske hæren ofte i skvis.

– Den skal verna både busetjarane og observatørkorpset, men eigentleg også palestinarane.  I hovudsak møter du dei på kontrollpostane innanfor det mest spente området som blir kalla for H2. Der blir alle palestinarar kontrollerte før dei kan gå eller kjøra utanfor området, medan busetjarane kjører og går fritt fram og tilbake, sjølv om nesten alle har løvye til å bera våpen, hugsar han.

Ein spøkelsesby

 Ein annan ting som gjorde sterkt inntrykk på han, var korleis gamlebyen i Hebron var blitt ein spøkelsesby.

– Tidlegare var det ein bydel med masse handel og eit yrande folkeliv. Men for å sikra tryggleiken for busetjarane og palestinarane, stengde den israelske hæren alle butikkane i hovudgata.  Før det skjedde var Hebron eit handelssentrum på Vestbreidda og på områda rundt. Palestinarane ser på hebronittane som dei fødde kremmarane akkurat som me ser på sunnmøringane, seier Gjertsen Ørum.

– Kva inntrykk har du av busetjarane i Hebron?

– Dei er nasjonalistar og meiner at Hebron tilhøyrer det jødiske folket. Interessant nok kan  ideologien deira oppfattast som nasjonalistisk snarare enn religiøs, samtidig som dei føler at dei kjempar det jødiske folket si sak, sjølv om mange israelarar er ueinige med dei i det. For dei er ikkje observatørkorpset nøytralt, men ein provokasjon. Dei reagerer sterkt på at internasjonale observatørar skal overvaka dei, ikkje minst reagerer dei på at tyrkiske politimenn og nordmenn med arabisk bakgrunn deltar. Det same har Israel gjort, har han registrert.  

Etter hans oppfatning er det likevel ein stor fordel for korpset at det deltar folk med arabisk bakgrunn og frå Tyrkia.

 – Ja, på den måten kan TIPH til dels unngå å hamna i kategorien «vestleg», og såleis blir den mjuke tryggleiken tatt betre vare på når observatørane ferdast blant palestinarane. Ikkje overraskande, verkar dette på motsett måte når TIPH patruljerer i busetjarområda. Det kan tenkjast at det også er noko av grunnen til den sterke misnøya blant busetjarane, trur han.

– Meir uro og destabilisering

Også observatørane måtte vera forsiktige.

– Me kunne ikkje bli sette i ein lang samtale med ein israelsk soldat eller med ein palestinar. Då ville den andre sida tru at me var partiske, forklarar han.

No er historia til observatørkorpset i Hebron over. Kva trur du vil skje no?

– Eg sluttar meg til det som den palestinske ordføraren i Hebron seier: Det blir meir uro og destabilisering. Alvorlege ting kan skje. Og det vil truleg gå hardast ut over dei palestinske innbyggjarane, fryktar han.

– Har gjort så godt dei kunne

Midtaustenekspert Nils Butenschøn ved Norsk senter for menneskerettar på UiO, blei for litt over fem år sidan beden om å evaluera informasjonsarbeidet til observatørkorpset i Hebron. I dag gir professoren korpset denne evalueringa.

– Observatørkorpset har gjort så godt dei kunne etter sitt mandat. Det var ikkje noko FN-mandat for det ville ikkje Israel, for dei ville ikkje internasjonalisera dette. Derfor har FN vorte halden utanfor TIPH og andre avtalar med feste i Oslo-prosessen. Det har heile tida vore eit skeivt maktforhold mellom okkupasjonsmakta og palestinarane i palestinarane sin disfavør, og no meir enn på lenge. Derfor har det også vore ein enkel affære for Israel å ikkje fornya mandatet. TIPH jobbar imot oss, meiner Netanyahu, seier Nils Butenschøn til Uniforum.  

Han har notert seg svært få feiltrinn av observatørane.

– Ein av dei stakk hol i dekket på bilen til ein busetjar og ein annan gav ein øyrefik til eitt av barna til busetjarane. Det er dei som har vore omtalte.  Korpset har elles laga tusenvis av rapportar som ikkje har vore offisielt tilgjengelege. Dei skal rapportera om brot på folkeretten, inkludert menneskerettane og humanitærretten i Hebron. Noko av dette er kjent gjennom lekkasjar til pressa. Men rapportane må bli tilgjengelege om me skal få oversyn over korleis okkupasjonsstyresmaktene har operert overfor sivilfolket i Hebron, meiner Butenschøn.

Han peikar på at det var ein god del startvanskar for korpset dei første åra. Det første blei oppretta i 1994, etter massakren på 29 palestinarar som busetjaren Baruch Goldstein stod bak. Deretter blei det omorganisert på nytt i samband med Oslo 2-avtaleni 1995, før dei lykkast med den endelege organiseringa i 1997 under norsk leiarskap.

ALLIANSE: Midtausten-ekspert Nils Butenschøn trur USAs president Donald Trump freistar å få til ein allianse mellom Israel og Saudi-Arabia. (Foto: Ola Sæther)

– Mister eit internasjonalt blikk

 Butenschøn trur det går hardast utover dei palestinske sivile når observatørane no har reist heim.

– Sivilbefolkninga mister eit internasjonalt blikk på det som skjer. Skulebarna mister tryggleiken sin på veg til skulen når dei må passera heimane til busetjarane. Okkupasjonssoldatane blir ikkje sette på som ein garanti mot trakassering frå busetjarane si side, understrekar han.

Vil det vera mogleg å bruka andre modellar for å dempa motsetjingane mellom busetjarane og palestinarane i denne byen?

 – Eg ser at palestinarane har organisert observatørar som vil fylgja barn til skulen. Me veit ikkje kor lenge det vil halda. Under den spente situasjonen ligg det faktum at busetjarane med solid politisk støtte på høgresida i Israel vil ekspandera vidare inn i gamlebyen i Hebron, ein palestinsk by med 200 000 innbyggjarar. Den palestinske leiinga har kravd at det blir oppretta ei FN-styrke i Hebron og i Aust- Jerusalem for å hindra vidare brot på inngåtte avtalar. Truleg vil Palestina ikkje få medhald i dette med dagens konstellasjon i Tryggingsrådet med USAs vetomakt, resonnerer Butenschøn.

Meiner Trump vil ha  ein allianse mellom Israel og Saudi-Arabia

– Ser du noko håp om at det vil bli noka løysing i konflikten mellom Israel og palestinarane?

– No skal Donald Trump koma med sin fredsplan for Midtausten. Han freistar å byggja ein allianse mellom Israel som den dominerande militærmakta og Saudi-Arabia som finansmakta i regionen basert på felles fiendskap med Iran..  Håpet er å “strike a deal” over hovudet på eit svakt og splitta palestinsk folk. Historisk har dette vore prøvd tidlegare utan hell, sist med den såkalla Camp David-avtalen mellom Israel og Egypt i 1979, då også i regi av USA, minner han om før han legg til:

 – Utfordringa no som før er å få til ein fredsavtale mellom Israel som ein stadig ekspanderande settlarstat utan endeleg fastlagde grenser og ei innfødd befolkning som kjempar med ryggen mot veggen. Så lenge Israel veit at dei har USAs støtte, peikar ingenting i retning av ei tostatsløysing som Oslo-avtalen skapte forventingar om.

Fakta om observatørkorpset i Hebron: 

- offisielt namn TIPH (Temporary International Presence in the City of Hebron)

- starta opp første gong i 1994 etter massedrap av palestinarar ved Abrahams grav i Hebron

 - starta opp igjen i 1997 under norsk leiarskap 

- mandatet var å dempa spenninga mellom busetjarane og palestinarane i Hebron

- observatørane kom frå Noreg, Sverige, Danmark, Italia, Sveits og Tyrkia. 

- eksisterte i 22 år før Israels statsminister Benjamin Netanyahu valde ikkje å fornya mandatet 28. januar i år.  (Kjelde: Store norske leksikon)

– Ei bantustan-løysing

Derimot trur han Israel heller har heilt andre planar.

– Det peikar seg heller ut ei bantustan-løysing som i Sør-Afrika under apartheid, der ein hadde svarte “statar” anerkjente av Sør-Afrika. Det vil seia sjølvstyrte palestinske enklavar innanfor dagens Israel-Palestina. Til dømes, ein stat i Gaza, ein på

den sørlege Vestbreidda og ein på den nordlege Vestbreiddda, skilt av Jerusalem og den korridoren som israelarane etablerer der. Det skjer òg for å hindra at Aust-Jerusalem kan bli hovudstad i Palestina som ein samanhengande stat på Vestbreidda, trur Butenschøn.

–Når det gjeld Hebron, så avspeglar byen maktforholdet mellom Israel og palestinarane. Byen er eit mikrokosmos av konfliktbiletet slik det framstår.  

– Kva kan norske styresmakter gjera?

– Noreg har kome med ein moderat protest mot opphevinga av TIPH. Det ser ikkje ut som om Vesten er i stand til å setja i verk sanksjonar mot Israel trass i klare folkerettsbrot i Gaza, på Vestbreidda og i Jerusalem. Israel undergrev avtalene som skulle sikra ein langsiktig fred med palestinarane, er den klare konklusjonen til Nils Butenschøn.

Emneord: Israel, Midtausten, Midtøsten, Palestina Av Martin Toft
Publisert 19. feb. 2019 07:17 - Sist endra 19. feb. 2019 12:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere