– Fredsskapande med akademisk samarbeid

– Akademisk samarbeid med israelske forskarar kan verka betre som ein fredsskapande reiskap enn ein akademisk boikott av Israel. Det seier professor Andreas Føllesdal, som er forskingsleiar ved Norsk senter for menneskerettar ved UiO.  

PÅVERKNAD: – Eg ser at akademikarar i Israel har direkte og indirekte påverknadskraft inn i politikken, og på den måten kan dei vera med på å redusera konflikten, trur professor Andreas Føllesdal.

Foto: Ola Sæther

I førre nummer av Uniforum kom medisinprofessor Espen Bjertness med ei oppfordring om om å setja i gang ein akademisk boikott av Israel som ein protest mot bombinga og invasjonen av Gaza. Professor Andreas Føllesdal las artikkelen og kom med mange argument mot å gå til akademisk boikott, sjølv om også han er kritisk til Israels okkupasjon av palestinske område.

– Eg meiner at akademisk engasjement og samarbeid har større effekt for å påverka politikarar og intellektuelle i Israel og i USA enn det ein akademisk boikott vil føra til. Det standpunktet har eg koma fram til etter at eg har prøvd å setja meg inn i argumenta for det eine og det andre standpunktet. Når det gjeld akademisk engasjement og samarbeid, kan det sjølvsagt fungera som varm luft utan nokon verknad, eller tildekka problem. Akademisk boikott vil likevel ha lågare verknad, sidan mange universitet i store og dominerande land heilt sikkert ikkje vil delta, trur Andreas Føllesdal. Han har saman med andre forskarar mellom anna sett på effekten av forbrukarboikott av ulike selskap.
 

– Oppfordringar om ein forbrukarboikott av selskap som bryt etiske reglar, er meir effektiv dersom det finst konkurrerande selskap som ikkje bryt dei etiske reglane. Så lenge eit selskap har monopol i ein marknad, er det vanskeleg å boikotta det til fordel for eit betre selskap, viss det ikkje finst konkurrentar, peikar han på.

Austerrike og Israel

Føllesdal viser også til den uoffisielle politiske boikotten av Austerrike etter at Jörg Haiders parti var tatt inn i regjeringa. 

– Leiande politikarar i Europa tok initiativet til å hindra at Austerrike fekk viktige verv i EU-organ. Mange politikarar nekta å møta representantar for den austerrikske regjeringa. Men resultatet blei at endå fleire austerrikarar samla seg om regjeringa, sjølv om dei var totalt usamde i alt som Jörg Haider og partiet hans stod for. Dei meinte at ingen andre land hadde noko med å blanda seg inn i indre politiske saker i Austerrike. Landet er eit demokratisk stabilt land, men det tillet likevel høgreparti å koma til makta. På mange måtar er Israel i den same situasjonen. Det er på fleire måtar eit fungerande demokrati, men det får masse internasjonal kritikk på grunn av handteringa av dei okkuperte områda. Ein boikott vil truleg føra til at folk sluttar meir opp om ein problematisk politikk enn det dei elles ville gjort, konstaterer Føllesdal.
 

Skaper debatt om sionismen

Det akademiske engasjementet sitt brukar Føllesdal til å få den akademiske verda i USA og Israel til å opna auga sine for tankane til den israelske filosofen Chaim Gans, som arbeider ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Tel Aviv. I 2008 gav han ut boka ”Just Zionism” på det velrenomerte forlaget Oxford University Press.

– I den boka skriv han om kor langt ei venleg tolking av sionismen kan forsvara Israels politikk når det gjeld dei okkuperte områda, men også når det handlar om ulik behandling av jødar og andre israelske borgarar. Konklusjonen hans er svært kritisk til Israels politikk i dag. Israel burde halda seg innanfor grensene frå 1967 med ein viss, men avgrensa rett til tilbakevending for dei palestinske flyktningane, og landet bør avvikla mykje av det jødiske hegemoniet i Israel. Gans forsøkjer å utforska grensene for ein rettferdig sionisme og om dette er synspunkt som palestinarane bør kunna akseptera, fortel Føllesdal. Boka har gitt han inspirasjon til å setja i verk samtalar og debattar rundt dei problemstillingane Chaim Gans tar opp i boka.-

Deltar i paneldebattar om boka

Han håpar boka og prosjektet til Gans vil kunna påverka opinionen i Israel og USA.
– Boka fortener all den merksemda den kan få. Difor søkjer eg om å setja i gang møte der forfattaren møter kritikarar og studentar. Det første møtet var på Barde College i delstaten New York og eg håpar me får halda eit møte på den amerikanske statsvitarkonferansen i Toronto i Canada seinare i år. Eg har også takka ja til å delta i eit liknande panel som ein god, jødisk venn arrangerer, i regi av Association for Israel Studies, i Beersheba i Israel 1.– 3. juni. Det var ein av byane som blei trefte av rakettane frå Hamas under den siste konflikten med Israel, fortel Føllesdal. Han er overtydd om at dette er ein fruktbar veg å gå for å finna fram til løysingar som både Israel og palestinarane kan godta.
 

Lyttar til akademikarar

– I Israel går mange akademikarar uproblematisk frå universiteta til politikken og tilbake igjen. Og mange israelarar med stemmerett lyttar til det akademikarar seier i den offentlege debatten. Difor er dei israelske politikarane og støtteapparatet deira absolutt lydhøyre for akademiske argument. Eg ser at akademikarar i Israel har direkte og indirekte påverknadskraft inn i politikken, og på den måten kan dei vera med på å redusera konflikten, trur Føllesdal. Han vil difor gjera det han kan for at tankane til den israelske filosofen Chaim Gans blir kjende internasjonalt.

- Steg mot ein stabil fred

– Den politiske filosofien han presenterer i denne boka er like politisk engasjert som tankane til John Locke, Mary Wollstonecraft, John Rawls, Susan Moller Okin og andre store politiske tenkjarar. Mellom anna argumenterer Chaim Gans for at dei europeiske landa har medansvar for dei lidingane palestinarane har hatt, etter at Israel blei grunnlagt som ei fylgje av det fleire europeiske statar hadde gjort mot jødane under Den andre verdskrigen. Eg håpar at dersom jødiske og arabiske israelarar sette seg saman for å diskutera desse politiske tankane, ville det hjelpa i retning av å få oppslutnad om steg mot ein stabil fred. Eg trur at me kan få til ein debatt om kva som er fornuftig politikk. Det er absolutt mogleg å tenkje nytt om kompliserte tema. Om det er nokon som fortener det i dag, er det innbyggjarane i Midtausten.

- Krev analyse av alternativ

– Og akademisk boikott vil ikkje verka?

– Eg meiner ikkje at akademisk boikott aldri verkar, og nokre gonger er det eit moralsk krav til oss at me ikkje medverkar til grov urett. Men eg ser at boikott kan ha kostnader, og val av strategi krev ein grundig analyse av alternativ og verknadene deira.

Den 30. april kl. 16.15–18.00 vil Andreas Føllesdal snakka om boka til Chaim Gans på eit seminar i rom 770 i Domus Nova i regi av den fleirfakultære forskargruppa KULTRANS ved Universitetet i Oslo. 


 

Emneord: Israel, Palestina Av Martin Toft
Publisert 6. feb. 2009 10:14 - Sist endret 6. feb. 2009 10:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere