Brennaktuell debatt på UiO: Kan det kosta for mykje å halda akademisk kontakt med Israel?

Kva er prisen for å halda akademisk kontakt, og kva er prisen for å bryta kontakt med forskarar og institusjonar i land som Israel og Russland?  Det spørsmålet håpar Einar Uggerud i Akademisk forum å få svar på under debattmøtet 29. april.

Einar Uggerud på gangvegen framfor Georg Sverdrups hus

INVITERER ALLE:  – Dette blir ein viktig debatt. For oss i Akademisk forum er det viktig å balansera og ikkje flagga eige standpunkt i denne saka, seier Einar Uggerud. Han leier debatten i Domus Bibliotheca. Her står han ved Georg Sverdrups hus på Blindern. 

Foto: Martin Toft

Ein av dei som skal delta i debatten om akademisk boikott er Hans Petter Graver, professor i rettsvitskap ved UiO.  Han er også  leiar for Vitskapsakademiets menneskerettskomité. Han skal delta på debattmøtet saman med dekan Solveig Kristensen frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og direktør Iver P. Neumann ved Fridtjof Nansens institutt.  Møteleiar blir Einar Uggerud som også er med i styret for Akademisk forum.

– Dette blir ein viktig debatt. For oss i Akademisk forum er det viktig å balansera og ikkje flagga eige standpunkt i denne saka, seier han.

Tungvektarar i panelet

Einar Uggerud er svært nøgd med å ha fått tungvektarane Hans Petter Graver og Iver B. Neumann til å delta i debatten.  Og han ser det også som svært naturleg at MN-dekan Solveig Kristensen er ein del av panelet. 

– Grunnen er at gjennom fakultetet blir institutta pålagde å ta omsyn til eksportkontrollreglane når me skal tilsetja forskarar. Uansett skal kvar forskar vurderast på personleg grunnlag. Dette påverkar forskingssamarbeid på tvers av grenser,  peikar han på. 

Eksportkontrollreglane handlar om at sensitiv informasjon om forsking eller andre viktige samfunnsområde, ikkje skal koma i hendene på styresmaktene i regime som Iran, Nord-Korea, Kina og Russland. 

– Ein av grunnane til at me har invitert Iver B. Neumann, er at han opplevde at ein russisk kollega av han blei arrestert skulda for spionasje for Estland. Men han er også ein som ser stormaktspelet i alle ting.

Krigføringa i Gaza har fornya kravet om akademisk boikott

Heilt sidan krigen mellom Israel og Hamas starta den 7. oktober i fjor, har det rast ein debatt om norske universitet og høgskular skal innføra akademisk boikott av universitet og forskingsinstitusjonar i Israel.

Etter at det israelske forsvaret har bomba Gaza i grus og over 33 000 palestinarar er drepne som ein konsekvens av motåtaket etter Hamas-åtaket som kosta 1200 israelarar livet, medan 240 blei bortførte, har stemmene som krev akademisk boikott av Israel blitt kraftigare og kraftigare.

• Les meir: UiO-rektor fekk 537 underskrifter med krav om akademisk boikott av Israel

Fleire meiner at både akademia og regjeringa demonstrerer doble standardar når dei har innført akademisk boikott av Russland etter invasjonen av Ukraina, men ikkje av Israel for bombinga av Gaza.

I Universitetsstyret har spørsmålet vore oppe to gonger, første gong med akademisk boikott som prinsippsak, deretter som ein diskusjon om boikott av selskap og institusjonar i Israel som UiO har eit samarbeid med. Då viste det seg at samarbeidet var minimalt.

• Les meir: UiO-styret ville ikkje ha akademisk boikott, men vil vurdera boikott av leverandørar 

Enden på visa blei at Universitetsstyret bad UiO-administrasjonen om å førebu ei sak som skal handla om å seia ja eller nei til akademisk boikott av Israel på møtet den 14. mai.

• Les meir: Akademisk boikott av Israel kjem opp som diskusjonssak i UiO-styret i mai

I Uniforum har det vore mange saker som har handla om underskriftsaksjonar for akademisk boikott av Israel, men også om kvifor nokre av dei vitskaplege tilsette går sterkt imot det. Samtidig som det har vore mange debattinnlegg som har tatt til orde for akademisk boikott, har det også vore nokre som har gått imot det på prinsipielt grunnlag. Tre av dei sistnemnde lesarbreva er skrivne av jussprofessor Hans Petter Graver,

Trugar akademisk boikott akademisk fridom? 

Einar Uggerud fortel at invitasjonen til Hans Petter Graver kom før han tona flagg i eit lesarinnlegg i Aftenposten.

– Me ville ha han med fordi han er leiar for Vitskapsakademiets menneskerettskomité. No har han tatt eit standspunkt. Det me ynskjer er å få ein diskusjon om det kan forsvarast å innføra ein akademisk boikott på institusjonelt nivå utan at det går utover den akademiske fridomen forskarane i ulike land har til å samarbeida seg i mellom, fortel han. 

Erfaringa som kjemiprofessor og leiar for Kjemisk institutt har lært han ein ting.

– Det er viktig at me har kontakt med nokre på individnivå i autoritære land som med fare for eige liv, kan gi oss informasjon, synest han. 

– Ein strålande og energisk innsats

Einar Uggerud er glad for at Akademisk forum har fått ordentleg vind i segla, og kan organisera aktuelle debattmøte.

– Styreleiaren vår Johan F. Storm har gjort ein strålande og energisk innsats for å få det til. Dessutan er det ein stor fordel at me no kan ha møta i Domus Bibliotheca i sentrum. Då blir frammøtet betre enn i eit lokale på Blindern, er erfaringa hans. 

Akademisk forum var tidlegare Professorforeningen, men skifta namn for 18 år sidan for å høyrast mindre eksklusiv ut.

I dag sit Einar Uggerud i styret for Akademisk forum. Der har han også med seg Nina Witoszek frå Senter for utvikling og miljø (SUM),  professor emeritus Øyvind Østerud frå statsvitskap og professor emeritus Johan F. Storm frå  Det medisinske fakultetet. Inntil nyleg sat også førsteamanuensis Ingrid Lossius Falkum frå Det humanistiske fakultetet i styret, men på grunn av mange andre oppgåver, har ho gått ut av det.  

– Eg håpar mange vil koma på debattmøtet. Det vil også bli høve til å stilla spørsmål til panelet, understrekar Einar Uggerud.

Tidspunktet for debatten er måndag 29. april kl.16.00. Og den skal altså haldast i  Domus Bibliotheca i sentrum.

• Les meir om situasjonen i Israel og dei palestinske områda: 

Akademisk boikott av Israel blir diskusjonssak i UiO-styret i mai

Professor advarer mot å gjøre UiO til politisk aktør

 Kristin Clemet opplevde seg overrumplet og satt i forlegenhet i UiO-styret

 UiO-styret ville ikkje ha akademisk boikott, men vil vurdera boikott av leverandørar

Bjørn Olav Utvik:– Å bli aktivist krasjar litt med rolla som undervisar og Midtausten-ekspert

UiO-rektor fekk 537 underskrifter med krav om akademisk boikott av Israel

Dei har samla inn 500 underskrifter for akademisk boikott av Israel

UiO-tilknyttet forsker drept i Gaza

Studentparlamentet demonstrerte for Palestina-flagging på UiO

UiO-studentar i Israel er evakuerte til ein tryggare stad

• Les om andre debattar i Akademisk forum:

NTNU-forskar Jonas Kristiansen Nøland: – Universitetet er eit ueiningheitsfellesskap utan ei felles stemme

Helsedirektør om Helseplattforma: - Sa det ville bli eit helvete, og har mine ord i behald

UiO-rektor fryktar for framtida til toppforskinga i Noreg

John-Arne Røttingen: - Vil bruka juristar for å finna løysingar rundt Plan S

Klart for ny duell for rektorkandidatane i Akademisk forum

Emneord: Akademisk fridom, Menneskerettar, Israel, Palestina. Midtausten, Russland Av Martin Toft
Publisert 25. apr. 2024 04:30 - Sist endra 26. apr. 2024 12:01

Vi må kunne forvente bedre enn dette av Uniforums redaktør: "Etter at det israelske forsvaret har bomba Gaza i grus og over 33 000 palestinarar er drepne som hemn for Hamas-åtaket som kosta 1200 israelarar livet, medan 240 blei bortførte, har stemmene som krev akademisk boikott av Israel blitt kraftigare og kraftigare". Det er tendensiøst å beskrive Israels krigføring i Gaza som hevn. For Israel handler det om å forsvare landet mot nye angrep fra Hamas, slik Hamas har sagt at de vil. Det er også misvisende å bruke Hamas' tapstall. Som kjent skiller ikke Hamas' helsedepartement mellom drepte stridende og ikke-stridende, og heller ikke mellom palestinere som er drept av egne raketter og israelske. Det tar heller ikke hensyn til om tapene er følgeskader av angrep på legitime militære mål. Tallene er også blitt underlagt statistisk analyse som skaper mistanke om at de er manipulerte. Endelig: Toft skriver at stemmene som krever boikott har blitt kraftigere og kraftigere. Hvor mange ved UiO har til nå skrevet under på opprop for akademisk boikott av israelske universiteter? Hvor mange av disse er vitenskapelig ansatte? Sist jeg så noen tall, var det et forsvinnende lite antall professorer ved UiO som hadde skrevet under på et slikt opprop. Hvor mange professorer er det nå?

Jens Saugstad - 25. apr. 2024 10:02

Takk for kommentar! Det er viktig å delta i denne debatten. Når det gjeld talet på drepne på Gaza, så har eg brukt eit lågare tal enn det NRK har brukt i denne artikkelen frå denne veka. https://www.nrk.no/urix/fn-slar-alarm-om-mistenkte-massegraver-ved-sykehus-i-gaza_-_-antyder-alvorlige-brudd-pa-folkeretten-1.16855311

Og når eg skriv at invasjonen av Gaza var hemn for Hamas' åtak på Israel 7. oktober i fjor, så kan eg visa til at det har israelske styresmakter gjentatt at det var mange gonger.. Når det gjeld kor imponerande talet på innsamla underskrifter på UiO for innføring av akademisk boikott av Israel er, så overlet eg den tolkinga til tilhengjarane og motstandarane av akademisk boikott.  Då reknar eg med at det kan bli ei interessant debatt i Domus Bibliotheca måndag 29. april. 

Martin Toft - 25. apr. 2024 10:44

Hei! Eg ser at du har ei poeng når det gjeld setninga om hemn. Derfor er den korrigert slik at det blir at "33 000 palestinarar er drepne som ein konsekvens av motåtaket"  Det blir meir korrekt. 

 

Martin Toft - 25. apr. 2024 10:50

Takk for at du rettet opp det med hevn. Det er problematisk å basere seg på tapstall som kan være sterkt manipulerte, og du kan ikke skjule deg bak NRK, som mange mener har en meget tendensiøs dekning av Gaza-krigen. Hva angår tallene på mennesker ved UiO som støtter akademisk boikott, skaper du inntrykk av at det er et sterkt økende krav ved å skrive "kraftigere og kraftigere". Hvis ikke du kan belegge det, er det tendensiøs journalistikk.

Jens Saugstad - 25. apr. 2024 11:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere