UiO-rektor fekk 537 underskrifter med krav om akademisk boikott av Israel

– Eg kan ikkje lova at det blir ei vedtakssak i styremøtet 6. februar, men kravet frå underskriftsaksjonen skal i alle fall bli nemnt.  Det sa rektor Svein Stølen då han tok imot tre av initiativtakarane til akademisk boikott av Israel.

MOTTAR UNDERSKRIFTER: Rektor Svein Stølen får overrekt underskriftene for at UiO innfører akademisk boikott av Israel frå Davina Kaur Patel. Bak sit dei to andre inititiativtakarane Bushra Hashem og Amna Mahmood. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var stipendiatane Davina Kaur Patel frå Det medisinske fakultetet og  Amna Mahmood og Bushra Hashem frå Det humanistiske fakultetet som i dag kom til UiO-rektor Svein Stølens kontor i Lucy Smiths hus for å presentera kravet om akademisk boikott av Israel. Dei har til saman samla inn 537 underskrifter frå studentar og tilsette på UiO.  

• Les også i Uniforum: Dei har samla inn 500 underskrifter for akademisk boikott av Israel

Dette er krava til UiO frå initiativet til akademisk boikott av Israel: 

1. at UiO erkjenner at israelske universitet er store, villige og konstante medløparar for det israelske okkupasjonsregimet, busetjarkolonialismen og apartheid. Dei er med på å utvikla våpensystem og militære doktrinar som blir brukte i Gaza.

2. at UiO bryt alt institusjonelt samarbeid med høgare utdanningsinstitusjonar i Israel og nektar å delta i akademiske møte som er sponsa eller organiserte av israelske institusjonar

3. at UiO avsluttar alle innkjøpsavtalar med leverandørar som har samband med det israelske militæret eller som er aktive i dei illegale busetjingane og i okkuperte palestinske område, som til dømes Hewlett Packard og Dell.

4. at UiO tar ei klar stilling og kjem med ei offentleg kunngjering der det fordømmer dei israelske massedrapa og valden, busetjarkolonialismen, okkupasjonen og apartheiden mot det palestinske folket, og ber om ei augneblikkeleg og permanent våpenkvile, anerkjenning av ein palestinsk stat og retten palestinarane har til å styra seg sjølve.

5. at UiO skal jobba for å pressa den norske regjeringa til å sanksjonera den israelske regjeringa, inkludert kravet om at Oljefondet skal trekkja investeringane sine ut av alle israelske selskap og internasjonale selskap som er med på å oppretthalda  israelsk apartheid inkludert dei selskapa som er verksame i dei illegale busetjingane i Palestina.

(KjeldeCall for an Academic Boycott of Israel at the University of Oslo 

– Det sjokkerer oss som menneske

Rektor Svein Stølen opna møtet med å peika på at alle er rysta over dei valdelege handlingane som utspelar seg i Gaza på grunn av krigen mellom Israel og Hamas.  

– Det sjokkerer oss som menneske det som går føre seg der no. Og situasjonen for dei sivile er frykteleg. Me har fordømt både terror og brot på internasjonal lov. Det er me i alle fall einige om. Så er det dykkar tur til  å presentera temaet de har kome hit for, sa Svein Stølen og gav ordet til Davina Kaur Patel. 

– Me krev at UiO innfører akademisk boikott av Israel

– Eg vil på vegner av dei 537 underskrivarane koma med fem krav til Universitetet i Oslo. Det første me krev er at Universitetet i Oslo innfører ein akademisk boikott av Israel. I tillegg krev me ei fordømming av okkupasjonen av palestinske område og at det straks blir innført våpenkvile, sa ho.

Dessutan viste ho til kravet om at UiO måtte avslutta alle innkjøpsavtalar med leverandørar som har samband med det israelske militæret, eller som er aktive i dei illegale busetjingane eller i okkuperte palestinske område.

I møtet med Svein Stølen understreka ho også at dei ville ha ein institusjonell akademisk boikott, og ikkje ein boikott av enkeltforskarar.  

– UiO kan sjølv ta initiativ til dette

Davina Kaur Patel gjentok også kravet om at Universitetsstyret burde ta opp spørsmålet om akademisk boikott som ei vedtakssak på møtet den 6. februar. 

– Eg veit at de er opptatt av kva den norske regjeringa meiner om det spørsmålet, men me meiner at UiO som Noregs eldste og beste universitet sjølv kan ta initiativ til dette utan å venta på kva regjeringa meiner, understreka ho.

Svein Stølen lytta nøye på bodskapen hennar, og tok imot mappa med alle underskriftene. 

– Eg kan ikkje lova at det blir ei vedtakssak i Universitetsstyret den 6. februar. Den vidare prosedyren må eg diskutera med universitetsdirektøren. Og de tre veit sjølvsagt om alle argumenta mot ein akademisk boikott av Israel. Uansett kan eg lova at underskriftsaksjonen for akademisk boikott av Israel vil bli nemnt på det møtet, sa Svein Stølen.

– Reknar med at rektor fylgjer opp denne saka

Etter møtet var Davina Kaur Patel, Bushra Hashem og Amna Mahmood glade for å ha fått overrekt underskriftene personleg til UiO-rektor Svein Stølen.

– Me fekk høve til å presentera våre krav og kjeldene til dokumentasjonen vår. Rektor sa at han saman med styret vil gå gjennom initiativet vårt. Dei treng litt tid før dei kan gi oss ei tilbakemelding. Likevel ynskjer me at dei ser grundig gjennom innleveringa og at det blir tatt opp som ei vedtakssak i neste styremøte 6. februar, understrekar dei. 

Alle tre forstår at det trengst litt tid for å gå gjennom dette og samtidig sjå på motargumenta.

– Så no reknar me med at rektor fylgjer opp denne saka slik han sa at han ville. Me vil uansett jobba så godt me kan for å få saka opp i Universitetsstyret. Det skuldar me alle dei 537 som har skrive under på kravet om akademisk boikott, seier dei til Uniforum.

Alle underskriftene er tilgjjengelege på denne nettstaden

• Les meir om situasjonen i  Israel og i dei palestinske områda: 

Dei har samla inn 500 underskrifter for akademisk boikott av Israel

UiO-tilknyttet forsker drept i Gaza

Studentparlamentet demonstrerte for Palestina-flagging på UiO

UiO-studentar i Israel er evakuerte til ein tryggare stad

Svein Stølen: – Me vil ta imot forskarar frå Gaza på same måten som forskarar frå Ukraina

Israelsk forskar: – Hamas skapte ei kjensle av at dei var nær å få inn eit avgjerande slag mot israel

Erik Fosse om Gaza: – Slik som det ser ut i dag, vil helsevesenet bryta heilt saman

Ni UiO-studenter i Israel - blir ikke hentet hjem nå

Israelsk professor: – Den akademiske fridomen vår er truga

 

 

 

 

 

Emneord: Palestina, Israel Av Martin Toft
Publisert 15. jan. 2024 20:13 - Sist endra 15. jan. 2024 20:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere