Svein Stølen: – Me vil ta imot forskarar frå Gaza på same måten som forskarer frå Ukraina

UiO-rektor Svein Stølen er fortvila og rysta over dei sivile lidingane i konflikten mellom Israel og Hamas. – Me vil ta i mot forskarar frå Gaza og Vestbreidda på same måte som me tok imot forskarar frå Ukraina, lovar han.

Portrett av ein mann

HATT KONTAKT: – Me har tatt kontakt med samarbeidspartnarar på Gaza og uttrykt sympati og støtte, seier UiO-rektor Svein Stølen. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

I dag er det fem veker sidan krigen mellom Israel og Hamas begynte med massakren på 1200 sivile i ein israelsk landsby rett utanfor Gaza. 240 gissel blei tatt med inn i Gaza av styrkane frå Hamas. 

Israels motaksjon mot Hamas i Gaza har så langt kosta 11 000 palestinske sivile livet, medan mange hundre tusen har flykta frå nord til sør i Gaza. Også på Vestbreidda har det vore samanstøytar, og mellom 7. oktober og  7. november var 160 palestinarar og rundt 10 israelarar drepne. 

Israel-Hamas-krigen i tal:

11 000 døde i Gaza, 4600 av dei er barn

1200 døde i Israel etter åtaket frå Hamas, også mange barn

242 gissel hos Hamas i Gaza

1,6 millionar personar er internt fordrivne i Gaza

200 000 israelerar er evakuerte til trygge område.

11 000 israelske bombeåtak mot Gaza sidan 7. oktober

(Kjelder: BBC, CNN, NRK, Aftenposten)

For seks dagar sidan fortalde medisinprofessor Erik Fosse ved UiO, som også er leiar for hjelpeorganisasjonen NORWAC, til Uniforum at han frykta at helsevesenet ville bryta heilt saman i Gaza. Denne veka kom det meldingar frå Shifa-sjukehuset om straumbrot som hadde ført til at fleire barn som var avhengige av kuvøser for å overleva, hadde døyd. 

• Les også: Erik Fosse om Gaza: – Slik det ser ut i dag, vil helsevesenet bryta heilt saman

I Nord-Israel på grensa mot Libanon har  faren for ein konfrontasjon med Hizbollah ført til at mange hundre tusen sivile er blitt evakuerte til tryggare stader i Israel, melder Aftenposten. 

– Djupt fortvila og rysta

Rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo har også fylgt nøye med på det som har skjedd, både frå Oslo og frå opphaldet på novemberkonferansen i Brasil.  

– Heile det akademiske fellesskapet er djupt fortvila og rysta over dei sivile lidingane i denne konflikten, og som medlem av Universitets- og høgskulerådet stiller sjølvsagt Universitetet i Oslo seg bak «Sympatierklæring for krigens ofre: – Sivile må skjermes»,  gir han klart uttrykk for i ein epost til Uniforum.

– Forsøkjer å ta vare på alle berørte

Han understrekar også at UiO på det sterkaste tar avstand frå og fordømmer alle brot på folkeretten. 

– Ved UiO har me berørte tilsette og studentar som me  forsøkjer å ta vare på i denne vanskelege tida. Me har blant anna arrangert møteplassar for dei som hadde behov for å koma saman og snakka på tvers av fag og institutt. Der var også representantar for universitetsleiinga til stades. Tilsette vert fylgde opp av næraste leiar, medan berørte studentar vert oppfordra til å kontakta studieprogramma sine ved behov, fortel Stølen. 

Han fortel at UiO gjer løpande vurderingar om det er andre tiltak som er aktuelle, men han meiner at det mest prekære no, er å stilla seg bak oppfordringane om å skjerma sivile og sikra humanitær bistand. 

– Har uttrykt sympati og støtte

Etter Russlands invasjon av Ukraina var Universitetet i Oslo og andre norske universitet raskt ute med å lova solidaritet med forskarar og studentar som hadde blitt ramma av krigen. 

• Les også:

Rektor om Ukraina: – Nå må legge et løp som gjør at vi kan bidra i relativt stort omfang

Ifylgje rektor Svein Stølen gjer UiO det same i krigen mellom Israel og Hamas. 

– Me har tatt kontakt med samarbeidspartnarar på Gaza og uttrykt sympati og støtte. Me vil ta i mot forskarar frå Gaza og Vestbreidda på same måte som me tok imot forskarar frå Ukraina, lovar han. 

Noreg må bidra til å sikra demokrati og menneskerettar

I sympatierklæringa frå Universitets- og høgskulerådet frå den 3. november som UiO-rektoren viser til, vert det også oppfordra til  at Noreg må bidra til å sikra demokrati og menneskerettar også utover våre eigne landegrenser. 

Det blir peika på at Noreg leia arbeidet med «Safe Schools Declaration» for å sikra skular og universitet i konfliktområde. Formålet var blant anna å styrkja vernet av barn og utdanning i konfliktar. Det er 118 land som i dag er tilslutta denne erklæringa. Universitets- og høgskulerådet ber om at denne vert respektert. 

 • Les meir om situasjonen i Israel og i dei palestinske områda:

Israelsk forskar: – Hamas skapte ei kjensle av at dei var nær å få inn eit avgjerande slag mot israel

Erik Fosse om Gaza: – Slik som det ser ut i dag, vil helsevesenet bryta heilt saman

Ni UiO-studenter i Israel - blir ikke hentet hjem nå

Israelsk professor: – Den akademiske fridomen vår er truga

Lege Khamis Elessi: – Situasjonen i Gaza er beintøff

UiO-forskar: - Hebron-observatørane har dempa spenninga mellom busetjarar og palestinarar

 

 
Emneord: Israel, Palestina, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 14. nov. 2023 16:08 - Sist endra 14. nov. 2023 16:08

Logg inn for å kommentere