UiO-rektor fryktar for framtida til toppforskinga i Noreg

– Toppforskinga er i ferd med å bli bygd ned, medan det er større fokus på utdanning og dei regionale utdanningstilboda. Det taper Noreg på, sa rektor Svein Stølen på eit møte i Akademisk forum om budsjettforslaget for 2024.

DØRA I ANSIKTET: Svein Stølen var Irritert over at UiO ikkje hadde fått jobba vidare med Campus Innlandet. – Me hadde alt klappa og klart, og så smeller dei døra i ansiktet vårt og overlet ansvaret til NTNU som kjem til duk og dekka bord, sa han i Akademisk forum.  Nestleiar i Forskarforbundet, Kristian Mollestad var ein av dei to andre innleiarane. 

Foto: Martin Toft

Svein Stølen var ikkje til stades i Noreg under budsjettpresentasjonen til regjeringa fredag 6. oktober, men var på reise i Asia. Der var han mellom anna i Kyoto i Japan der rektorane frå verdas beste universitet hadde sitt Davos- møte. Men på møtet i Akademisk forum fekk han eit godt høve til å koma med synspunkta sine på budsjettforslaget. Der var han ein av innleiarane saman med stortingsrepresentant Marit Knutstdatter Strand frå Senterpartiet og nasjonal nestleiar i Forskarforbundet, Kristian Mollestad. 

Og Svein Stølen tok med seg inspirasjon frå møtet i Japan med rektorane frå verdas beste universitet.

– Dei var opptekne av kunnskap, vitskap og teknologi og kva det vil ha å seia for samfunnsutviklinga, noko heilt anna enn i den norske debatten, tykte Stølen.

For han var ikkje i tvil om kva som var det viktigaste for desse universiteta.

– Me treng å vera tydelegare på det kunnskapsgrunnlaget me skal ha for samfunnsutviklinga og næringsutviklinga, og kva me vil vera i framtida, understreka han.

UiO–rektoren slo samtidig fast at det generelt var nok midlar til universitets- og høgskulesektoren i Noreg, men at systema var ulike i ulike land. 

– I Noreg er det få konkurransearenaer utanfor universiteta. Derfor må også basis vera ganske stor, slik som her i landet. Går du til andre land, så er den fordelinga annleis, og systemet er også ulikt, trekte han fram. 

– Noreg er lett å samanlikna med Sverige

Stølen samanlikna forskingsløyvingane i Noreg med Sverige og Danmark. 

– Noreg er lett å samanlikna med Sverige, 26 milliardar går til forsking i Noreg og 47 milliardar i Sverige. I Danmark er talet på 36 milliardar og dei er ikkje så mange fleire enn oss, peika han på.

Stølen meinte likevel det ikkje nødvendigvis var eit gode at mesteparten av pengane til norske universitet kjem direkte frå staten.

– Det svekkjer konkurranseevna vår internasjonalt. Og i Noreg treng me konkurranse, og det har me vist over tid, slo han fast. 

Ville ha meir næringsliv tufta på kunnskap

Grunnen til at det er så stor skilnad på Noreg og Sverige og  Danmark, meinte han har noko å gjera med næringsstrukturen i dei to landa.

 – Næringsinvesteringane i dei to landa er mykje større. Noreg er mykje meir kopla til naturressursar som hav, fisk og vasskraft enn det dei andre landa er. Derfor er utfordringa vår at me får meir næringsliv tufta på kunnskap, og ikkje berre på dei fortrinna me har frå naturen. To-prosentmålet må ikkje brukast til å pøsa pengar inn i eit næringsliv som ikkje leverer. Dei må brukast til å investera i eit næringsliv som skapar nye arbeidsplassar, til dømes helsenæring og fornybar energi som også må ha eit kunnskapsgrunnlag, la han vekt på.

Ynskte ulike universitet og høgskular

Akademisk forum hadde også bede han om å svara på om det er mogleg å kombinera internasjonal toppforsking med at folk skal få forskarutdanning og undervisning der dei bur.  Det hadde han tru på.

 – Me treng ein heilskapleg sektor der me har ulike typar universitet og høgskular som dekkjer både regionale og nasjonale behov. Dette får ein til i andre land, men då må ein vera ganske tøff på at ein har ulike forventingar til ulike institusjonar, og at ein også finansierer ulike institusjonar for det formålet dei har, sa han.

–  Toppforskinga er i ferd med å bli bygd ned

Etter Svein Stølens oppfatning har Universitetet i Oslo kome svakast  ut av kampen om budsjettkronene frå 2008 og til og med 2022.   

– Det er ikkje betre i år. Det er me som har den lågaste utviklinga.  Universitetet i Bergen kjem nest dårlegast ut. NTNU er ganske god, medan dei nye universiteta og høgskulane får mykje meir pengar, hadde han rekna ut.

Stølen hadde også ein konklusjon på den utviklinga.

– Det vil seia at toppforskinga er i ferd med å bli bygd ned, medan det er større fokus på utdanning og dei regionale utdanningstilboda. Det taper Noreg på på sikt, var han overtydd om. 

UiO- rektoren brukte også som døme på denne politikken at det er bestemt at Statsbygg skal drifta Livsvitskapsbygget og areala i sjukehus.

– Det svekkjer oss og me er i ferd med å ramla nedover på dei internasjonale rangeringane, framheva han.

– Eg trur at me treng å vera i eliten i forsking også, ikkje berre i idrett, var meldinga hans til stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand frå Senterpartiet, og dei andre frammøtte i Akademisk forum.

–  Øydeleggjer mitt omdømme som leiar

 Men han klarte heller ikkje å teia om at UiO tapte kampen om Campus Innlandet  mot NTNU. 

– Her hadde me lagt alt til rette for eit nytt medisincampus for Innlandet, og så er det NTNU som får ansvaret for denne desentraliserte medisinutdanninga.  Me hadde alt klappa og klart, og så smeller dei døra i ansiktet vårt og overlet ansvaret til NTNU som kjem til duk og dekka bord.  Eg er mektig irritert, og det øydeleggjer også mitt omdømme som leiar og rektor ved UiO, var bodskapen hans til både stortingsrepresentant Strand (Sp) og dagens regjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

– Det jobbar me no med å løysa opp i

Stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand frå Senterpartiet er medlem i Utdannings - og forskingskomiteen. Ho tok utganspunkt i utsynmeldinga, styringsmeldinga og i regjeringas tillitsreform.

 

TILLITSREFORMA:  – Det finst ikkje ei eiga melding om denne reforma, men det er eit pågåande arbeid, Der er nytt finansieringssystem ein del av det, sa stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand frå Senterpartiet. (Foto: Martin Toft)

– Me i Senterpartiet meiner at New Public Management og mål– og resultatstyringa har ført med seg mange problem. Det jobbar me no med å løysa opp i. Så kan me snakka om både meir heldige og uheldige konsekvensar av det, lova ho. 

Og ho starta med å forklara nærare den tillitsreforma som regjeringa no er i ferd med å rulla ut.  

– Funksjonen med den er at kvar enkelt sektor i regjeringsapparatet, altså kvart departement gjennomfører sin tillitsreform med sine sektorar og med dei partane som dei har ein styringsdialog med. Det er ikkje ein form som passar alle, men dei skal tilpassa seg. Det finst ikkje ei eiga melding om denne reforma, men det er eit pågåande arbeid, Der er nytt finansieringssystem ein del av det, forklarte ho.

 – Me ynskjer å få opp utdanningsnivået og me trur det vil løysa ein del av dei problema langtidsplanen for forsking og høgare utdanning peikar på, anten det er mogleggjerande teknologiar eller omstillingar, understreka ho.

Strand viste også til det faktum at Noreg er over gjennomsnittleg utdanningsnivå mellom OECD -landa, men at det er stor skilnad mellom sentrum og periferi.

 – Det er eit demokratisk problem. 55 prosent av dei unge begynner på høgare utdanning og halvparten av alle vaksne har fullført høgare utdanning. Noreg har relativt få med høgare utdanning i realfag, men mange med helse- og sosialfag  og lærarutdanning. Me veit at utdanning har noko med produktivitet og dei økonomiske utfordringane med står overfor å gjera, konstaterte ho..

 – Einig i at utviklinga ikkje er formidabel

Så viste ho oversynet over tildelinga til universiteta og høgskulane i Noreg for budsjettåret 2024.  

– Eg er einig i at utviklinga ikkje er formidabel, men UiO er i øvre sjikt, peika ho på, og viste til at berre NTNU hadde ei høgare tildeling enn UiO.

– Eg forstår at de har store ambisjonar og at de ikkje vil stå på staden kvil, sa ho, før ho blei avbroten av Svein Stølen.  – Me har ein reell nedgang i budsjettet, minna han henne på.

– Ja, men det er de ikkje åleine om, svara Knutsdatter Strand. 

Også ho var einig i at det var viktig å prioritera utdanning og forsking.

– Det er det som løyser samfunnsutfordringane me står overfor.  Men så skjer det innanfor ei ramme, innanfor ein kontekst og eit verdsbilete som ingen av oss kjem unna, slo ho fast.

– Dei yngre forskarane vil ikkje arbeida slik

For nestleiar Kristian Mollestad i Forskarforbundet var det arbeidssituasjonen til forskarane som stod  i høgsetet under debatten.  Han peika på kor vanskeleg det kunne vera å kombinera krav til undervisning og forsking med familieliv og fritid.

 – Forskingstida blir derfor lagt til helgene og fritida. Det råkar kjerneverksemda til universiteta. Derfor jobbar Forskarforbundet for at forskarane skal få regulert inn fast arbeidstid i avtalane sine, fortalde han.

Signala dei hadde mottatt frå dei yngre forskarane var ganske eintydig.

– Dei yngre forskarane vil ikkje arbeida slik. Ein av fem postdoktorar vil rå andre til å bli postdoktor. Derfor risikerer me å mista dei største forskartalenta, frykta Kristian Mollestad. 

Som eit skrekkdøme trekte han fram forskaren Ingrid Eftedal ved NTNU.

– I 20 år hadde ho jobba som “fast ekstern” mellombels vitskapleg tilsett. Då ho blei sjukemeldt, gløymde ho å søkja om fornya tilsetjing. Resultatet blei at ho blei sagt opp frå NTNU.  Det er derfor positivt at statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel no har lova at det skal setjast i gang ein nasjonal arbeidsmiljøundersøking for UH–sektoren, syntest nestleiaren i Forskarforbundet. 

 – Me må utdanna kloke studentar

Den generelle haldninga i samfunnet  om at humaniorafag utdannar folk til arbeidsløyse, ynskte Kristian Mollestad å avliva.

 – Det stemmer ikkje. Sjølv fekk eg jobb på universitetet rett etter studiet.  Mollestad svinga også innom mangelen på sjukepleiarar og lærarar i Noreg. 

– For det er ikkje mangel på studieplassar på lærar- og sjukepleiarutdanningane.  Det problemet er noko som må løysast gjennom tariffarbeid, var han overtydd om.

– Me må utdanna studentar som ikkje berre er flinke, men også kloke, la han til.

 – Denne regjeringa snakkar for mykje om kortsiktig kompetansebehov. Om me skal bruka midlane på kortsiktig utdanning, brukar me pengane feil, meinte han. 

Derfor føreslo han at regjeringa heller burde bruka pengar på å oppretthalda støtteeiningane til forskarane på universiteta og høgskulane.

 – Støtteeiningane er ofte ikkje der lenger. Og denne arbeidsdelinga mellom dei tilsette er viktig. Om regjeringa prioriterer dette,  vil den bruka samfunnet sine pengar rett, sa Kristian Mollestad, nestleiaren i Forskarforbundet.

 – Det kan straffa seg

Etter at dei tre innleiarane var ferdige, blei det opna for spørsmål frå dei rundt 10 frammøtte. Ein av dei var professor emeritus Johan Storm frå Det medisinske fakultetet.  Han var opptatt av at universitetsleiinga fekk informasjon frå dei som var på grunnplanet.

REDDE: – Folk er redde for å snakka ope. Det kan straffa seg, meinte professor emeritus Johan Storm frå Det medisinske fakultetet. (Foto: Martin Toft)

 

– Me ser ting nedanfrå og ikkje ovanfrå. Folk er redde for å snakka ope. Det kan straffa seg. Derfor kan ressursar bli brukte feil, meinte han.

Instituttleiar Per Barth Lilje ved Institutt for teoretisk astrofysikk peika på den siste forskingssuksessen med slankemedisin i Danmark.

– Der har Novo Nordisk bestemt seg for å gi overskotet sitt til kunnskapsforsking i Danmark. Derfor går 1,5 milliardar kroner til Nils Bohr–instituttet i København, trekte han fram.

– Derfor hamnar me i ein spagat

Førsteamanuensis Piotr Garbacz frå Institutt for nordiske og lingvistiske studium kom inn på den høge arbeidsmoralen til dei vitskaplege tilsette.

– Me jobbar for mykje for me vil gi eit godt tilbod til studentane, samtidig som me vil utføra god forsking. Derfor hamnar me i ein spagat, var han overtydd om.

Førsteamanuensis Nina Witozek frå Senter for utvikling og miljø kom inn på det same temaet som Johan Storm tok opp.

 – Det blir fryktkulturar der det er korte kontraktar. Målet må vera både konkurranse og samarbeid, var hennar råd. 

– Det er viktig med leiing og tillit

Stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand lytta til innspela og kom også med ein lovnad på vegner av regjeringa.

 – Når det gjeld arbeidsvilkår, vil regjeringa stramma opp og gjera det betre for kvar tilsett. Det er viktig med leiing og tillit, understreka ho.

Og til slutt kunne ho også lova ein annan ting.

– Me ynskjer meir framifrå forsking gjennom tildelingane til Forskingsrådet, sa Marit Knutsdatter Strand. 

Møtet blei leia av Einar Uggerud, professor og institutttleiar ved Kjemisk institutt. 

 

Av Martin Toft
Publisert 15. okt. 2023 14:37 - Sist endra 15. okt. 2023 14:39

Logg inn for å kommentere