I dag la finansminister Trygve Slagsvold Vedum fram regjeringas forslag til statsbudsjett for 2024 i Stortinget.
Neste år vil regjeringa bruke 48,6 milliardar kroner på forsking og utvikling. Det er ein realvekst på 5,6 prosent samanlikna med 2023.
Regjeringa føreslår å løyve 45,4 milliardar kroner til universiteta og dei statlege og private høgskulane i 2024. Det er 1,6 milliardar høgare enn revidert budsjett for 2023.
– Over heile landet melder næringsliv og kommunar om den same utfordringa: mangel på kompetanse. Vi manglar mellom anna teknologar, lærarar og sjukepleiarar. Samstundes får vi ei stadig eldre befolkning, aukande behov for helsetenester og vi står overfor store omstillingsbehov. Regjeringa møter denne utfordringa: Vi foreslår ei rekordhøg løyving til forsking og utvikling i statsbudsjettet for 2024. Vi satsar på studieplassar og kompetanse i heile landet, og aldri tidlegare har det vore så mange tilgjengelege studieplassar som i år, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp) i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.
Neste år vil regjeringa løyve om lag 4,6 milliardar kroner meir til forsking og utvikling enn i 2023.
– Forsking og høgare utdanning speler ei avgjerande rolle for å ruste Noreg for framtida. Vi må bruke ressursane våre smart, tørre å ta krevjande val og prioritere dei aller viktigaste oppgåvene. Når teknologi som kunstig intelligens utviklar seg svært raskt, må vi ha omstillingsevne og tilgjengelege ressursar til å svare med offensive satsingar. Det har denne regjeringa levert på, og det skal vi halde fram å gjere, seier Borch.
Noreg vidarefører eit høgt nivå på løyvingane til forsking
– Regjeringa held fram med den høge støtta til forsking. I OECD-samanheng ligg vi heilt i toppsjiktet når det gjeld del av det offentlege budsjettet brukt på forsking og utvikling. I år har vi for første gong på fleire år realvekst i dei samla FoU-løyvingane. I år prioriterer vi særleg digital tryggleik og kunstig intelligens, helse og grøn omstilling i næringslivet, seier Borch.
Regjeringa har lansert ei forskings- og innovasjonssatsing på kunstig intelligens og digital tryggleik, som særleg skal gje oss meir kunnskap om samfunnskonsekvensar av teknologiutviklinga. Satsinga skal ha eit omfang på minst 1 milliard kroner fordelt over fem år frå og med 2024.
|
255 nye studieplassar
I 2023 vart det lyst ut eit rekordhøgt antal studieplassar. Budsjettforslaget legg opp til eit høgt nivå også i 2024.
Regjeringa si satsing på høgare utdanning inneber å setje av 18,3 millionar kroner til å finansiere 255 nye studieplassar.
Borch peiker på at regjeringa prioriterer dei utdanningane regjeringa trur vi kjem til å trenge meir av framover.
– Det norske samfunnet står framfor store endringar. Vi blir fleire eldre, og mindre ungdomskull gir færre unge inn i utdanningssystemet. Samstundes manglar det ikkje på oppgåver som skal løysast, både i offentleg og privat sektor. Når det blir færre folk å ta av, må vi vere tydelegare i prioriteringane enn det vi har vore vande med. Derfor foreslår vi i år pengar til studieplassar særleg innan helse og IKT, og til å etablere viktige studietilbod fleire stader, seier Borch.
Styrka satsing på utdanning i heile landet
Regjeringa satsar stort på desentralisert utdanning og vil styrke utdanningstilboda i distrikta.
– For å utdanne nok folk med rett kompetanse, må vi nå fleire av dei som ikkje kan studere på heiltid eller flytte for å studere. Vi må rett og slett nå fleire av dei som i dag ikkje tek høgare utdanning. Då må vi ha fleire gode tilbod nær der folk bur, og som det går an å kombinere med jobb og familie. Derfor foreslår vi å løyve 200 millionar kroner til universiteta og høgskulane neste år til å styrke det desentraliserte og fleksible studietilbodet, seier Sandra Borch.
Pengane blir flytta frå program og tilskotsordningar som blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Regjeringa foreslår også å vidareføre den søknadsbaserte ordninga for studiesenter med 50 millionar kroner.
|
Private høgskular (kap. 260, post 70)
|
Klarsignal for NTNU Campussamling
Regjeringa foreslår 178 millionar kroner i startløyving til prosjektet NTNU Campussamling i 2024. Prosjektet har våren 2023 vore gjennom ekstern kvalitetssikring, som vurderer at prosjektet er samfunnsøkonomisk lønsamt. Regjeringa meiner at dette no er eit godt og nøkternt prosjekt som realiserer kjernen i prosjektet, nemleg å flytte fagmiljøa på Dragvoll til Gløshaugen.
Regjeringa løyver 8,5 millionar kroner til realiseringa av Campus Kristiansund, i tråd med målet til regjeringa om desentralisert utdanning i heile landet.
– Dei siste åra har for mange av byggeprosjekta i sektoren vorte for dyre og har kosta meir enn planlagt. Her har regjeringa dei siste åra gjort ein stor og heilt naudsynt ryddejobb. Vi har fått ned kostnadane, samstundes som vi tek vare på kjernen i prosjekta. Slik legg vi til rette for framtidsretta forsking, utdanning og innovasjon, med gode faglege og sosiale kvalitetar. Det er bra for studentane og det er bra for landet, seier Sandra Borch.
Logg inn for å kommentere