John-Arne Røttingen:- Vil bruka juristar for å finna løysingar rundt Plan S

– Me vil læra av næringslivet og bruka juristar for å finna løysingar og ikkje for å skapa problem. Det svarte direktør John-Arne Røttingen i Forskingsrådet etter at jussprofessor Hans Petter Graver i ein debatt på UiO stilte spørsmål ved om prosessen rundt Plan S hadde gått føre seg i samsvar med Forvaltningslova.

INGEN TILGANG: – I dag er det ingen tilgang til forskingsartiklar utanom akademia. Me må kunna utnytta den store poolen av forskingsartiklar, sa direktør John-Arne Røttingen i Forskingsrådet under ein debatt om Plan S på Universitetet i Oslo onsdag ettermiddag. I bakgrunnen sit dei to andre i panelet, jussprofessor Hans Petter Graver og UiO-rektor Svein Stølen. Lengst bak til venstre sit debattleiar, Mads Andenæs.

Foto: Ola Sæther

Rundt 80 personar møtte opp då Akademisk forum ved Universitetet i Oslo inviterte til ope møte om Plan S i Auditorium 2 i Georg Sverdrups hus onsdag ettermiddag.

Plan S:

Plan S om publisering i “compliant Open Access Journals or on compliant Open Access Platforms”  inneholder 10 prinsipper. Så langt har 11 nasjoner sluttet seg til prinsippene: Frankrike, Irland, Italia, Luxemburg, Nederland, Norge, Polen, Slovenia Storbritannia, Sverige og Østerrike.

  • Vil utforme robuste krav til kvalitetssikring.
  • Bidra til å etablere åpne publiseringskanaler hvis kanaler av høy kvalitet ikke finnes. Støtte til infrastruktur for åpen tilgang hvis nødvendig.
  • Publiseringskostnader dekkes av finansiørene eller institusjonene, ikke av enkeltforskere.
  • Publiseringsavgifter standardiseres og får et tak.
  • Bruk av CC BY-lisens eller tilsvarende.
  • Ønsker samordning mellom forskningsinstitusjonene, spesielt for å sikre transparens.
  • Kravene gjelder i første omgang tidsskriftsartikler, men vil omfatte bøker på sikt.
  • Åpne arkiver fortsatt viktige for langsiktig arkivfunksjon og mulighet for videre utvikling.
  • Hybrid publisering godtas ikke.
  • Finansiørene vil innføre sanksjoner dersom kravene ikke etterleves. (Kilde: Universitetsavisa)

Plan S  er den store planen for å gjera all offentleg finansiert forsking ope tilgjengeleg i  førebels 11 europeiske land. Plan S sin fødselshjelpar i Noreg, direktør John-Arne Røttingen i Forskingsrådet, UiO-rektor Svein Stølen og jussprofessor Hans Petter Graver stilte alle opp i panelet. 

John-Arne Røttingen peika først på kvifor Forskingsrådet saman med Kunnskapsdepartementet står saman med Det europeiske grunnforskingsrådet (ERC), EU og forskingsråda i 11 europeiske land i målet om å at alle offentleg finansierte vitskaplege artiklar skal vera publiserte i opne tilgjengelege tidsskrift innan 2024.

– Naudsynt, men komplisert

– I dag er det ingen tilgang til forskingsartiklar utanom akademia. Me må kunna utnytta den store poolen av forskingsartiklar. Derfor lanserte regjeringa nasjonale mål for tilgang til forsking i 2017, forklarte han.

John-Arne Røttingen la heller ikkje skjul på at det kunne skapa problem.

– I prosessen rundt open tilgang er forskarane instrumenta, samtidig som dei blir dei skadelidande ved at abonnementsavtalane blir oppsagte eller ved at det blir stilt krav om korleis og kvar dei skal publisera dei vitskaplege artiklane sine. Internasjonalt er me samde om at løysinga er naudsynt, men komplisert. Plan S er ein stor sjanse til å få det til med, meinte John-Arne Røttingen. Han oppfordra også alle til å gripa sjansen til å senda inn innspel til Forskingsrådet frå denne veka og ut januar.

– Fakulteta skal få gevinsten

UiO-rektor Svein Stølen var ikkje heilt einig i at det var behov for ei så radikal omlegging av vitskapleg publisering som John-Arne Røttingen og Forskingsrådet legg opp til.  

– Gode fagfellereferentar kjenneteiknar gode tidsskrift framfor dei andre. Eg kan visa til at UiO allereie for nokre år sidan bestemte at dersom det fanst to likeverdige publiseringskanalar i eit fag, ein med open tilgang og ein utan, så skulle forskarane publisera i kanalen med open tilgang. Dessutan vil eg trekkja fram at i forskingsdatabasen til UiO, DUO var 36 prosent av dei vitskaplege artiklane publiserte i opne kanalar i 2016, medan prosenttalet hadde auka til 60 i 2017.  Fakulteta våre skal få den økonomiske gevinsten av det som det eventuelt vil føra med seg å publisera i opne tilgjengelege kanalar, lova Svein Stølen.

Ville ha klare reglar for kvalitet

Han kunne også dokumentera at talet på vitskaplege tidsskrift var gått opp med rundt 6000 til 26 331 frå 2012 til 2017. – Me må ha klare reglar på kva som er kvalitet og kva som ikkje er det, understreka Svein Stølen. UiO-rektoren såg også at Plan S kunne føra til problem for det internasjonale forskingssamarbeidet.

– Dei siste åra har UiO-forskarar skrive 3000 vitskaplege artiklar saman med amerikanske forskarar, 1500 artiklar saman med forskarar frå Kina og rundt 1000 artiklar saman med forskarar frå Brasil. Dette er forskarar frå land som ikkje er med i Plan S, peika han på.

– Løysingar i fellesskap

Svein Stølen kom også med nokre forslag til løysingar.

– EU har masse pengar og kan kjøpa opp Nature og Science, sa han halvvegs i spøk, halvvegs i alvor. Så heldt han fram: – Det hadde gått an å ha sett på nivå 2-tidsskrifta som MN-fakultetet brukar. Mange av dei er eigde av «Learned Societies» i USA. Dei kunne me ha brukt som kanalar for yngre forskarar. For å få det til, kunne me kjøpt ut eigarforlaget Wiley. Det fjerde UiO kan gjera er å etablera eigne tidsskrift med open tilgang. Det beste me kan gjera er å finna løysingar i fellesskap og ikkje berre peika på enkeltforskarane, meinte Svein Stølen.

– Innskrenking av ytringsfridomen og den akademiske fridomen

Jussprofessor Hans Petter Graver var mest opptatt av om Forskingsrådet hadde handla i samsvar med Forvaltningslova då det gjekk ut og lanserte Plan S og stilte krav om at alle offentleg finansierte forskingsartiklar måtte publiserast i tidsskrift med open tilgang.

I STRID MED FORVALTNINGSLOVA: Jussprofessor Hans Petter Graver meinte Forskingsrådet hadde handla i strid med Forsvaltningslova då det hadde begynt prosessen med å innføra Plan S i Noreg. (Foto: Ola Sæther)

– Ei offentleg tildeling av forskingspengar, er utøving av offentleg styresmakt. Forskingsrådet stiller også krav til publiseringsmåte. Har Forskingsrådet høve til å stilla slike vilkår? Det er eit forvaltningsrettsleg vilkår. Om Forskingsrådet vedtar Plan S, er det ei føreskrift. Målet er nye måtar å publisera på. Det går frå brukarbetaling til tilbydarbetaling. Om me legg restriksjonar på kvar me kan publisera, er det ei innskrenking av ytringsfridomen og den akademiske fridomen. Plan S er ikkje ein bindande avtale,  for det er ikkje noko folkerettsleg dokument. Forskingsrådet kan ikkje fastsetja nokre bestemte reglar på vegner av Noreg, slo Hans Petter Graver fast.  

Etter hans meining er det minst to ting Forskingsrådet må ha på plass for at prosessen rundt Plan S skal vera i samsvar med Forvaltningslova. – Det blir kravd ei utgreiing og ei høyring før det vert gjort eit vedtak om ei offentleg reform. Ei slik utgreiing har eg ikkje sett, peika Hans Petter Graver på.

Takka nei til å driva fagfellevurdering

Etterpå fekk salen ordet. Først ut var professor emeritus i filosofi, Dagfinn Føllesdal. Han trekte inn sine eigne opplevingar på Stanford-universitetet i USA.

– Alle forskarane der var einige i at me ikkje skulle publisera i tidsskrift hos forlag som Elsevier som påla universiteta om å abonnera på mindre viktige og dårlegare tidsskrift i tillegg til dei tidsskrifta dei gjerne ville ha. Forskarane bør heller ikkje delta som redaktørar for desse tidsskrifta. Dei gongene eg fekk spørsmål om å driva fagfellevurdering for desse tidsskrifta,  takka eg nei ved å seia at eg ikkje kan vera fagreferent for tidsskrift som eg sjølv ikkje har råd til å abonnera på, fortalde Dagfinn Føllesdal.

Helge Rønning, som no er professor emeritus frå Institutt for media og kommunikasjon var redd for at dei pensjonerte professorane skulle koma dårlegare ut med ei ordning som Plan S.

– Kvifor har de gått inn på Creative Commons som byggjer på den amerikanske opphavsretten i staden for den europeiske. Dermed manglar dei ideelle rettane til forskarane. Og kva gjer dei med professor emeriti og andre forskarar som ikkje er knytte til universitet eller andre institusjonar? Korleis skal me få finansiert våre forskingsartiklar? spurde han.

–Teikn på kvalitet

Sosiologiprofessor Gunn-Elisabeth Birkelund lurte på kvifor det eigentleg var naudsynt å endra dagens internasjonale system for forskingspublisering.

– Eg tolkar debatten på to måtar: Forsking må ut til folket og dei internasjonale forlaga tener for gode pengar. De skyt ned eit system som er veletablert og det fungerer. Alt no er 60 prosent av alle norske vitskaplege artiklar lagde ut i Cristin. Ja, det er mange forlag som tener mykje pengar på dette, men det er også eit teikn på kvalitet, meinte Gunn-Elisabeth Birkelund.  

 

– Eit puslespel

I sluttinnlegget sitt la UiO-rektor Svein Stølen vekt på at det er nokre utfordringar ved Plan S. – Det er eit puslespel med mange bitar som må dekodast, slik at me kan læra av dei. Som ein internasjonal institusjon må me ikkje gjera oss uinteressante for samarbeidspartnarane våre i andre delar av verda. UiO skal ikkje berre utdanna unge folk til eiga rekruttering. Fleire av dei unge og mest talentfulle forskarane våre må framleis også få sjansen til å dra til Danmark, Tyskland og USA. Dersom det me gjer no, endrar på den konkurransesituasjonen, vil det vera ei utfordring. Derfor må me finna fram til ei løysing, meinte Svein Stølen.

– I samsvar med regjeringa sin politikk

Ikkje heilt overraskande,så delte ikkje John-Petter Røttingen den same frykta.

– Om både ERC (Det europeiske grunnforskingsrådet/Red.merknad), Storbritannia, Frankrike og universitet som Oxford og Cambridge går med i dette, vil det heller ikkje vera noko problem for Noreg eller for UiO å vera med, spådde han.

John-Arne Røttingen gjekk i rette med Hans Petter Graver som meinte at Forskingsrådet ikkje hadde handla i samsvar med Forvaltningslova då det sette i gang arbeidet for å innføra Plan S i Noreg. – Me meiner at det me gjer er i samsvar med regjeringa sin vedtekne politikk, understreka han.

Turné i Sør-Noreg

I morgon held John-Arne Røttingen fram turneen for Plan S ved å delta i ein debatt ved NTNU i Trondheim. Der vil han møta mellom andre  nobelprisvinnaren i medisin, Edvard Moser. Fredag kjem han tilbake til Universitetet i Oslo for å delta i ein ny debatt om Plan S på Realfagsbiblioteket. Då er både Noregs forskingsråd og Universitetet i Oslo arrangørar. Og den 7. desember stiller han opp i endå ein debatt ved Universitetet i Bergen.

Det vil vera høve til å senda inn innspel og forslag om Plan S heilt fram til utgangen av januar 2019.

Møtet i Trondheim blir strøymd og det kan du få med deg om du går inn på denne nettadressa. Du må bruka ein annan nettlesar enn Microsoft Explorer for å få det til å fungera.

UEINIGE OM PLAN S: Dei var ueinige om konsekvensane av Plan S jussprofessor Hans Petter Graver, direktør John-Arne Røttingen i Forskingsrådet og UiO-rektor Svein Stølen då dei  møtte kvarandre for å debattera Plan S. Jussprofessor Mads Andenæs (lengst til venstre) var debattleiar. (Foto: Ola Sæther)

 

 

 

 

Emneord: Forskningsformidling, Forskningssamarbeid, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 28. nov. 2018 20:26 - Sist endra 29. nov. 2018 11:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere