Den 6. september kallar rektor Svein Stølen alle interesserte på UiO inn til eit informasjonsmøte om Global University Academy. Initiativet til prosjektet som tidlegare blei kalla for Global University College, blei tatt før sommarferien, og håpet er å få flest mogleg av dei 16 universiteta i inn- og utland som har sagt seg interesserte til å binda seg til masta, og bli med på arbeidet med å tilby undervisning innanfor høgare utdanning til flyktningar i heile verda.
• Les også:
18 universitet frå ni land vil delta i ein akademisk dugnad for flyktningar
Ville tilby eit virtuelt universitet til kvinner i Afghanistan
Frøet som gav UiO-rektoren ideen om å få til noko slikt, blei sådd då han fekk besøk av den norsk-afghanske flyktningen og journalisten Zahir Athari frå Universitetet i Oslo. Etter at Taliban hadde kome tilbake til makta i Afghanistan, var Zahir Athari opptatt av å kunna tilby eit virtuelt universitet til kvinner.
• Les også:
– Katastrofalt for mange millionar jenter i Afghanistan
– Då ville me prøva å få til nettbasert undervisning, men det viste seg å bli vanskeleg. Derfor har me etter kvart kome fram til den organiseringa me har no med Global University Academy, fortel Svein Stølen til Uniforum.
Tidlegare i år var rektor Svein Stølen saman med ein delegasjon frå UiO på besøk hos Flyktninghjelpa i Uganda. Då besøkte dei fleire flyktningeleirar og læringssenter. Formålet var å læra meir om moglegheiter og utfordringar ved å tilby akademisk utdanning til nokre av dei 1,5 millionar flyktningane som bur i landet.
Drar på ny tur til Uganda
Global University Academy svarar på FNs høgkommisær for flyktningars oppfordring om at universiteta i verda må gjera meir for flyktningar og fordrivne menneske.
–Som ein del av dette arbeidet, skal me etablera ein pilot, og det er store sjansar for at det blir nettopp Uganda, fortel han.
Saman med ein delegasjon frå UiO, UiB, og NMBU drar Svein Stølen på nytt til Uganda den 7. september.
– Dit drar me for å kunna laga ein moglegheitsstudie, forklarar han.
• Les også:
Ber alle interesserte om å koma på informasjonsmøte
Stølen trur mange av fagmiljøa på Universitetet i Oslo vil kunne koma med gode idear og forslag til kva studietilbod dei eventuelt kan bidra med i dei aktuelle flyktningleirane.
– Det er derfor me ber alle interesserte om å koma på informasjonsmøtet 6. september klokka 13.15 i Klubben i Georg Sverdrups hus. Der vil dei få meir informasjon om initiativet og få lufta sine eigne idear, samtidig som dei kan få vita meir om dei andre sine.
Dei 16 universiteta, inkludert UiO, som no har sagt at dei vil vera med, har frist fram til 30. november med å koma med forslag til emne eller område der dei kan bidra.
– Her treng me idear til UiOs bidrag. Så vil dei som er med i alliansen arbeida i eit år med ein modell for samarbeidet.
Først når modellen er på plass kan universiteta, inkludert UiO, bestemma oss for om heile prosjektet kan setjast i gang, fortel han.
– I første omgang kan me kanskje danna ei årseining
Stølen ser ikkje føre seg ein svært omfattande studieportefølje som skal utviklast frå UiO til ulike flyktningleirar rundt omkring i verda.
– Etter kvart vil me begynna å jobba med det som blir spelt inn, og då vil me etablera grupper som kan prøva å sjå korleis me kan kopla ulike kurs saman. I første omgang klarer me kanskje å danna ei årseining, trur han.
Svein Stølen trur det det viktig at folk frå ulike fagmiljø kjem saman for å snakka om dette.
– Då kan dei tenkja høgt saman med oss, alle dei som har nokre idear om kva slags utdanning dei kunne førestilla seg er nyttig for flyktningar der dei er, og ser kva slags behov dei har. I ein vekselverknad med flyktningane, vil me kunna utvikla noko som er litt skreddarsydd til behova til flyktningane og med det bidra til at dei kan skaffa seg arbeid i lokalmiljøet.
– Har midlar
– Må forskarane som blir med, kosta dette av instituttet si eiga lomme, eller vil det vera mogleg å få pengar frå UiO sentralt?
– Me kan ikkje lova bort gull og grøne skogar i den første perioden, men me har nokre midlar som gjer at me kan bidra til at dette blir utvikla, svarar han.
– Deretter må me henta finansiering eksternt også, legg han til.
UiO-rektor Svein Stølen veit at både forskarar og andre tilsette på UiO er godt engasjerte i internasjonale spørsmål.
– Det har me jo sett i Gaza-saka og i andre saker. Folk har jo eit enormt sosialt engasjement.
Sjølv har Svein Stølen ein viss tanke om kva tilbod som det kan vera mogleg å gi frå partnaruniversiteta til flyktningar.
- Det kan vera noko innanfor lærarutdanning, noko relatert til helse og økonomi eller helseadministrasjon. Og det kan også vera noko som har å gjera med IKT-verktøy.
Så langt har initiativet møtt stor interesse frå Universitetet i Bergen, Noregs miljø- og biotvitskaplege universitet på Ås og fleire universitet frå tre kontinent.
– Og Flyktninghjelpa i Noreg er også ein viktig partnar for oss, slår han fast.
Tidlegare denne veka lanserte Utanriksdepartementet ved utanriksminister Espen Barth Eide regjeringa sin nye Afrika-strategi. Svein Stølen håpar at den også etter kvart kan koma til nytte for arbeidet dei held på med for å få etablert tilbod i høgare utdanning for flyktningar både i Afrika og andre stader i verda.
– Dei veit kva me jobbar med, og eg snakkar godt med politikarar rundt dette, seier Svein Stølen til Uniforum.
Logg inn for å kommentere