Dei er forfylgde forskarar som har fått vern på UiO

 – Det er bra å ha fått ein trygg opphaldsstad. Det seier den palestinske forskaren Asmaa Abusamraa. Ho er ein av seks forfylgde forskarar som gjennom Scholars at Risk har fått vern på UiO.    

EIN TRYGG STAD: Forskarane Svitlana Arabadzhy (lengst til venstre) frå Ukraina, Mani Eldada frå Gaza, Palestina, Olena Tymoshenko frå Ukraina og Asmaa Abusamraa frå Gaza, Palestina har fått ein trygg stad å forska på UiO. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I 15 år har Scholars at Risk-ordninga eksistert på Universitetet i Oslo. Med eigne midlar finansierer UiO opphald og arbeidsplassar for forskarar som treng vern på grunn av det dei meiner eller forskar på. 

I desse åra har over 30 forfylgde forskarar frå fire kontinent hatt lengre eller kortare opphald på universitetet. Til saman har dei utgjort 45 årsverk. I tillegg har det vore fire årsverk for forskarar frå Ukraina.  

Nokre av dei har følt seg trygge nok til å venda tilbake til heimlandet, medan andre har fått vanleg jobb i Noreg eller nytt SAR-opphald  på andre universitet i Noreg eller i utlandet som er med i nettverket til Scholars at Risk. Det blei starta opp ved University of Chicago i 1999. Ein av grunnleggarane, Robert Quinn tok på vegner av Scholars at Risk og seg sjølv imot Universitetet i Oslos menneskerettspris i 2012..

Denne veka var seks av dei UiO gir vern til, samla på eit felles møte på Blindern. To av dei er av tryggingsgrunnar anonyme, medan dei fire andre står fram med både namn og bilete.    

– Midt i eit ingenmannsland

Ei av dei er palestinske  Asmaa Abusamraa frå Gaza som er på  LINK  Senter for læring og utdanning. I heimlandet sitt var ho førsteamanuensis og leiar for avdelinga for vidareutdanning og samfunnsteneste på universitetet ho er tilsett ved på Gazastripa.

Ho fortel korleis ho ein heilt normal dag går på jobb som normalt for å undervisa studentane sine, og så blir heile livet brått snudd på hovudet. 

– Du finn deg sjølv midt i eit ingenmannsland omgitt av kaos, bombing, øydelegging og død overalt.  Sjølvsagt lir alle folk i Gaza på grunn av desse handlingane, peikar ho på.  

Men for akademikarar er det også ein katastrofe på andre måtar, meiner ho.

– Me har brukt både tankane våre og heile identiteten vår på å byggja opp ein ny generasjon, gi dei idear og læra dei om korleis dei skal takla livet. Så opplever me frå ein dag til ein annan at livet handlar om å skaffa seg mat og vatn og nok brensel, skildrar ho.

– Hadde ikkje tilgang til eigne fagartiklar

Som akademikar mistar du brått kontakten med alle studentane dine, fortel ho, og du lurer på om dei er døde eller i live.  

– Og du får heller ikkje høve til å publisera artiklar om det du har forska på. Etter at eg hadde flykta ut av området, hadde eg ikkje lenger tilgang til mine eigne fagartiklar på den berbare datamaskina mi, seier ho.

Samtidig rosar ho Scholars at Risk sitt arbeid for å gjera ein forskjell.

– I ein situasjon der basisbehova er dei viktigaste, er det ikkje det akademiske livet som får størst merksemd. Derfor er det veldig bra å koma under paraplyen til Scholars at Risk som gir deg eit trygt opphald på ein stad der du kan gjenoppta den akademiske gjerninga di, samtidig som me mentalt er urolege for familiane våre som framleis er midt i den pågåande krigen i Gaza, fortel ho.  

Sjølv har ho fått publisert to vitskaplege artiklar om korleis krigshandlingar i ulike land går utover både akademikarar og utdanning.

– Dei handlar ikkje berre om Gaza, men også om andre krigsområde, legg ho til.

– Forskarane er folkets stemme

Den første anonyme forskaren meiner at akademikarane spelar ei viktig rolle i dei samfunna dei kjem frå.

– Forskarane er folkets stemme. Dei underviser, men ikkje alltid. Dei gir stemme til dei som vanlegvis ikkje har ei stemme. Dei ser ting som folk elles ikkje ville ha lagt merke til, tykkjer han.  Også han framhevar arbeidet til Scholars at Risk.

– Dei gir forskarane som ikkje får nytta seg av stemma si, ei stemme, understrekar han. 

– Har fått fast grunn under føtene mine

Svitlana Arabadzhy frå Ukraina kjem frå den utbomba byen Mariopol som no er okkupert av Russland.  Ho er no på Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) på UiO gjennom MSCA4Ukraine som er  eit samarbeid mellom Scholars at Risk, europeiske universitet, Humboldt-stiftinga og EU-kommisjonen.

– Dette opphaldet har gjort at eg har fått fast grunn under føtene mine igjen. Du får halda fram med jobben og forskinga di, og du er ikkje sett heilt utanfor i denne fryktelege verda, seier ho.Svitlana Arabadzhy har  ikkje noko håp om å få venda tilbake til heimbyen.

– Russland kontrollerer alt og alle der no.

 

– Eg prøver å bidra til utdanningsstøtte i Ukraina

Den ukrainske kollegaen hennar Olena Tymoshenko er på Matematisk institutt  gjennom den same ordninga.  Ho kjem frå hovudstaden Kyiv. Også ho har mykje godt å seia om korleis dei har fått vern gjennom Scholars at Risk. Ho var allereie aktiv i EU-program medan ho var på universitetet i heimbyen. Men gjennom Scholars at Risk kunne ho halda fram med forskinga i eit anna land etter Russlands invasjon av heimlandet.

 – Det har gitt meg sjansen til å vera på ein trygg plass saman med sonen min og mora mi på 72 år. Dermed kan eg gå vidare med forskinga mi på same måten som eg gjorde det i Ukraina, seier ho til Uniforum.

Men ho peikar også på at gjennom opphaldet sitt i Noreg kan ho hjelpa  kollegaene sine i Ukraina .

– Me er vitne til dei store utdanningstapa som har kome av COVID-19-pandemien og den pågåande krigen. Eg prøver å bidra til utdanningsstøtte i Ukraina og, viktigast av alt, hjelpa dei som er råka av krigen, folk som har fått fysiske og psykiske skader til å reintegrerast i kvardagslivet i samfunnet. Dette er måten eg kan utgjere ein skilnad på, seier ho.

– Livet har kome tilbake til meg og familien

Den andre anonyme mannlege forskaren rosar også den sjansen Scholars at Risk har gitt han til å driva med forsking i eit trygt land. 

– Det har gitt livet tilbake til både meg som forskar og til familien min. Ikkje berre livet, men også håpet om å kunna overleva og arbeida. Før eg kom hit, var både familien min og eg urolege, ikkje berre for moglegheita for intellektuell tenking, men også for livet. Dei var urolege for trakasseringa av meg som far på grunn av den akademiske aktiviteten min, fortel han.

– Etter at eg kom hit med familien min, har livet kome tilbake til meg, seier han.

Blei skadd i rakettåtak

Den sjette verna forskaren Uniforum får snakka med er Hani Eldada. Han kjem også frå Gaza og arbeider på Institutt for kultur og orientalske språk (IKOS). 

– Eg budde sju månader i Gaza med sønene mine og resten av familien etter at den siste krigen braut ut. Sjølv blei eg også hardt skadd fleire stader på kroppen og i den venstre handa etter at ein rakett eksploderte like i nærleiken av oss, minnest han.

Før krigen starta, jobba han med fleire forskingsprosjekt på universitetet.

– Akkurat som  kollegaen min fortalde, har me vore mest opptekne av korleis me kan overleva i eit samfunn utan elektrisitet og der me må skaffa oss mat og drikke.  Eg måtte vera ein ansvarleg familiefar for mine seks søner, fortel han.

– Frykta har sloppe taket i oss

Etter at han kom til Universitetet i Oslo ved hjelp av Scholars at Risk, er situasjonen blitt annleis.

– No har eg tatt opp igjen den forskinga eg heldt på med før krigen starta. Det aller viktigaste for oss bortsett frå at me har overlevd, er at den ti år gamle sonen min har begynt på skulen igjen etter at han mista sju månader med skulegang. No lærer han norsk stadig betre og er veldig glad. Frykta har sloppe taket i oss, og me lever eit vanleg liv, sjølv om me stadig er urolege for syskena våre og mora mi som framleis bur i Gaza, seier han.

Då Uniforum spør dei seks forskarane om kva dei har til felles på Universitetet i Oslo, svarar dei i kor.

– Me må alle læra oss norsk.

– Meiner alvor med å forsvara akademisk fridom

Seniorrådgjevar Marit Egner ved Seksjon for forsking og internasjonalt samarbeid har heilt sidan 2007 drege i trådane for å få Scholars at Risk-ordninga til å fungera på Universitetet i Oslo. Kvar gong det kjem eit nytt rektorat må ho presentera ordninga for dei, og alle har vald å halda fram me å støtta arbeidet for å gi forfylgde forskarar vern på UiO.

FELLES MØTE: Forskarane som har fått opphald på UiO, hadde før helga eit møte med seniorrådgjevar Marit Egner(nummer 3 frå venstre)  i Seksjon for forsking og internasjonalt samarbeid. Ho koordinerer arbeidet med Scholars at Risk-ordninga på universitetet. Her sit ho saman med Olena Tymoshenko., Mani Eldada, Asmaa Abusamraa og Svitlana Arabadzhy. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 

– Dette syner ein stor vilje frå leiinga ved UiO til å visa solidaritet med forskarar frå andre delar av verda, og at dei meiner alvor med å forsvara akademisk fridom i ein verdssituasjon som ikkje er altfor lys, seier ho til Uniforum.

– Pengane skulle hentast frå rektors reserve

UiO melde seg inn i Scholars at Risk i 2001. Men det var først då ho begynte på UiO seks år seinare at det skulle koma inn i meir ordna former. 

– Då var det ei av fleire oppgåver på ei lang liste som eg måtte fylgja opp. Kollegaene mine fortalde meg at dette ville seia at UiO kunne ta imot forfylgde forskarar ved behov. Den første var her frå 2009 til 2010 og pengane skulle hentast frå rektors reserve, hugsar ho.

Det var først etter kuppforsøket i Tyrkia i 2016, fortel ho, at arbeidet med Scholars at Risk blei utvida til fleire personar.

– Då sa rektoratet at me aukar talet på forfylgde forskarar som får vern på UiO til fire frå ulike land. Seinare blei talet utvida til seks etter at Taliban tok tilbake makta i Afghanistan, oppsummerer ho.

Det er rektoratet som reint organisatorisk eig Scholars at Risk-ordninga.

 – Dagens rektorat seier at dei ikkje vil binda neste rektorat. Derfor er det viktig at dei fylgjer opp vidare, slår ho fast.

– Ein dødeleg miks

Gjennom åra har over 30 forfylgde forskarar fått vern på UiO. Ein av dei minnest ho spesielt godt.

 – Meksikanaren som måtte få vern fordi han forska både på narkotikahandel og på korrupsjon. Det er lett å forstå at det var ein dødeleg miks. No er han  tilbake i heimlandet, seier Marit Egner.

Ho trekkjer også fram kvinner som har forska på kjønn.

 – Dei har vore utsette berre på grunn av at dei har jobba med det, poengterer ho.

Marit Egner hugsar ei historie om ein forskar frå Bangladesh som drog på konferanse utanfor heimlandet.

– Med det same forskaren kom til flyplassen då han skulle reisa ut, fekk han beskjed om at han ville bli arrestert straks han kom tilbake til Bangladesh. Då måtte me på UiO kasta oss rundt, og i løpet av fire veker klarte me å ordna eit opphald for han på UiO gjennom Scholars at Risk.

Føreslår ei fadderordning for forfylgde forskarar

Tidlegare i år fekk studentar på Prosjektforum eit oppdrag frå Scholars at Risk-komiteen på UiO. Det var å evaluera ordninga. Då la dei fram ein del forslag til nye tiltak som kunne setjast i gang. Arbeidet med å fylgja opp evalueringa er godt i gang  og også dei verna forskarane på UiO er blitt tatt med på råd.

– Eit av forslaga går ut på at det blir innført ei fadderordning eller buddyordning for desse forskarane. Me har laga eit nettskjema der alle på UiO som har lyst til å vera med på dette, kan melda seg på, seier Marit Egner.

 

• Les meir om forfylgde forskarar og studentar som får vern: 

Students at Risk gav han vern frå forfylging

Ti år på oppdrag med å skaffa forfylgde akademikarar vern i Noreg

Biokjemiforskaren Eqbal Mohammed Abdu Dauqan måtte flykta frå Jemen

Forfylgde forskarar meiner dei blir tatt godt vare på ved europeiske universitet

Noreg støttar global avtale for akademisk fridom

Svein Stølen: – Me tar opp akademisk fridom med kinesiske styresmakter

Guri Melby: - Viktig at verdsopinionen engasjerer seg i demonstrasjonane i Hongkong

UiO-forskar Idil Eser risikerer 15 år i tyrkisk fengsel

Menneskerettsprisvinnar Isthar Gözaydin forsvarte demokratiet konfrontert med Tyrkias ambassadør

– Akademisk fridom må me i listene over verdas beste universitet

Aktivist for forfylgde akademikarar får UiOs menneskerettspris

Forfylgde akademikarar kan få vern i Noreg

Scholars at Risk: Menneskerettigheter og akademia

Gir akademisk nødhjelp

Forskar i asyl

 

 

Emneord: Menneskerettar, Akademisk fridom Av Martin Toft
Publisert 23. des. 2024 04:30 - Sist endra 27. des. 2024 14:47

Logg inn for å kommentere