– Akademisk fridom må med i listene over verdas beste universitet

– I løpet av fem år kjem graden av akademisk fridom til å vera med som kriterium på rankinglista til Times Higher Education over verdas beste universitet. Det spår Robert Quinn, dagleg leiar for og ein av initiativtakarane til Scholars at Risk. Denne veka tok han imot UiOs menneskerettspris.

AKADEMISKE ENGLAR: Naila Al Atrash frå  Damascus’ Higher Institute for Music and Theatre (DHIMT) i Syria er ein av dei forfylgde akademikarane som er komne inn under Robert Quinns og Scholars at Risks vernande venger. Denne veka fekk Robert Quinn utdelt UiOs menneskerettspris.

Foto: Ola Sæther

I tolv år har organisasjonen Scholars at Risk arbeidd for å hindra overgrep mot akademikarar og verna dei akademikarane som blir forfylgde. Sidan organisasjonen blei danna av engasjerte forskarar i Chicago i 2000, har Scholars at Risk klart å hjelpa 1000 forskarar til å få eit tryggare liv, og 400 av dei har fått gjesteforskaropphald ved universitet i andre land. I dag er 280 universitet i 34 land med i nettverket.

– Kvalitet og akademisk fridom heng saman

No arbeider dagleg leiar Robert Quinn for at graden av akademisk fridom også skal bli eitt av kriteria på rankinglista til Times Higher Education over verdas beste universitet.

– Ja, eg har vore i kontakt med Times Higher Education og sendt over rundt 40 krav som universiteta må oppfylla for å kunna bli sett på som eit universitet med ein høgast mogleg grad av akademisk fridom. Samtidig er me i ferd med å utarbeida vår eiga liste over dei universiteta som har størst mogleg akademisk fridom. Dei universiteta som skårar høgast på kvalitet, skårar i hovudsak også høgast på akademisk fridom. Unntaket er nokre få universitet frå Kina og Singapore som er mellom dei 100 beste. Derimot finn du ikkje eit einaste universitet frå Midtausten der. Eg spår at om kort tid, ja, ikkje lenger enn fem år, vil akademisk fridom vera eitt av kriteria for dei som lagar desse rankinglistene, seier ein optimistisk Robert Quinn til Uniforum.

– Hjelper gjerne Kina

– Korleis trur du til dømes Kinas styresmakter vil reagera på det?

– Kinas tidlegare utdanningsminister sa ein gong at den vitskaplege utviklinga på dei kinesiske universiteta berre kunne halda fram, dersom dei blei gitt utvida, akademisk fridom.  Eg er heilt einig med han i det, og vil gjerne hjelpa Kinas styresmakter med å få det til. For forskingskvalitet heng nøye saman med akademisk fridom, understrekar han.

Robert Quinn viser også til utviklinga i Tunisia og Egypt etter Den arabiske våren som gode døme på at det er blitt større forståing for den akademiske fridomen og at forsvararar for  akademisk fridom har fått politisk makt.

– Verda går framover

– I Tunisia kom utdanningsministeren med eit forslag som ville avgrensa ytringsfridomen på universiteta. Samtidig var presidenten ein akademikar som tidlegare hadde fått vern av Scholars at Risk. Då tok me saman med andre tunisiske akademikarar kontakt med han og fortalde om problemet. Han tok det opp med den aktuelle statsråden, og etter kvart blei han også overtydd av argumenta til presidenten, og han trekte lovforslaget tilbake. Slike tilfelle gjer meg optimistisk. I Egypt har tidlegare fengsla akademikarar blitt sette fri og deltatt i den arabiske våren, samtidig som tidlegare president Hosni Mubarak er sett i fengsel. Også den totalt endra situasjonen i Myanmar/Burma, der president Obama er på besøk no, viser at verda går framover når det gjeld ytringsfridom og akademisk fridom, seier Quinn.

I Noreg er det no tre akademikarar som har fått vern og gjesteforskaropphald. Frå og med 2013 har UiO lova alltid å gi arbeidsplass og husrom til ein forfylgd forskar.

Forfylgd av Assad-regimet i Syria

Dei aller fleste akademikarane som har hatt behov for hjelp frå Scholars at Risk er frå Midtausten og Afrika. Ei av dei er Naila Al Atrash frå Damascus’ Higher Institute for Music and Theatre (DHIMT) i Syria. Ho har kome under nettverkets vernande venger, og er no gjesteforskar ved Universitetet i Agder i Kristiansand.

– Eg fekk først høyra om nettverket i 2008, då nokre venner fortalde meg om det. Også då hadde eg behov for vern. Under Den arabiske våren i fjor deltok mange av mine studentar i dei fredelege demonstrasjonane mot Assad-regimet. Eg og mange andre syntest det var heilt utruleg at folk begynte å riva ned portrett og plakatar av far og son Assad overalt i Syria, minnest ho. No er ho uroleg over utviklinga i heimlandet.

– Me hadde aldri drøymt om at situasjonen skulle bli så valdeleg som den no er blitt. Studentane mine måtte ta seg av skuleelevar som var blitt jaga ut av skulane sine, fordi dei var blitt omgjorde til avhøyrssenter for Den syriske hæren. Etter at eg også begynte å delta i demonstrasjonane, opplevde eg masse trakassering og forfylging frå tryggingspolitiet til president Assad. Til slutt flykta eg til heimbyen min lenger sør i Syria, der det var litt fredelegare, og mange av studentane kom også dit, og dei fekk husrom hos vanlege folk. Etter kvart blei situasjonen så farleg at eg måtte flykta. Og då var det Scholars at Risk sitt fond som sytte for at eg først kunne dra til University of North Carolina i USA og seinare til Universitetet i Agder, fortel ho. For henne er utanlandsopphaldet viktig av fleire grunnar.

– Ein av dei viktigaste er at me får eit intellektuelt rom til å arbeida og tenkja i, konstaterer ho.

– Ei stor ære

Denne veka overrekte prorektor Inga Bostad «UiOs menneskerettspris – Lisl og Leo Eitingers fond»  for 2012 til Robert Quinn for innsatsen nettverket og han har gjort for å fremja akademisk fridom og for å verna truga akademikarar.

– Menneskerettsprisen er ei stor ære til alle som jobbar for nettverket Scholars at Risk og deltar i arbeidet med å forhindra overgrep mot akademikarar og verna dei akademikarane som må forlata heimlandet sitt, slik at dei kan halda fram med forskinga si på eit universitet i eit anna land, seier Robert Quinn. – Eg vågar å seia at me gjer ein skilnad, legg han til.

Les meir om Scholars at Risk i Uniforum:

Aktivist for forfylgde akademikarar får UiOs menneskerettspris

Forfylgde akademikarar kan få vern i Noreg

Scholars at Risk: Menneskerettigheter og akademia

Gir akademisk nødhjelp

Forskar i asyl

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Menneskerettar, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 21. nov. 2012 10:05 - Sist endret 21. nov. 2012 10:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere