Politiavhøyr kan bli endra over heile verda - UiO-senter har spelt ei sentral rolle

FN har no lansert ein manual for nye retningslinjer for politiavhøyr. Den er utvikla av forskarar ved Norsk senter for menneskerettar på UiO saman med blant andre FNs høgkommisær for menneskerettar. Brasil er eit av landa som no vil endra måten politiavhøyra går føre seg på.

BETRE LIV: – Dei seier til meg at dei hadde eit liv før dei nye avhøyrmetodane blei innførte og eit heilt nytt og betre liv etterpå, fortel  prosjektleiar Knut. D. Asplund ved Norsk senter for menneskerettar på UiO. Han har vore ansvarleg for samarbeidet med Brasil om å utvikla nye avhøyrmetodar for politiet.  

Foto: Ola Gamst Sæther

Dette året har vore eit banebrytande år for dei som arbeider med politiavhøyrprosjektet på Norsk senter for menneskerettar på UiO: For i februar gjorde FN det klart at organisasjonen vil innføra ein heilt ny manual for politiavhøyr som dei vil rå medlemslanda til å bruka.  

Arbeidet fekk fart på seg etter at forskar og politietterforskar Asbjørn Rachlew i 2016 var til stades i FNs hovudforsamling då Juan Mendez, FNs spesialrapportør for tortur,  la fram ei tilråding om globale standardar for politiavhøyr.

Den gongen blei metoden undersøkjande intervju (investigative interviewing) foreslått som ein internasjonal modell for politiavhøyr i staden for  tradisjonelle avhøysrmetodar (interrogation), der målet er å få den mistenkte til å koma med ei tilståing for ein kvar pris. Asbjørn Rachlew var sentral i arbeidet med å tilpassa metoden til norske forhold.

• Les også: Politiavhøyr utvikla i Noreg kan bli global standard

I oppdraget med å utvikla den nye manualen for politiavhøyr har prosjektleiar Gisle Kvanvig, seniorrådgjevar Susanne Flølo og prosjektleiar Knut D. Asplund fungert som sekretariat for FNs organisasjon for FNs politiorganisasjon UNPOL.Hovudforfattar av manualen har vore forskar Ivar Fahsing, som sjølv har bakgrunn frå politiet.. Asplund har tidlegare leia Indonesia-prosjektet, men er no koordinator for Brasil-prosjektet CogJus – Laboratory for Teaching and Researh in Cognition and Justice. 

I Brasil samarbeider dei med the Meridionial Foundation, ei humanitær stifting som i hovudsak arbeider med velferd, medisin og folkehelsespørsmål.  

Skal læra opp 1000 politioffiserar 

I sju av delstatane, mellom andre i Sao Paulo og Rio de Janeiro, dei viktigaste byane i Brasil,  har så langt 700 politioffiserar fått opplæring i nye etterforskingsmetodar. Kort fortalt går den nye modellen for politiavhøyr ut på at politifolka må  stilla opne spørsmål, vera meir lydhøyre og høyra på kva arrestanten har å seia, ikkje binda seg til ulike forklaringar for tidleg  og ta alle bevis på alvor.

– Målet til prosjektet er at over 1000 politioffiserar skal ha fått opplæring i denne metoden fram til 2026, men endå viktigare er det å få på plass eit kompetent instruktørkorps, seier Knut D. Asplund til Uniforum.

Brasil er truleg det landet i verda som har flest årlege drap i høve til folketalet. Om lag 2,7 prosent av verdas folk bur i Brasil, men 20 prosent av alle drap i verda skjer i det landet. I fjor var det 40 000 drap i Brasil. Då hadde det rett nok gått ned frå 60 000 i åra før pandemien.

Nytt og betre liv etterpå

Sjølv har Knut D. Asplund også observert korleis politifolka er svært nøgde med den opplæringa dei har fått i nye avhøyrmetodar.

– Dei seier til meg at dei hadde eit liv før dei nye avhøyrmetodane blei innførte og eit heilt nytt og betre liv etterpå. Og når dei har avhøyrt folk i dei fattigaste bydelane, der det for det meste bur svarte, spør folk om dei verkeleg er politifolk. Dei har nemleg aldri opplevd tidlegare at politiet behandlar dei med respekt, fortel Asplund til Uniforum.

 

DRAPSAVDELING: Dette er ein politibil frå drapsavdelinga til det sivile politiet i Brasil. (Foto: SMR/UiO)

For han er det viktig at kvinnene får ei sentral rolle i arbeidet, også innan den delen av politiarbeid som har vore mest dominert av menn.

– Det er faktisk mange  kvinner i Brasil-politiet også. Sjefen  ved den drapsavdelinga me har samarbeidd med i Salvador, er ei tøff kvinne som fører an i  prosjektarbeidet, seier Asplund.

Han viser til at avhøyr av tunge kriminelle handlar mykje om evna til å lytta og kommunisera godt.

 – I mange land ser me at dei som allereie er kjent med metoden, er dei som avhøyrer barn. Desse er som oftast kvinner.  Dei kan nyttast som ein lokal ressurs, også når andre delar av politiet skal få avhøyrsopplæring, seier Asplund.

– Kan spara både liding og pengar

Norsk senter for menneskerettar har fått 1,3 millionar kroner frå  Utanriksdepartementet for å hjelpa til med innføringa av dei nye metodane for politiavhøyr i Brasil. På Politihøgskulen i Noreg er dette allereie innført som standard. Dette skjedde i stor grad som ein lærdom etter at det blei pressa fram ei falsk tilståing i Birgitte-saka på Karmøy. Eit anna døme Asplund trekkjer fram er Baneheia-saka frå Kristiansand.

– Ein ser i dag korleis Baneheia-drapa kastar skuggar inn i notida frå åra før dei nye metodane blei tekne i bruk. Både liding og pengar kan sparast om ein gjer det rett den første gongen, peikar han på.

Etter å ha studert nye metodar for politiavhøyr i Liverpool i Storbritannia og tatt ein doktorgrad ved UiO,  fekk politimannen Asbjørn Rachlew høve til å forska vidare og utvikla dei nye retningslinjene for politiavhøyr på Norsk senter for menneskerettar på UiO. 

I 2016 var han altså til stades i FNs hovudforsamling då Juan Mendez, FNs spesialrapportør for tortur, rådde til at dei nye metodane burde bli ein global standard. Seinare blei Rachlew og forskar- og politikollegaen Ivar Fashing også inviterte til Vietnam og Indonesia for å få sett i gang liknande prosjekt der. 

• Les også i Uniforum: Innovasjon: UiOs forslag refses både internt og eksternt

Blei inviterte til Brasil for å få til eit opplæringsprogram

Knut Asplund leia tidlegare Indonesia-prosjektet, men har no også ansvaret for Brasil-satsinga.

– Det kom i gang etter at psykologiprofessor Lilian Stein frå Det katolske universitetet i Porto Alegre i Sør-Brasil var til stades på eit FN-møte i New York saman med  Asbjørn Rachlew der nye og  meir humane former for politiavhøyr var tema. Då blei ho med i ei  gruppe som i 2018  fekk i oppdrag å utvikla nye internasjonale retningslinjer for politiavhøyr, fortel Asplund.

Det same året blei dei som jobba med prosjektet på Norsk senter for menneskerettar på UiO inviterte til Brasil for å prøva å få til eit opplæringsprogram for det sivile politiet i fire delstatar i Sør-Amerikas folkerikaste land. 

Knut Asplund blei nesten slått ut av dei store drapstala dei opererte med i Brasil.

– I 2017 var det 60 000 drap i landet. Det talet var redusert til 40 000 i 2023. 

Han har ei forklaring på kvifor talet har gått ned.

– Det kan ha noko å gjera med endra kriminalpolitikk, men det kan også skuldast at dei store bandekrigane har gått over i ein ny fase, der det no er meir avklart kven som skal dominera kva for område, trur han. 

Ved den politistasjonen dei har samarbeidd med i Salvador i delstaten Bahia, hadde dei  4000 drap i året dei skulle etterforska. Talet på drap som blir oppklara der, er difor lågt.

– I Sao Paolo har dei eit eige politilag som berre rykkjer ut når det er tre eller fleire offer i ei drapssak, fortel han. 

Vil innføra metoden i heile landet

Professor  Lilian Stein er framleis aktiv i prosjektet, sjølv om ho er bltt pensjonist.  Den tidlegare stipendiaten hennar William Weber Cecconello leiar no prosjektet i Brasil.

– Brasilianske styresmakter ynskjer å innføra denne metoden for politiavhøyr i heile landet. Og det vil også gjelda for det føderale politiet. Men det er ein omfattande prosess som vil ta lang tid, konstaterer Asplund.

GRUNNPLANET: –  For oss er det fint å sjå at vedtak i FN kan få så mange positive fylgjer ned på grunnplanet til kvar enkelt politi, synest Knut D. Asplund. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Så langt har dei samarbeidd med det sivile politiet i Brasil i delstatane Paraná, Santa Catarina, Rio Grande de Sol, Bahia, Goías, Sao Paulo og Rio de Janeiro. Til saman er det 28 delstatar i landet. Dei som deltar, vil få opplæring i augevitneidentifisering og undersøkjande intervju. Prosjektet har også utvikla nytt læringsmateriell i undervisninga i undersøkjande intervju.

Knut Asplund fortel at ein også tar i bruk video der skodespelarar tar rollene som politifolk og kriminelle i avhøyrsituasjonar.

– I Brasil har me fått dette prosjektet opp på nasjonalt nivå, og me informerer dei brasilianske styresmaktene fortløpande om det.  For oss er det fint å sjå at vedtak i FN kan få så mange positive fylgjer ned på grunnplanet til kvar enkelt politi, synest Knut D. Asplund.

No skal  han snart til Surinam med instruktørar frå Brasil som skal hjelpa landet med å få gjennomført dei nye internasjonale retningslinjene for politiavhøyr etter at landet nyleg  ratifiserte FNs torturkonvensjon. Dei  har også sett i gang eit samarbeid med politi og påtalemakta i Thailand og har starta arbeid i Nigeria. 

Første gong det blir gitt ut felles manual

Nyleg kom altså den gledelege meldinga frå FN om at den endelege manualen no kan gjevast ut.  Saman med eit e-læringskurs utvikla i samarbeid med FNs kontor for narkotika og kriminalitet (UNODC) i Wien og dei internasjonale avhøyrprinsippa  (Mendez-prinsippa), er Norsk senter for menneskerettar (SMRI) no i hamn med tre store prosjekt. Det gler både Knut Asplund og prosjektkollegaene hans seniorrådgjevar Susanne Flølo og  prosjektleiar Gisle Kvanvig.

– Det er første gong alle FN-organisasjonane med eit politimandat har gitt ut ein eigen felles manual som  denne. Det er morosamt for etterforskarane for no har dei eit dokument som viser korleis desse forskingsbaserte metodane for politiavhøyr også er blitt ein FN-standard, seier dei til Uniforum.

Manualen har vore gjennom valideringsprosessar i FNs medlemsland. Ekspertar frå 40 av FNs medlemsland har vore aktive i denne prosessen, mange av dei kjem frå det globale sør.

– No vert avhøyrprinsippa refererte til i nye resolusjonar, fortel Gisle Kvanvig og Susanne Flølo.  Arbeidet med  å skriva den første manualen kom i stand i samarbeid med Alice Edwards frå Australia då ho var leiar for sekretariatet for eit mellomstatleg initiativ mot tortur (CTI).  I dag er ho FNs spesialrapportør mot tortur. Alle tre er nøgd med gjennomslaget dei nye internasjonale retningslinjene for politiavhøyr har fått.

– Denne kunnskapen er no tilgjengeleg for alle, slår dei fast. 

Den nye politimanualen kan lesast her. 

 

• Les meir om  menneskerettar:

Norsk senter for menneskerettigheter tildelt 100 millioner fra UD

Politiavhøyr utvikla i Noreg kan bli global standard

– Akademia bør være en synlig forsvarer av menneskerettigheter

UiO-juristar medverka til at Theresa May måtte be om orsaking for bortføring

Naudsynt med ein menneskrettsdomstol for heile verda

– Politikk er farleg i Vietnam

Indonesias fremste demokratiaktivist myrda

Fem millionar til tsunami-forsking

– Krigen mot terror undergraver forbudet mot tortur

Emneord: Politi, Menneskerettar, Brasil, Latin-Amerika, FN Av Martin Toft
Publisert 22. apr. 2024 04:30 - Sist endra 23. apr. 2024 09:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere