Fem millionar til tsunamiforsking

Den 26. desember 2004 slo tsunamien inn over strendene på Sri Lanka og i Aceh-provinsen i Indonesia. Begge stader var det borgarkrig, men det var berre i Aceh-provinsen tsunamien fekk partane til å leggja ned våpna. Dei to forskarane Kristian Stokke og Olle Törnquist har fått fem millionar kroner frå Noregs forskingsråd for å finna ut kvifor utviklinga blei så ulik på dei to stadene.

FEM MILLIONAR: - Me såg at me kunne gjera ei kopling mellom fred og demokratisering, seier Kristian Stokke og Olle Törnquist.
Foto: Ola Sæther

Over 130 000 menneske hadde mista livet i den nordaustlege delen av Sri Lanka og i Aceh-provinsen på Sumatra i Indonesia etter at herjinga til tsunamien var over. FN og hjelpe-organisasjonar frå heile verda strøymde til med naudhjelp til dei som hadde overlevd tragedien. I Aceh-provinsen medverka katastrofen til framgangsrike forhandlingar mellom geriljagruppa GAM og den indonesiske regjeringa. På Sri Lanka hadde geriljaen Tamiltigrane drive med fredsforhandlingar med den srilankiske regjeringa i fleire år, men partane hadde stått steilt imot kvarandre og var nær ein ny krigssituasjon då flodbølgja råka øya.

I Aceh-provinsen førte forhandlingane under den tidlegare finske presidenten Mahti Ahtisaari til at partane kunne skriva under ein fredsavtale i august 2005. Geriljaen la samtidig ned våpna, og partane blei samde om at provinsen skulle få ei form for indre sjølvstyre og at alle usemjer mellom partane skulle avgjerast innanfor ramma for det nye indonesiske demokratiet.

Fem millionar til tsunamiprosjekt

No har dei to forskarane Kristian Stokke frå Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi og Olle Törnquist frå Institutt for statsvitskap fått tildelt fem millionar kroner frå Forskingsrådet til eit tre år langt forskingsprosjekt der dei skal sjå nærare på kvifor koplingane mellom fred og utvikling etter tsunamien blei så ulike i dei to områda.

Kristian Stokke har forska på den politiske utviklinga på Sri Lanka sidan 1998, medan Olle Törnquist har hatt utvikling og demokrati i Indonesia som sitt spesialfelt i over 30 år. Det er dette arbeidet dei no skal byggja vidare på.

- Då tsunamien råka dei to landa, var eg i Indonesias hovudstad Djakarta, medan Kristian Stokke var i Sør-Afrika, der han sat og skreiv om Sri Lanka. Me utveksla ein del e-postar, og me såg at det var viktig å få sett i gang eit komparativt forskingsprosjekt om etterverknadane av tsunamien. Sjølv om eg ikkje er ekspert på Aceh-provinsen, men på Indonesias demokratisering meir generelt, såg eg at eg i lys av dette likevel kunne seia noko om ei sannsynleg utvikling i den provinsen, seier Törnquist.

Han viser til sine eigne studiar av demokratiutviklinga i Indonesia.

- Landet heldt på å innføra eit demokratisk styresystem både nasjonalt og lokalt. Difor kunne eg seia at det ville vera mogleg å overføra konfliktane frå slagmarka til politikken i Aceh-provinsen. Johan Galtung har utforma teoriar om utvikling og fred, men me treng å sjå nærare på når og korleis dei kan foreinast ved hjelp av eit rettsbasert demokrati, understrekar Törnquist.

Kopling mellom fred og demokratisering

- Me såg at me kunne gjera ei kopling mellom fred og demokratisering. På Sri Lanka hadde det eksistert eit demokrati i mange år, men også ein langvarig borgarkrig i den tamilske delen av landet. Men etter tsunami-katastrofen, som råka både singalesarar, muslimar og tamilar, var det samarbeid på tvers av skiljelinjene, men dei blei raskt erstatta av politiske konfliktar rundt handteringa av den internasjonale naudhjelpa, fortel Stokke.

- Tamiltigrane, som har full kontroll over store landområde, krev sjølvstyre og kontroll over utviklingsadministrasjonen i nordaust, men det er uakseptabelt for regjeringa, konstaterer Stokke.

I Aceh-provinsen var situasjonen annleis.

- Der hadde dei mangla både fred og demokrati. Men folk i Aceh hadde vore like konsekvente i kampen mot det nederlandske kolonistyret som resten av Indonesia. Seinare hadde dei opponert mot sentralstyret i Djakarta. Etter katastrofen gjorde inntoget av internasjonale bistandsorganisasjonar at presset for å få til ei fredeleg utvikling i Aceh auka, forklarar Törnquist.

- Samtidig var geriljaen GAM svekka, medan utviklinga mot desentralisering og større lokaldemokrati allereie var godt i gang i Indonesia. Dessutan hadde ei meir pragmatisk regjering kome til makta i Indonesia. Dette letta forhandlingane , men dei var framleis svært elitistiske, fortel Törnquist.

Ulik politisk utvikling

På Sri Lanka var det ikkje like enkelt.

- Der klarte geriljaen og regjeringa til ein viss grad å samarbeida om hjelpeaksjonen, men då dei to partane omsider hadde skrive under på ein samarbeidsavtale om gjennomføring av naudhjelpa, blei avtalen stansa av Høgsterett. Håpet er at dersom dei to stiller seg bak ein avtale, då vil dei også få tilslutnad til den frå dei mest nasjonalistiske partia, trur Stokke.

Og i Indonesia er situasjonen delvis snudd på hovudet i høve til Sri Lanka.

- Indonesia har fått ein president og ei regjering som er mykje mindre nasjonalistisk enn den førre regjeringa og altså meir open for desentralisering og indre sjølvstyre for Aceh sin del. Eliten har alltid hatt tradisjon for å tru at det ville vera mogleg å få til fred gjennom å kjøpa folk til dømes gjennom utviklingshjelp. Men det var likevel ikkje nok med den massive bistanden etter tsunamien. Det var først då den politiske delen av forhandlingane blei løyste gjennom meir demokrati, at fred og utvikling kunne byrja å bli foreina. Det er eit forhold som me også ynskjer å forska på, seier Törnquist.

Internasjonalt samarbeid

Ein sentral del av forskingsprosjektet er å finansiera doktorstipendiat Gyda Marås Sindre, som både talar indonesisk og har skrive ei masteravhandling om vald og demokrati i området. Dei skal også samarbeida med Gadjah Mada University (UGM) og tankesmia til den indonesiske demokratirørsla Demos. På Sri Lanka skal dei samarbeida med Social Scientists`Association og Institutt for politikk ved University of Colombo.

- Ved sida av forskinga vil me medverka i eit eige masterprogram for studentar frå desse universiteta, der me også inkluderer eit opphald på Universitetet i Oslo slik at dei kan studera det me kan om makt og demokrati i både U-land og innanfor den skandinaviske velferdsmodellen, fortel Stokke og Törnquist.

Emneord: Utviklingsland, Statsvitenskap, Utviklingshjelp, Internasjonalisering, Forskning, Indonesia Av Martin Toft
Publisert 31. mars 2006 09:18 - Sist endret 10. des. 2008 14:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere