Indonesias fremste demokratiaktivist myrda

Den indonesiske menneskerettsaktivisten Munir er snikmyrda med arsenikk. Han var ein av dei viktigaste kontaktpersonane til professor Olle Törnquist ved Institutt for statsvitskap. - Eg er både djupt sjokkert og rasande, seier Törnquist til Uniforum.

MYRDA: Munir var Indonesias mest kjente demokratiaktivist før han blei myrda 7. september i år. (Foto: Gabor, Right Livelihood Award )

Det var torsdag 11. november det lak ut at nederlandske legar under obduksjonen hadde funne tolv gonger meir arsenikk i kroppen hans enn det som er normalt. Konklusjonen er at han likevel ikkje døydde av hjarteinfarkt eller leversvikt, men av at nokon hadde forgifta han.

- Dødsfallet skjedde på flyet frå Jakarta til Amsterdam allereie den 7. september, og då kom det i skuggen av bombeattentatet mot Australias ambassade i Jakarta. No kjem dette dødsfallet i eit heilt anna lys, og ein kan undra seg over kvifor det tok så lang tid før resultatet av obduksjonen blei kjent, seier Olle Törnquist.

Ukjende gjerningsmenn

Men kven som stod bak drapet på den 38 år gamle Munir, er det ingen som veit.

- Indonesisk politi er i gang med etterforskinga, men mistanken går mot nokre av dei mange halvprivate militsgruppene i Indonesia. Dei har ofte gode personlege kontaktar innanfor militærvesenet og politiet. Det er ikkje alle i Indonesia som er like glad for menneskeretts- og demokratiarbeidet som han stod bak. Om dei vil bruka like mykje energi på denne etterforskinga som dei tidlegare har brukt på jakta på muslimske terroristar, vil også vera ein god test på det demokratiske sinnelaget til regjeringa til den nyvalde presidenten, general Susilo Yudhoyono, slår han fast.

Samarbeidde nært

Munir samarbeidde nært med Olle Törnquist og dei indonesiske kollegaene hans under gjennomføringa av ei stor intervjuundersøking mellom 800 demokratiaktivistar over heile Indonesia.

- Utan støtta frå Munir og den ikkje-statlege organisasjonen hans, Kontras, hadde det ikkje vore mogleg for oss å driva med dette arbeidet. Sidan han personleg saman med andre organisasjonar opererte som støttespelar for prosjektet og ofte hjelpte oss med å få kontakt med dei personane me var ute etter, fekk han dei også til å svara på dei omfattande spørsmåla våre. Dessutan fekk me stor hjelp frå Munir og folka hans til å utforma aktuelle døme på enkelte spørsmål, seier Törnquist.

Alternativ fredspris

Munir er tildelt den alternative fredsprisen av den svenske organisasjonen Right Livelihood Award. Men han byrja aktivismen sin som ein knivvæpna muslimsk ekstremist. På byrjinga av 1990-talet tok han eit endeleg oppgjer med fortida si.

- Då blei han ein fredeleg forkjempar for demokrati og menneskerettar under Suhartos diktatur. Først byrja han å jobba for den ikkje-statlege organisasjonen, Indonesian Legal Aid Association. Han nekta å sitja inne på kontoret heile tida, og i staden gjekk han ut til folket for å hjelpa dei ute i felten. Bodskapen hans var at dei måtte organisera seg. Først då kunne han hjelpa dei til å hjelpa seg sjølve, fortel Törnquist.

- Dette menneskerettsarbeidet kombinerte han med arbeidet for arbeidarrettar og med bøndene sin kamp for å få tilbake jorda. Dessutan sette han i gang kampanjar mot dei militære og militsgruppene sine overgrep både i Indonesia og på Aust-Timor, seier han. Det var slik han først blei kjent internasjonalt. Eit anna viktig mål for arbeidet til Munir var å omgjera dei ikkje-statlege organisasjonane til demokratiske folkerørsler.

- Difor blei han fascinert av Skandinavia og ville gjerne samarbeida enda meir med oss. Men mordet på Munir gjer at ein kjøleg vind får oss til å hutra også i den tropiske varmen i Indonesia, seier ein sorgfull Olle Törnquist.

Emneord: Menneskerettar, Internasjonalisering, Indonesia Av Martin Toft
Publisert 19. nov. 2004 15:23 - Sist endra 10. des. 2008 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere