Medan USA og Israel slepper bomber over Iran og Iran svarer med å senda rakettar og dronar mot Israel og mot amerikanske basar og oljeinstallasjonar i Golflanda, arbeider Mahmood Amiry-Moghaddan og Iran Human Rights for å skapa dialog mellom iranarar i eksil. Uniforum møter han på professorkontoret på Det medisinske fakultetet ved UiO.
– Nyleg klarte me å samla representantar for 14 ulike grupper, der også vinnaren av Nobels fredspris i 2003 Shirin Ebadi deltok. Då diskuterte me korleis me kunne koma fram til eit minste felles mulitiplum for menneskerettsprinsipp. Og me blei einige om å halda fram med dialogen, fortel Amiry-Moghaddan til Uniforum.
– Når me skal ha dialog, må me snakka med alle
Den konferansen gjekk likevel ikkje heilt upåakta hen. Han fortel at på nettet var mange ute etter dei.
– I ettertid blei me utsette for masse hets på sosiale media, og dei kritiserte oss for at me hadde invitert «separatistar». Det var faktisk ingen separatistar der. Når me skal ha dialog, må me snakka med alle. Uansett enda konferansen med at me tok prinsipiell avstand frå dødsstraff. Det er bra. Mange av dei som deltok, hadde aldri før sete under same tak, fortel han.
Derfor ristar han litt på hovudet når han ser kva debatten handlar om i internasjonale media.
– Når det blir diskutert om den eine skal bli konge eller den andre president, så er det eit heilt anna nivå me har halde oss til. Folk i Iran har levd under eit brutalt diktatur i 47 år, og no ynskjer dei å leva eit normalt liv. Diskusjonen skal derfor ikkje handla om leiaren skal vera utan eller med krone, seier han.
– Det handlar meir om emosjonar enn om politikk
Amiry-Moghaddan har også ein teori om kvifor frontane hos opposisjonen har blitt så harde.

– Det handlar meir om emosjonar enn om politikk. For det er politikk det er snakk om, og derfor må me samtala om det.
Så vender han tilbake til den aktuelle stoda der USA og Israel har gått til krig mot eit Iran som forsvarar seg med alle midlar.
– No er me i ein situasjon der regimet kan falla, men der det ikkje er eit alternativ som har like mykje støtte i heile Iran. Reza Pahlavi (sonen til sjahen) har fått aukande grad av støtte frå folk både utanfor og innanfor Iran, men ikkje blant alle grupperingar. For du har etniske minoritetar og andre grupper som er veldig skeptiske, konstaterer han.
Amiry-Moghaddan er også mellom dei som tvilar på bodskapen frå nokre av dei mest tydelege opposisjonsstemmene.
– Dei seier at etter at regimet har falle skal me ha frie val, og då kan de bestemma det som det vil, men no skal me ikkje snakka med nokon eller tolerera nokre andre stemmer, viser han til.
– Korleis reagerer du på det som har skjedd etter at USA og Israel gjekk til åtak på Iran laurdag 28. februar?
– Me meiner at alle internasjonale handlingar skal ha heimel i folkeretten. Så har me snakka med hundrevis av familiar som har mista sine kjære etter dei brutale massakrane. Folk har ynskt dette. Samanlikna med tolvdagars-krigen i fjor sommar var folk meir delte om den aksjonen. Fleire av dei som var imot den aksjonen, ynskte ein intervensjon etter massakrane rett etter nyttår, peikar han på.
– Dei håpar regimet fell fort og at krigen sluttar fort
Når krigen trekkjer i langdrag, poengerter han, ser folk tydeleg også konsekvensane av krigen.
– Dei ser sivile tap, og folk begynner å kjenna på frykt og uvisse. Me har dagleg, men avgrensa kontakt med folk i Iran. Dei håpar regimet fell fort og at krigen sluttar fort. Dei ser at når basane til Revolusjonsgarden og det religiøse paramilitære politiet Basij er mål, så ligg det mange andre bygningar med vanlege folk rundt dei. Og det er ikkje alle som har høve til å koma seg unna. Me såg den skulen med 165 skulejenter som blei drepne. Ingenting kan rettferdiggjera det. Det er trist, og eg er svært uroleg, seier han til Uniforum.
Sjølv samanliknar han dagens konflikt mellom USA og Israel på den eine sida med Iran på den andre sida, med situasjonen i Irak etter den første Golfkrigen i 1991.
– Tenk om regimet ikkje fell slik som var tilfellet i Irak i 1991. Etter at den krigen slutta, blei jo folk massakrerte av Saddam Hussein, både sjiiamuslimar og kurdarar. Det er også ei uro me har, seier han trist.
– Dei får ikkje mat
Organisasjonen han leier, Iran Human Rights har god kontakt med det sivile samfunnet i Iran. Akkurat no er han bekymra for kva som vil skje med dei politiske fangane i fengsla i Iran.
– Situasjonen der er veldig kritisk. I fleire fengsel er fangane blitt overlatne til seg sjølve. Dei får ikkje mat, heller ikkje noko annan service. Dei sit inne, høyrer eksplosjonar, og dei kan ikkje koma seg ut, er rapportane han og Iran Human Rights får.
Og han er ekstra uroleg for dei mange tusen som blei arresterte etter demonstrasjonane tidlegare i vinter.
– Dei blei haldne i dei uoffisielle varetektssenteret til Revolusjonsgarden og etterretningstenesta som også er mål for krigen no.
– Skulle gjerne sett han bli stilt for retten
– For 16 år sidan arrangerte du og Iran Human Rights ei hending på Universitetsplassen i Oslo der de kåra årets diktator i 2009. Vinnaren blei ayatolla Ali Khamenei som nyleg blei drepen i eit åtak frå USA og Israel. Korleis reagerer du på det?
– Me skulle gjerne ha sett han bli stilt for retten og stå til ansvar for det regimet hans har gjort. Han har hatt absolutt makt i 36 år. I løpet av den perioden er det blitt utført så mange brotsverk at dei kan klassifiserast som brotsverk mot menneskeslekta.
– Og du såg jo kor glade folk blei i Iran. Dei begynte på syngja og dansa, berre fordi rykta om hans død nådde dei.
Les også: Ali Khamenei kåra til årets diktator 2009
– Det ideelle hadde vore ei rettssak der Ali Khamenei måtte ha høyrt på alle dei familiane som hadde mista sine kjære, og blitt utsette for tortur, og der dei kunne ha spurt han om kvifor han gav ordre om det. Me vil ha rettferd. Ein viktig del av det er faktisk den konfrontasjonen, der offer blir høyrde og lidingane deira blir anerkjente og dei tiltalte høyrer på dei. Det trur eg kan bidra til at det ikkje gjentar seg, seier han.
– Reiv ned statuen av leiaren for Revolusjonsgarden
Amiry-Moghaddan kjem frå byen Kerman i den søraustlege delen av Iran, ikkje langt frå grensa mot Afghanistan. Og han har fått nyhende frå den byen.
– For første gong i historia blei byen bomba. Det skjedde aldri i krigen mellom Iran og Irak.Truleg var målet ein av basane til Revolusjonsgarden, seier han og viser til ulike nyhendekjelder.
Også i Kerman blei mange drepne under demonstrasjonane.
– Dei reiv ned statuen av leiaren av Revolusjonsgarden som blei drepen i Bagdad i 2019. Tidlegare har det ikkje vore mange regimekritiske demonstrasjonar i den byen.
– Dette regimet er ved vegs ende
– Kva trur du vil skje i Iran no?
– Spørsmålet er om dette regimet kollapsar, og kven som er på bakken for å overta. Det går ikkje an å bomba seg til eit regimeskifte, så derfor må det vera folk på bakken. Er dei der, finst dei? spør han.
– Eg reknar med at regimet vil gjera alt det kan for å overleva for dei har ikkje noko veg tilbake etter alt dei har gjort. Deira eksistensielle trugsmål kjem innanfrå. For det er folk i Iran som har interesse av å endra regimet. Det heile kjem an på kor godt organisert opposisjonen er på bakken inne i byane. Dette regimet er ved vegs ende, men det kan framleis ta veker eller år.
– Har du håp om å kunna dra tilbake til Iran snart?
– Det er ein draum. Me seier ofte neste iransk nyttår /Nouruz i Iran. No er det 20. mars, men kanskje det kan skje snart. No håpar eg at opposisjonen viser seg moden og vil byggja opp eit annleis Iran der alle iranarar vil føla seg heime og som ein del av det landet.
Les meir om Iran i Uniforum:
Opprør i Iran: - Jeg tror det går mot slutten for dette regimet
NTNU-ansatt: –Titusener av mitt folk er slaktet, så hvorfor skal jeg tie?
UiO-studentar og politikarar aksjonerte saman mot avrettingar i Iran
UiO-professor om Iran: – Folk er ikkje redde lenger
UiO fordømmer de voldelige politiaksjonene mot iranske studenter
Fangeutveksling kan bli redninga for dødsdømt svensk-iransk forskar
Studentar i Iran krev demokrati
Logg inn for å kommentere