Studentar i Iran krev demokrati

Sidan 1999 og fram til juni 2003 var det stadig store studentdemonstrasjonar i Teheran og i andre byar i Iran. Hovudkrava var demokrati, ytringsfridom og frigjeving av politiske fangar, som reformtilhengjaren Hasjem Aghajari. Seinare har studentprotestane stilna. I november var Uniforum innom Universitetet i Teheran for å få eit klarare bilete av kva som hadde skjedd.

DEMOKRATI: Studentane Sefehr og Amir vil ha demokrati i Iran.
Foto: Ola Sæther

Den eldste delen av Universitetet i Teheran ligg i gata Enghelab Avenue i Teheran sentrum. Etter å ha kryssa fem kjørefelt i hovudgata, kjem me fram til hovudporten. Etter å ha sjekka papira våre, slepp portvakten oss forbi.

Det første me legg merke til, er ein enorm open hall. Frå denne hallen blir fredagsbøna, leia av dei fremste politiske og religiøse leiarane, fjernsynsoverført til heile Iran.
Den siste fredagen Uniforum var i landet, var tidlegare president Rafsjanani hovudtalar. Møtet, som var Irans markering av Jerusalem-dagen, samla over 80 000 personar.

Lenger inne på campusområdet passerer me Universitetsbiblioteket, Det historisk-filosofiske fakultetet, delar av Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og ein moské. Som i resten av Iran ber kvinnene skaut på hovudet, men nokon av dei har skautet så langt bak som mogleg, medan andre har skjult kvart einaste hårstrå.

Men det er fem av dei mannlege studentane som først tar kontakt med oss. Dei heiter Ali, Mohammad, Farshad, Sefehr og Amir. Dei studerer eit naturvitskapleg fag og er godt nøgd med studieforholda.

- Manglar demokrati

- Me har mest alt me treng her i Iran, både god utdanning, gode universitet, bilar, gode vegar og forretningar. Likevel manglar me ein svært viktig ting, nemleg demokrati, seier dei i kor. Dei stemte alle på president Mohammad Khatami under dei to siste presidentvala. Under det siste valet fekk han 22 millionar av dei 25 millionar røystene som blei gjevne.

- Problemet er at det ikkje er han som blei valt av folket, som har den reelle makta i Iran. Makta er i hendene på presteskapet. Khatami er ein symbolsk figur utan makt akkurat som dronninga av England og kongen av Noreg. Men i dei to sistnemnde landa er det folkevalde parlament som let den statsministerkandidaten som har flest representantar bak seg danna regjering. Og då har dei også makta, konstaterer Ali. Dei andre nikkar og er hundre prosent samd i synspunktet hans.

- Både folket i Iran og studentane i dette landet vil gjerne ha demokrati, og to gonger har me gått ut på gatene for å krevja det. Det førte til at studentleiarane våre blei arresterte. Akkurat no skjer det difor ingenting, forklarar Sefehr og Amir. Ved fakultetet deira snakkar dei ikkje så mykje om politikk lenger.

- For seks år sidan skjedde det noko svært tragisk her. I samband med studentprotestar blei medstudentane våre både arresterte og hardt skadde av politiet. Det har sett varige spor, og i dag er studentane ved dette fakultetet meir eller mindre passiviserte, fortel Ali.

Dei ser likevel store framsteg når dei samanliknar dagens Iran med korleis Iran var før Mohammad Khatami blei valt til president.

- Det har blitt mykje betre å leva i Iran dei siste sju åra. Mest alle studentane stemte difor på Khatami under det siste presidentvalet, sjølv om ein professor frå Universitetet i Teheran også var mellom dei seks kandidatane, fortel Farshad.

- Jentene jobbar hardast

Om lag 60 prosent av dei 30 000 studentane ved Universitetet i Teheran er jenter. Men på deira studium er over 70 prosent av studentane jenter.

- Det er ei kjensgjerning at det er jentene som jobbar hardast på gymnaset. Dei gjer det også best på den landsomfattande opptaksprøven til universiteta. Dermed dominerer dei også på dei studia som det er vanskelegast å koma inn på, fortel dei fem mennene, som har liten kontakt med dei kvinnelege medstudentane sine.

- Dei studerer mykje hardare enn oss og har knapt tid til å pynta seg. På spøk så seier me at dess flinkare ei jente er, dess mindre pen er ho. Ho vil nemleg ikkje bry seg om utsjånaden sin, berre om å ta ein god eksamen, flirer dei litt usikre.

- Økonomien vinn over tradisjonen

Dei reknar heller ikkje med å bli gifte med det første.
- Om ti år vil me truleg ha vår eiga inntekt. Då kan me flytta frå foreldra våre og saman med den jenta me vil gifta oss med. I dag må både mannen og kona ha jobb for å kunna klara seg økonomisk. Sjølv om mange menn helst skulle sett at kvinna var heime heile dagen, så går ikkje det i praksis. På den måten er den økonomiske røynda i ferd med å vinna over tradisjonen, konkluderer Sefehr og Amir.

- Frankrike betre enn USA

Alle fem snakkar eit svært godt engelsk, men berre Sefehr har budd i utlandet.

- Saman med foreldra mine budde eg fleire år i USA, og då tok me også lengre ferieopphald i Frankrike. Personleg likte eg Frankrike best. Der gjekk folk mykje meir ut og var meir direkte og ærlege med kvarandre enn i USA. I det sistnemnde landet synest eg folk var altfor opptekne av å tena mest mogleg pengar og sitja heime for å sjå fjernsyn, slår han fast.
Alle kan likevel tenkja seg å halda fram med doktorgradsstudiar i Europa eller i USA. Og når Uniforum kjem inn på at Universitetet i Oslo og Universitetet i Teheran skal skriva under på ein samarbeidsavtale som inkluderer studentutveksling og forskingssamarbeid, vil dei gjerne vita korleis dei skal gå fram for å koma inn på eit studium i Noreg.

- Er me konservative?

Dei vil også gjerne vita kva bilete folk i Noreg har av iranarar.

- Synest dei at me er konservative? Kva synest de to etter at det har vore her i fem dagar? spør dei. - Det som er hundre prosent sikkert, er at iranarar både er gjestfrie og svært vennlege overfor utlendingar, svarar me. Dei verkar svært nøgde me svaret.

Me blei kjende med dei under ei fotballturnering, og fire av dei har same favorittlag som Uniforum-journalisten.

- Det er Manchester United som er best, og David Beckham som er favorittspelaren vår.

- Og kva synest de om nordmannen Ole Gunnar Solskjær?

- Grei nok, men ikkje så bra som David Beckham. Den femte av dei er taus under hyllinga av Manchester United.

- Favorittlaget mitt er Real Madrid som kjøpte David Beckham frå Manchester United, smiler han nøgd.

Fakta om Iran og studentleiarane:

- Studentleiaren Ali Afshari blei dømt til eitt års fengsel etter å ha deltatt på ein konferanse i Berlin i 2001. I april 2002 fortalte han at han var blitt tvungen av Revolusjonsgarden til å gi ei falsk tilståing.

"Tilståinga" blei kringkasta på statleg TV i mai 2001 medan han blei avhøyrd i eit militært fengsel der han blei halden i einecelle i mest eitt år. Seinare blei han dømd til enda eitt år i fengsel skulda for brot på injurie- og tryggingslovgjevinga.

- Mange studentleiarar blei utsett for vilkårlege arrestasjonar forkledd som bortføringar i januar og november 2002. Fleire av studentane "forsvann" i mange dagar. Andre blei sette fri for å bli arresterte like etterpå. Nokre studentleiarar stod overfor nye tiltalar, utforma for å forlengja dommane deira.

- Studentaktivisten Manuchehr Mohammadi fekk ei veke med sjukepermisjon i oktober 2002, etter at han i juli same år hadde blitt overført til Qa´emshahr-fengselet, der han hadde blitt mishandla av tenestemenn og andre fangar.

- Studenten Ahmad Batebi som blei fengsla i samband med studenturoa i 1999, fekk ein månad lang permisjon for å besøka heimen sin i august 2002.

(Kjelde: Amnesty International "Iran i årsrapporten 2003")

Emneord: Internasjonalisering, Iran Av Martin Toft
Publisert 19. jan. 2004 09:22 - Sist endra 10. des. 2008 15:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere