Den 16. mai kom det melding frå iranske styresmakter om at den svensk-iranske forskaren og katastrofemedisinaren Ahmadreza Djalali skulle avrettast laurdag 21. mai. Seinare kom det ei kontramelding som gjekk ut på at avrettinga likevel kunne bli utsett, sidan advokatane hans hadde bede om det. To dagar etter avrettingsdagen stadfesta kona Vida Mehrannia at han framleis var i live. Seinare har det vore ganske stille om saka til Ahmadreza Djalali.
– Me har både skrive brev, blogga og engasjert oss
UiO-rektor Svein Stølen er ein av universitetsleiarane som har engasjert seg i saka til den dødsdømte katastrofemedisinaren. Så langt har heller ikkje han høyrt mykje nytt om Ahmadreza Djalali.
– Nei, me har ikkje høyrt så mykje. Men saman med Scholars at Risk har me i lang tid jobba for å påverka dei iranske styresmaktene til å setja han fri og hindra at dødsdommen blir sett i verk. Me har både skrive brev, blogga og engasjert oss. Det blei ikkje noka avretting den 21. mai, og det er me glade for, seier han til Uniforum.
Belgias parlament godkjente fangeutvekslingsavtale med Iran
Belgia har inngått ein fangeutvekslingsavtale med Iran som blei formelt vedtatt av det belgiske parlamentet 20. juli, melder både det franske TV-selskapet France24 og New York Times.
Avtalen går ut på at Iran skal setja fri den belgiske hjelpearbeidaren Olivier Vandecasteele, som blei arrestert i februar i år skulda for spionasje. Han har tidlegare jobba for den norske Flyktninghjelpen, men var sist engasjert i Relief International, ifylge The Brussel Times . Samtidig skal Belgia setja fri den iranske diplomaten Assadollah Assadi, som i fjor blei dømt til 20 års fengsel for å ha planlagt eit bombeattentat mot den iranske motstandsrørsla Mujahedeen-e-Khalq i Paris i 2018.
Mogleg håp for Ahmadreza Djalali
Svein Stølen finn det interessant at belgiske styresmakter tilsynelatande har inngått ein spesiell avtale med dei iranske styresmaktene.
– Det som har vore diskutert i internasjonal presse, er at iranske styresmakter har underteikna ein fangeutvekslingsavtale med Belgia som nokre tenkjer også kan brukast til å få Djalali ut av Iran, fortel han. Både i det svenske Läkartidningen og i The Brussel Times er det uttrykt håp om at avtalen mellom Belgia og Iran også kan føra til at Ahmadreza Djalali kan bli sett fri. Den svensk-iranske katastrofemedisinaren frå Karolinska Institutet var også gjesteforskar ved eit belgisk universitet.
– Etisk problematisk
Svein Stølen ser at ein slik avtale kan ha mange vanskelege sider.
– På ein måte kan me tenkja at det er positivt, men det er også svært tankefullt om ein skal gi amnesti til krigsforbrytarar eller terroristar som skal sendast ut av Belgia og til Iran. Å kopla Djalali til ein slik avtale er etisk problematisk. I motsetning til ein terrordømt iransk diplomat, har ikkje Djalali fått ein rettferdig rettargang. Sånn sett er ikkje dette ein enkel situasjon. Me tykkjer sjølvsagt det er flott for han og familien hans om han blir sendt heim i igjen, men det ber med seg nokre utfordringar, synest UiO-rektoren.
– Men det viktigaste er vel kanskje å redda livet hans?
– Her blir me sitjande i etiske dilemma ganske fort. Det er veldig viktig å redda liv, samtidig som det blir mange implikasjonar om me skal gjennomføra dette i mange tilfelle. Korleis skal me då gå fram overfor land med terrorsystem om me lagar dette som ein generell mekanisme?. Ja, det hadde vore fint om me fekk det til, men det knyter seg samtidig mange etiske problem til det, konstaterer han.
Sverige dømde iranar til livstid
Den 14. juli i år blei den iranske statsborgaren Hamid Nouri (61) dømt til fengsel på livstid i Sverige for å ha spelt ei aktiv rolle under avrettingane av mange tusen tilhengjarar av opposisjonsrørsla Mojahedeen-e-Khalq i 1988, melder både Stockholms tingrätt i ei pressemelding, Dagsavisen og Bistandsaktuelt. Dei var skulda for å ha støtta Irak i krigen mot Iran, og ordren kom frå ayatollah Khomenei.
Dei iranske styresmaktene har protestert mot dommen. Og talsmann for det iranske utanriksdepartementet Nasser Kanaan meiner saka er grunnlaus og har politiske motiv.
– Ahmadreza Djalali bør setjast fri her og no
Også dei svenske styresmaktene har vore på bana og prøvd seg på fangeutveksling. Allereie i mai kom dei med ein førespurnad til iranske styresmakter om å utlevera Hamid Nouri til Iran i byte mot den svensk-iranske forskaren Ahmadreza Djalali, ifylgje NRK Nyheter.
– Det var eit forslag om ei fangeutveksling frå svensk side, men det aksepterte ikkje dei iranske styresmaktene, seier Svein Stølen.
– Det viktige for oss er å vera tydelege på at det er uakseptabelt at forskarar blir angripne for arbeidet i internasjonalt forskingssamarbeid. Det me ser i heile verda, er at dei blir arresterte utan rettferdig rettssak med høve til å anka, slik Scholars at Risk rapporterer om kvart år. Me meiner at Ahmadreza Djalali bør setjast fri her og no utan at det blir sett opp nokre vilkår for det frå iransk side.
– Er det noko tilsette på UO kan gjera for å engasjera seg i denne saka?
– Det er veldig fint når folk er tydelege, og det har vore fleire tydelege røyster på Universitetet i Oslo. Me må passa på at me ikkje blir likegyldige, så engasjement for Djalali er veldig flott og viktig. Så trur eg dette arbeidet må gå føre seg på mange plan, og me skal gjera vårt, sjølvsagt, lovar han.
• Les meir om Ahmadreza Djalali i Uniforum:
Svensk-iransk forskar er i live - advokat krev ny rettargang
Svensk-iransk forskar kan bli avretta i Iran den 21. mai - men datoen kan også bli utsett
Dødsdømt svensk-iransk akademikar får pris frå Scholars at Risk
Slår alarm om dødsdømt akademiker i Iran
LEIAR: Noreg må protestera mot Iran for å hindra avretting av Ahmadreza Djalali
UiO-rektor ber Iran stansa planen om å avretta Ahmadreza Djalali
Dødsdømt forsker får innvilget svensk statsborgerskap
Dødsdommen er et angrep på fri forskning
Logg inn for å kommentere